Solbakken (Bykle gnr 13/13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solbakken
Mosdøl 43.jpg
Bnr 13 Solbakken og bnr 27 Soltun 7.2.2006.
Foto: Aa. Olsnes
Rydda: 1965
Utskilt: 1964
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 13
Bnr: 13
Type: Bustadeigedom

Hustufta Solbakken, som ligg på jordet sudvest for tunet i Lunden i Bykle kommune vart utskilt frå Evre Mosdøl, bnr 3, i 1964. Seljaren var Knut O. Mosdøl, og kauparen var Ånund, den yngste bror hans. Ånund flutte inn i det huset han bygde seg her i 1965.

Anne Gerd Mosdøl. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Ånund O. Mosdøl, f 1928
g m Anne Gerd Haugen, f 1938. Born:
  • Solveig Oline, f 1959, ekspeditør, g 1978 m Walter Gunnar Hanssen, Saltdal, f 1956, busett Evensgård, Røkland, Saltdal, born:
  • Ann Tove, f 1978
  • Vigdis, f 1980
  • Tor Ånund, f 1985
  • Geir Omar, f 1962, snikkar., g 1982 m Magnhild Nylend, sjå Soltun, gnr 13, bnr 27

Anne Gerd kjem frå Evje. Foreldra hennes heitte Olga Sofie og Gunnar Haugen.

Ånund har m.a. køyrt laste- og brøytebil og arbeidd på anlegg. Anne Gerd har vore sekretær i Bykle kommune.


0941 Bykle komm.png Solbakken (Bykle gnr 13/13) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Systog • Neste bolk: Lundevoll