Lunden (Bykle gnr 13/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lunden
Mosdøl 12.jpg
Tunet i Neire Mosdøl i den tida då Lunden og Berget hadde sams våningshus. Mannen ved loptsnova Hallvard Mosdøl, kvinna på trappa er ikkje identifisert. I høgre biletkant ser ein noko av det berget som har gjeve namn til bruket. Biletet vart teke av August Abrahamson ein gong i tida frå 1900 til 1910. Frå samlinga ved Setesdalsmuseet.
Alt. namn: Lunden Mosdøl
Rydda: omkr. 1660
Utskilt: omkr. 1660
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 13
Bnr: 1
Type: Gardsbruk

Lunden er det vestlegare av dei to nedre bruka på Mosdøl i Bykle kommune.

Den fyrste oppsitjaren me har funne her er Mikkel Knutsson, som me også har nemnt ovanfor, i bolken om det udela, nedre bruket. Me har ikkje sett nokonstad skrive at han var son åt Knut Gunnarsson Nesland, men me torer likevel rekne med at han var det, for då ervingane etter den ugifte Vetle Gunnarsson i 1726 selde Sygard Nesland til Knut Åvoldsson Gjerden, var Mikkel ein av seljarane, og i 1732 var det ein Knut Olavsson Nesland som «paa egne og sin Fader Ole Knudsens Vegne lyste sin Pengemangel og Odel for 3 Kalveskind udj Mosdøl, som hans Fader- broder Mikkel Knudsen bruger».

Når det gjeld fødselsåret til Mikkel, lyt me gjeva det opp med god slingsringsmon, for me har tre ulike aldersoppgåver om han, ei frå kyrkjeboka ved dødsfallet hans i 1774, og to frå manntal frå 1712 og 1718. Desse peikar mot fødselsår frå ca 1682 til ca 1691.

  • Mikkel Knutsson Mosdøl, f 1682-91, d 1774
g ca 1713 m Birgit Torleivsdtr. Byklum, n m a 1762. Born:
  • Åse, f 1714, d 1731
  • Ingebjørg, f 1717, g ca 1750 m Olav Larsson, sjå Bratteland, gnr 9
  • Tarjei (e.), f 1720, g 1751 m Torbjørg Bjørgulvsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Knut, f 1725, g 1761 m Hæge Åsmundsdtr. Berdalen, sjå Maurlii, gnr 3, bnr 18
  • Tarjei, (y.), f 1730, g 1760 m Åse Eivindsdtr. Stavenes, sjå Berget Mosdøl, bnr 2
  • Gunhild, f 1733, g 1755 m Tarjei Åsmundsson Berdalen, sjå Berdalen Der nede, bnr 1
  • Olav, f ca 1726, g 1760 m Guro Knutsdtr. Vatnedalen, sjå Ørnefjødd.

Birgit Torleivsdotter var frå Innistog Byklum. Ho var dotter åt Torleiv Olavsson på det bruket og kona, Åshild Olavsdotter.

Mikkel budde her, og bruka eigedomen, frå 1713. Dei fyrste 14-15 åra har han vore bruksmann, for eigaren då var etter alt å døme Søren Aslaksson i Berget, som åtte 1/2 hud, dvs. båe bruka, til 1726. Men det året laut Søren pantsetje eigedomen, og dinest vart halvparten, dvs bruket her, kaupt av Olav Knutsson Gravir i Fyresdal og Olav Knutsson Kvålo i Lårdal. Me tvilar på om desse hadde kome inn i biletet om dei ikkje hadde hatt odel, og difor har me, i avsnittet om Knut Gunnarsson i bolken om Neire Mosdøl, gjete på at dei var dei eldre brørne åt Mikkel. Dei to Olav-ane overdrog i 1728 bruket til han. Me var ovanfor også inne på at ein brorson som heitte Knut Olavsson var frampå med ei odelslysing i 1732. Men det vart aldri til at denne Knut-en, som truleg var son åt ein av dei to utflutte Olav-ane, gjorde alvor av å gå til søksmål, så Mikkel vart sitjande med eigedomen.

Ei tid tykkjest det likevel å ha halde hardt for han, for i 1739 tok rådmann Ole Mørck i Kristiansand «Udleg med Aasæde» i bruket for gjeld, og hadde dermed skaffa seg lovleg høve til å hive ut oppsitjaren og setje inn ein ny. Dette vart likevel ikkje noko av, så Mikkel må ha greidd å innfri gjelda si. I 1752 var han lagrettemann, og framleis busett i Mosdøl. Me kan også konstatere at han er fråverande på ei liste over «Raadmand Mørcks Debitorer i Bykle» frå 1759. Kort etter at denne lista vart innskrive i tingboka kunne han då taka foddog, og levere garden til neste generasjon utan at det fylgde kaupmannsgjeld med. Eldstesonen vart neste oppsitjar:

  • Tarjei Mikkelsson Mosdøl (e.), f 1720, d 1787
g 1751 m Torbjørg Bjørgulvsdtr. Breive, f 1730, d 1787. Born:
  • Bjørgulv, f 1752, d 1752
  • Mikkel, f 1756, g 1. 1784 m Birgit Tarjeisdtr. Berdalen, g 2.1790 m Gunhild Torleivsdtr. Bjørnarå, g 3. 1797 m Borghild Jonsdtr. Ryningen, sjå nedanfor
  • Åse, f 1759, d 1759
  • Olav, f 1761, d 1782
  • Jorunn f 1765, g 1789 m Såve Pålsson Stavenes, sjå Stavenes Teigen, gnr 16, bnr 1
  • Knut, f 1768, g 1789 m Gro Snæresdtr. Ryningen, sjå Utistog Byklum, gnr 14, bnr 2
  • Birgit, f 1773, g 1794 m Tarjei Knutsson Maurlii, sjå Bjones, gnr 16, bnr 8

Torbjørg Bjørgulvsdotter kom frå Breive Der inne. Ho var dotter åt Bjørgulv Alvsson på det bruket og kona, Borghild Knutsdotter.

Mikkel Tarjeisson sto for tur til å taka over, då han gifte seg i 1784. Men faren tykte nok det var for tidleg å lata ifrå seg, så Mikkel og kona hans flutte åt Berdalen, der ho var ifrå.

  • Mikkel Tarjeisson Mosdøl, f 1756, d 1814
g 1. 1784 m Birgit Tarjeisdtr. Berdalen, f 1757, d 1787. Born:
  • Åse, f 1786, d 1786
  • Olav, f 1787, g 1812 m e Anne Sigurdsdtr. Mosdøl, sjå nedanfor
g 2. 1790 m Gunhild Torleivsdtr. Bjørnarå, f 1754, d 1795, ikkje born.
g 3. 1797 m Birgit Jonsdtr. Ryningen (Vatnedalen), f 1761, d 1799. Born:
  • Tarjei, f 1798, d 1798
  • Tarjei, f 1799, g 1833 m Ingebjørg Taraldsdtr. Byklum, sjå Torsbu Byklum, gnr 13, bnr 4

Som nemnt fekk ikkje Mikkel overtaka heimebruket då han gifte seg. Han og Birgit, fyrste kona hans, budde hjå foreldra hennes, Tarjei Åsmundsson og Gunhild Mikkelsdotter, i Der nede i Berdalen. Gunhild Mikkelsdotter var farsyster åt Mikkel, så han og Birgit var altså syskenborn. Etter at far hennes døydde i 1765, overtok dei bruket hans i Berdalen, og budde der då dei døypte sonen Olav i januar 1787, og framleis då Birgit døydde, midtsumars same året. Omlag samstundes døydde mor åt Mikkel, og utpå hausten for liksåvel far hans. Han tok då med seg sonen, flutte heim til Lunden, og overtok.

I den gamle gards- og ættesoga (180) les me at Mikkel overtok Hagen i Berdalen etter Vrål Gunsteinsson, men det er altså gale. Som nemnt budde Mikkel i Der nede, ikkje i Hagen.

Som ein ser ovanfor døydde Birgit i 1787. I 1790 gifte Mikkel seg omatt med Gunhild Torleivsdotter frå Bjørnarå Der heime. Ho var dotter åt Torleiv Tarjeisson på det bruket og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Løyland. Det nye ekteskapet åt Mikkel vart barnlaust, og Gunhild livde berre 5 år etter brudlaupet.

Eit par år etter at ho var i jorda gifte Mikkel seg tredje venda. Ho som vart kona hans denne gongen heitte Birgit Jonsdotter. Då ho gifte seg vart ho innskrive i kyrkjeboka med etternamnet Ryningen, men det var nok berre avdi ho då heldt til hjå besteforeldra sine, som på den tid framleis budde på det bruket. Dei heitte Åvold Jonsson Nesland og Hæge Kjetilsdotter (jfr. Neire Dysje, gnr 8, bnr 2, sjå også Ryningen, gnr 11, bnr 4). Foreldra åt Birgit budde i Der sø i Vatnedalen, og heitte Jon Åvoldsson Nesland og Tore Bjørgulvsdotter.

Også det tredje ekteskapet åt Mikkel vart stutt, for Birgit vart gravlagd alt i 1799, same dagen som Tarjei, son hennes, vart boren til dåpen. Han var då «nogle uger gammel», fortel kyrkjeboka, og me veit at han kom til å liva opp, men det må likevel vera rimeleg å setje moras død i samband med barselet.

Omlag på denne tida fekk Mikkel kaupe Torsbu Byklum (gnr 13, bnr 4). Tilliks med Lunden sto også det bruket i ei landskyld på 3 kalveskinn, men ein ideell part på 1/2 skinn høyrde til Valle sokneprestembete. Me tvilar på om det kan vera vera rett, det som står i den gamle gards- og ættesoga (118), at Mikkel kaupte denne eigedomen av ervingane etter Olav Ånundsson Mosdøl, som drukna i 1784. Nå har me ikkje funne tinglysing av kaupet hans, og veit då korkje seljaren, det nøyaktige tidspunktet eller prisen, men når det gjeld tidspunktet har me likevel ein indikasjon i skiftet etter Birgit frå 1799. For i dette skiftet er eigedomen i Byklum ikkje med, så Mikkel kan ikkje ha skaffa seg hand om det bruket medan ho livde. Derimot er han oppførd som eigar i skattematrikkelen frå 1800, som vart skriven utpå hausten det året. Då kan me altså slå fast at det gjekk minst 15 år frå Olav døydde og til Mikkel overtok. At enka etter Olav skulle ha halde fast på eigedomen lenge etter at ho hadde gift seg på nytt og flutt ifrå, virkar lite truleg, så helst har det kome andre eigarar i mellem.

Utover det som gjeld fast eigedom, er skiftet etter Birgit lite opplysande, men i minsto vart bunadssylvet hennes registrert. Ho hadde ått 1 bolesylje, 2 lauvsyljer, 1 «sendesylje» (?), 1 filigransring og 2 mindre syljer, til eit samla verde på 13 1/2 riksdalar, står det.

Då Mikkel døydde i 1814 hadde han gardsbruk å etterlata til båe sønene. Yngstesonen Tarjei, som berre var 17 år, fekk bruket i Byklum, medan eldstesonen overtok eigedomen her.

  • Olav Mikkelsson Mosdøl, f 1787, d 1850
g 1812 m e Anne Sigurdsdtr. Mosdøl, f 1787, d fyre 1850. Born:
  • Mikkel, f 1812, g 1840 m Jorunn Tarjeisdtr. Bjones, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1814, d 1834, ug
  • Margit, f 1816, d 1837, ug
  • Ånund, f 1821, g 1847 m Eli Olavsdtr. Holen, sjå Holenplasset
  • Sigurd, d 1824, d Valle 1886, ug legdslem, sjå nedanfor
  • Bjørn, f 1828, d 1829
  • Gunhild, f 1830, g 1865 m Knut Bjørnsson Hoftuft, sjå Valle V, 389

Fyre Olav gifte seg hadde han i 1809 fått dottera Gunhild. Mora heitte Gyro Olsdotter, og var i fylgje Vallesoga dotter åt Olav Torleivsson Breive i Heimigard Røysland, bnr 7, og kona, Torbjørg Tarjeisdotter, fødd Røysland. Korleis det sidan gjekk med Gyro, eller kor lenge ho livde, veit me ikkje, men Gunhild Olavsdotter vaks opp hjå morforeldra i Røysland. Ho gifte seg i 1831 med Såve Ormsson Nigard Røysland, men døydde alt i 1834 (jfr Valle VI, 516, 523).

Anne Sigurdsdotter, som Olav Mikkelsson gifte seg med i 1812, var frå Berget, og dotter åt Sigurd Bjørnsson Skinnarland på det bruket og, kona, Margit Drengsdotter. Då ho gifte seg med Olav Mikkelsson var ho enke etter Ånund Tallaksson Byklum, som døydde i 1809. Me har ikkje funne ut kva tid Anne døydde, men Olav var enkemann då han døydde i 1850.

Olav fekk problem med å greie seg på bruket sitt, og i 1837 laut han selje og flytje ifrå. Prisen vart 697 speciedalar. Kauparen var Hallvard Ånundsson Tveiten, som kort etter kaupet flutte hit. Han åtte også Berget, som han hadde kaupt på auksjon for 352 speciar i 1830. Kvar Olav og folket hans gjorde av seg i tida etter salet, har me ikkje funne ut, men dei var truleg busetar fleire stader. Olav døydde som legdslem einkvarstad på Nesland.

Sigurd, son hans, var i 1865 ugift, og budde då ilag med ei enke i Nigard Røysland som heitte Ingebjørg Tarjeisdotter (jfr Valle V, 327). Då han vart gravlagd frå Røysland i 1886 var han legdslem.

Mikkel, bror åt Sigurd, var busete eller bruksmann fleire stader, men då me ikkje veit kva for bruk han heldt til på, set me han opp her.

  • Mikkel Olavsson Mosdøl, f 1817, d fyre 1851
g 1840 m Jorunn Tarjeisdtr. Bjones, f 1808, g 2. 1851 m Borgar Torjusson Hovet, til Amerika 1861, sjå nedanfor. Born:
  • Olav, f 1841, konf Hylestad 1856, til Amerika 1861
  • Tarjei, f 1842, konf Hylestad, 1858, til Amerika 1861

Jorunn Tarjeisdotter var fødd i Maurlii, som dotter åt Tarjei Knutsson på den plassen og kona, Birgit Tarjeisdotter, fødd Mosdøl, men då ho gifte seg, budde foreldra i Bjones, så ho vart oppskrive med det namnet ved vigjinga.

Då sønene vart fødde, budde Mikkel og Jorunn einkvarstad i Byklum, men sidan var dei nok innom i Stavenes eit bil. Grunnen til at me trur dette er at sønene vart oppskrivne med etternamn Stavenes då dei vart konfirmerte i Hylestad i 1856 og 1858. At dei vart konfirmerte der, kjem av at Jorunn hadde flutt til den bygda, der ho i 1851 gifte seg omatt med enkemannen Borgar Torjusson Hovet. Ettersom ho var enke då, må Mikkel ha vore død fyre 1851, skjønar me, men me har ikkje funne gravferda hans i kyrkjeboka, så kanskje hadde han flutt or bygda med huslyden sin fyrr han døydde. Jorunn vart enke andre venda i 1855. I 1861 tok ho med seg dei to sønene og reiste til Amerika (jfr Valle, I, 366).

Me har ikkje greidd å identifisere korkje Olav eller Tarjei sikkert i amerikanske folketeljingar. Rett nok fanst det i 1880 ikkje så få i Minnesota som heitte Ole Michelson, Mickelson og liknande, men ingen av desse tykkjest ha vore i nokonlunde høveleg alder. I folketeljinga frå 1870 er registrert at ein ungkar Thomas Mickelson, fødd i Noreg i 1842, budde i Burbank Township, Monongalia County, Minnesota. Det er mogeleg at dette kan vera Tarjei Mikkelsson frå Bykle, ettersom me har funne fleire døme på at Tarjei-ar vart oppskrivne som Thomas, men denne identifikasjonen er då sjølvsagt alt anna enn sikker.

Så langt kome kan me vende merksemda mot den nye eigaren og etterkomarane hans på bruket. Som me var inne på ovanfor budde Hallvard Ånundsson Tveiten og familien hans her etter at Hallvard kaupte eigedomen i 1837. Hallvard og Ingebjørg Drengsdotter, kona hans, var husbondsfolk her til dei i 1855 heldt friviljug skifte og dela eignelutene sine mellom borna. Som foddogsfolk budde dei tidvis her, og tidvis sjå eldstesonen i Heimtveiti. Dreng, yngstesonen, hadde fått skøyte på dei to Mosdøl-bruka i 1853, og budde her. Då han overtok, vart Lunden og Berget samanslegne til eitt bruk i matrikkelen.

Dette biletet av Dreng Hallvardsson er vel teke på 1890-talet. Frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
Stoga i Neire Mosdøl i 1910. Mannen på biletet er Hallvard Drengsson, og i karjolen sit døtrene Gunhild og Jorunn bak og tenestejenta Åse Moen framme. Elles bit ein merke i telefonstolpen til høgre på biletet, som viser at det alt på dette tidspunktet hadde kome telefon til bygda. Eit skilt over inngangsdøra, som knapt er synleg i biletattgjevinga her, har då også teksten: «Telefonstation – Rigstelefon». Foto: Ferdinand Køhn, 1910, hit frå Ingebjørg Vegestog.

Det kan diskuterast om det høver best å omtale Dreng under Berget eller Lunden. Lengste tida budde han i ei gamal stoge som sto på Bergshaugen, men det huset brann, i fylgje familietradisjonen, opp i 1878. Deretter bygde Dreng ei ny, stor stoge, og denne sto midt i delet mellom Berget og Lunden. På denne bakgrunnen har me, for så vidt vilkårleg, valt å setje opp han og familien hans på bruket her.

  • Dreng Hallvardsson Tveiten, f 1830, d 1906
g 1854 m Gunhild Taraldsdtr. Mosdøl f 1832, d 1896. Born:
  • Hallvard, f 1854, g 1886 m Torbjørg Åsmundsdtr. Tveiten, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1856, g 1875 m Olav Knutsson Nesland, til Amerika 1900, sjå Vodden Nesland, bnr 1.
  • Ingebjørg, f 1857, g 1.1882 m Jon Drengsson Byklum, g 2. 1900 m Pål Auversson Gjerden, sjå Bjones.
  • Tarald, f 1859, g 1884 m Torbjørg Olavsdtr. Byklum, sjå Utistog Byklum, gnr 14, bnr 2
  • Gunvor, f 1861, g 1907 m Olav Torleivsson Gjerden, sjå Kultran Byklum, gnr 14, bnr 8
  • Tore, f 1864, d 1869
  • Tone, f 1865, g 1895 m Ånund Gunnarsson Tveiten, sjå Heimtveiti, gnr 11, bnr 1.
  • Torleiv, f 1868, g 1895 m Jorunn Torleivsdtr. Gjerden, sjå Berget Mosdøl, bnr 2
  • Tore, f 1872, g Kristiansand 26.4. 1900 m Olav Andresson Byklum, utfl. til Amerika 27.4. 1900, sjå nedanfor
  • Jorunn, f 1874, d 1876
  • Ånund, f 1878, d 1904 under utreise til Amerika, sjå nedanfor

Gunhild Taraldsdotter kom frå Evre Mosdøl, bnr 3, og var dotter åt Tarald Olavsson på det bruket og kona, Ingebjørg Ånundsdotter, fødd Trydal.

folketeljinga for 1865 vart oppteke, sat ho og Dreng med 1 hest, 14 storfe, 30 sauer og lam og 17 geiter og kje. Sånaden på bruket var 4 1/2 tunner bygg og 6 tunner jordeple. Ti år seinare var stoda i hovudsak den same: 1 hest, 13 storfe, 29 sauer og lam, 18 geiter og kje. Av bygg sådde dei i 1875 3 1/2 tunner, av jordeple 7 tunner.

Dreng og Gunhild dreiv garden til i 1889. Då sytte dei for at eigedomen vart kløyvd opp i to bruk på nytt lag, tok foddog og skøytte dei to bruka over på dei to eldste sønene.

Torleiv Drengsson overtok Berget. Hallvard, som var den eldste, overtok bruket her. Både jorda og husa vart dela, og av våningshuset fekk dei to brørne kvar sin del, slik at Torleiv hadde den austre stoga, medan Hallvard hadde den vestre. Delelina mellom dei to bruka gjekk midt i dørhella, slik at kvar av dei to brørne også åtte halve gangen.

Det finst fleire fotografi av Lunden-tunet frå kring 1910 som m.a. viser det huset som vart dela i 1889. Bileta tyder på at dette huset vart oppsett i eitt byggjestig, noko som stemmer bra med den familietradisjonen me var inne på ovanfor, om at det brann opp ei stor, gamal stoge i Berget i 1878, og at det vart bygt nytt våningshus som delvis sto i Berget og delvis i Lunden eitt år eller to seinare. Men denne bygningen, som ein framleis kan studere halvparten av i Berget, er ikkje eit typisk 1870- eller 1880-tals hus, dei svære, magetelgde veggene tyder helst på at det er ein god del eldre. Å seia noko sikkert om dette er vanskeleg, men me tykkjer det må opnast for at Dreng Hallvardsson i 1878 eller 1879 kan ha fått tak i ei eldre tømre einkvarstad, som han har sett opp til nytt våningshus her. Me kjem attende til dette spursmålet, og sjølvsagt også til Torleiv Drengsson, i avsnittet om Berget.

Tore Drengsdotter ville gifte seg med Olav Andresson Byklum frå Hagen (gnr 14, bnr 24), men han var ikkje god nok for far hennes, og difor reiste ho til Amerika med han. Dei gifte seg i Kristiansand dagen fyre amerikabåten la til havs med dei. I Amerika budde dei fyrste tida hjå Hallvard Ånundsson Tveiten, bestefarbror hennes, i Grafton Township, Walsh County, Nord-Dakota. I den amerikanske folketeljinga frå 1910 finn me dei att på ein farm i nærleiken av Grygla, adressa var Benville Township, Beltrami County, Minnesota. Dei hadde då borna Annie (10 år); Dreng (7); Andrew (3) og Betsy (1).

Men lat oss nå vende oss mot bror åt Tore og huslyden hans:

Torleiv Drengsson Mosdøl og systera Gunvor med borna til Torleiv og Hallvard. Bak står Gunhild og Jorunn Hallvardsdøter. Torleiv har Ingjerd i fanget, medan Gunvor sit med Gunhild, og mellom dei står Dreng Torleivsson. Dreng var fødd i 1896. Om me seier at han var 6-7 åt på biletet, er det vel teke omlag 1902-1903. Hit frå Ingebjørg Vegestog.
Ånund Drengsson Mosdøl (1878-1904) hadde 2 systrer, Birgit og Tore, i USA. Det er vel truleg at det var ei av dei som skaffa han amerikabillett. I allfall viser emigrantprotollen at han reiste med «prepaid ticket», dvs. ein billett som var betala frå USA. Den dagen han reiste skreiv han dei fylgjande linene under loket på ei kiste i Lunden: «Aanund Drengson Mosdøl, Fød 3 okt. 1878. O Gud at de dager var gått at eg fekk kome igjen. Skriva den 21. juni 1904. Gud velsigne eder alle sammen. Gud hjelpe meg til på min vandring». Det er godt mogeleg å tolke denne innskrifta som eit vitnemål om at han grua seg for å reise. Det var det i så fall god grunn til, for 8 dagar etter at han la pennen ifrå seg, altså den 29 juni, gjekk det skipet han reiste med ned utanfor Rockall, og Ånund var mellom dei mange som omkom. Biletet her er teke hjå ein fotograf i Kristiansand dagen fyre skipet la ut.
  • Hallvard Drengsson Mosdøl, f 1854, d 1921
g 1886 m Torbjørg Åsmundsdtr. Tveiten, f 1868, d 1890. Born:
  • Gunhild, f 1888 g 1911 m Olav Knutsson Stavenes, sjå nedanfor
  • Jorunn, f 1890, g 1910 m Bjørgulv Knutsson Stavenes, sjå Systog Stavenes, gnr 16, bnr 6

Hallvard Drengsson dreiv mange år som kreturhandlar. Han kaupte opp kalvar og lam om våren, hadde dei på beite om sumaren, og var nedetter til Kristiansand med drifter om hausten. I 1877 prøva han seg også med landhandel i Lunden, men tykte nok ikkje han fekk det til å løne seg skikkeleg, og slutta ut krambua etter eitt år. Men kreturhandelen heldt han fram med, også etter at han hadde gift seg og overteke garden.

Torbjørg Åsmundsdotter, kona åt Hallvard, var frå Ryningen, dotter åt Åsmund Pålsson Byklum på det bruket og kona, Jorunn Drengsdotter. Ho døydde straks etter at ho hadde fått den andre dottera.

Hallvard sat sidan kjeringlaus på garden. Til hjelp hadde han lenge dei ugifte syskena. Men Tore Drengsdotter gifte seg som nemnt og reiste til Amerika i 1900, og Gunvor gifte seg i 1907.

Broren Ånund hadde overteke Kultran i 1888, men tykkjest ikkje ha budd på det bruket, anna berre leigd bort jorda til grannar. Utpå 1890-talet budde han i Kosi ei tid, men i 1899 selde han det bruket til Jon Knutsson Byklum, og flutte då sjølv attende til broren i Lunden. I 1904 tok han ut til Amerika, men den 29. juni det året gjekk det danske emigrantskipet DS «Norge» ned utanfor Rockall, 629 menneske drukna, og mellom desse var Ånund Drengsson Mosdøl. Norge-forliset var den største ulukka i den nordatlantiske skipsfarten inntil Titanic i 1912 (jfr. Vea, E., J. Schreiner og J. Seland: Den norske amerikalinje, 1960, 58).

Døtrene åt Hallvard gifte seg i 1910 og 1911 med to brør frå Nordstog Stavenes. Eldstedottera og mannen hennes tok over bruket her. Dei fekk skøyte i 1918.

Olav K. Stavenes og Gunhild H. Mosdøl med Hallvard og Margit. Bilete frå 1913 i samlinga til Tore K. Mosdøl.
Olav og Gunhild i Lunden med alle borna ca 1939. Bak frå venstre: Margit og Hallvard, Sigrid og og Store-Knut, Gunvor og Lisle-Knut, Torbjørg og Dreng. Ånund mellom foreldra. Bilete frå samlinga etter Knut T. Hovden i Setesdalsmuseet.
g 1911 m Olav Knutsson Stavenes, f 1888, d 1973. Born:
  • Hallvard, f 1911, d 1999, gbr. og kyrkjetenar, g 1936 m Ingebjørg Torsdtr. Trydal, sjå Byklum Kultran, gnr 14, bnr 8
  • Margit, f 1913, d 1989, husmor, g m Ingvald Tønnesen, busett Flekkefjord, born:
  • Gunhild Karine, f 1942, g m Tygo Reinertsen, busett Flekkefjord
  • Inger Marie, f 1946, ug., busett Trondheim
  • Tor Olav, f 1954, g hv m Carmen Skarpenes, busett Flekkefjord
  • Gunvor, f 1916, husmor, g m Magne Eie, Flekkefjord, busett Flekkefjord, ikkje born
  • Knut (e.), f 1918, g 1947 m Ingebjørg Sigbjørnsdtr. Åsheim, sjå nedanfor
  • Knut (y.), f 1919, g 1947 m Tore Knutsdtr. Lyngtveit, sjå Mosdøl, bnr 3
  • Dreng, f 1921, d 2004, bussjåfør, g m Torbjørg Tarjeisdotter Tveiten, f 1924, busett Byglandsfjord, born:
  • Gudrun, f 1950, g m Kai Roald Galteland, busett Evje
  • Gerd, f 1954, ug, busett Byglandsfjord
  • Torhild, f 1959, g m Ove Myklebust, Dale i Sunnfjord, busett Dale i Sunnfjord
  • Rolf, f 1957, g m Aslaug Veirud, , busett Bø
  • Ånund, f 1924, d 1926
  • Ånund, f 1928, g m Anne Gerd Haugen, Evje, sjå Solbakken, bnr 13

Olav Knutsson var son åt Knut Knutsson Breive i Nordstog Stavenes og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hovden.

Gunhild var jordmor, og gjorde i mange år ein stor innsats i det yrket. Olav hadde også mange jarn i elden utanom gardsbruket. M.a. dreiv han med kreturhandel, med lasskøyring til og frå jarnbanestasjonen på Byglansdfjord, med reinsdyrjakt og rjupefangst, og med telefonteneste. Han var lenge styrar for telefonstasjonen i Bykle, som var i Lunden frå ca 1910, og hadde då også ansvaret for å halde linja mellom Bykle og Valle i orden. Endeleg var han ein av kompanjongane til broren, Torjus, i firmaet A/S Stavenes, Breive & Co, som dreiv forretning på Solbakken (gnr 14, bnr 25). Men Olav tok berre aktivt del i handelen med skinn, slakt og kretur, kråmbuhandelen sto Torjus for.

I 1927 flutte Knut K. Vatnedalen og kona, Sigrid Tallaksdotter, fødd Hoslemo, hit. Dei hadde då fått seg opp ei stoge som sto ovanfor våningshuset her. Knut K. Vatnedalen var son åt Knut Sigbjørnsson Vatnedalen og Sigrid Knutsdotter, fødd Breive. Sigrid att var syster åt Knut Knutsson Breive i Nordstog Stavenes, så Knut K. Vatnedalen og Olav K. Stavenes var altså syskenborn.

Då Knut og Sigrid flutte hit, hadde han selt eigedomen sin i Vatnedalen Der hite til broren, Sigbjørn Knutsson i Løyning. Knut og Sigrid var barnlause, men barnekjære, og Tore K. Mosdøl fortel at alt som som fanst av ungar i Mosdøl gjekk ut og inn hjå dei. Ein ekstra attraksjon var at dei hadde radio, hugsar ho. Dei budde her båe livet ut, Sigrid døydde i 1938, Knut i 1940. Sidan tok Olav K. Stavenes ned stoga deira, og sette henne oppatt til eldhus i Lunden.

I 1939 kaupte Olav grannebruket Evre Mosdøl, bnr 3, hjå ervingane etter Torleiv Ånundsson Mosdøl. Nokre år seinare var det tid for å setje opp nye hus i Lunden. I 1944 kom det nye eldhuset på plass, og året etter hadde han nytt våningshus ferdig. Den nye stoga er ei bordkledd tømre i to fulle høgder, det er ark over det frambygde inngangspartiet, og grunnflata vert oppgjeve til 104 m².

Den gamle hovudbygningen, som hadde vore sams for Lunden og Berget, vart teken ned i to omgangar. Tømra frå den austre delen vart nytta til den nye stoga i Berget i 1944. Den vestre halvparten vart ståande til 1948 då Olav selde tømra til ein oslomann, som sette henne oppatt til hytte ein stad austanfor Bjåen.

I 1950 kom det også opp ny uthusbygning med fjos og løe under same taket. Men det sistnemnde huset var det nok sonen som sette opp, for han overtok bruket her i 1949.

  • Knut Olavsson Mosdøl (e.), f 1918, d 1964
g 1947 m Ingebjørg Sigbjørnsdtr. Åsheim, f 1927. Born:
  • Ola, f 1948 g 1970 m Johanne Såvesdtr. Nomeland, sjå nedanfor
  • Gunhild, f 1949, lærar, g m Emil Faremo, Byglandsfjord, f 1948, busett Drangedal, born:
  • Tonia f 1974
  • Ingelise f 1977
  • Else f 1984
  • Inga, f 1955, sekretær, g 1976 m Tarald Ånundsson Flateland, Valle, f 1951, busett Flateland, bnr 10, born:
  • Ånund f 1978
  • Knut, f 1980

Ingebjørg Sigbjørnsdotter kom frå Åsheim i Hoslemo (gnr 4 bnr 7). Foreldra hennes var Sigbjørn Eivindsson Åsheim og kona, Ingebjørg Olavsdotter, fødd Vatnedalen.

Ved sidan av gardsbruket arbeidde Knut på kraftanlegg. Han døydde under avsluttinga av Brokke-anlegget, då han drukna i Otra noko nedanfor Byklestigen. Han vart 46 år gamal. Då Knut døydde så ung, laut Ingebjørg og borna hennes styre med garden frametter. I 1976 sette ho seg opp nytt bustadhus noko nedanfor tunet i Lunden (Lundevoll, bnr 17). Eldstesonen hadde overteke heimelen til gardsbruket straks etter at faren var død.

Ola K. Mosdøl var blåruss, og det venstre jakkeslaget viser at han var nestformann i russestyret. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Ola Knutsson Mosdøl, f 1948
g 1970 m Johanne Såvesdtr. Nomeland, f 1949. Born:
  • Ingunn f 1971 lærar g m Henry Tore Georgsson Viki, busett Valle (jfr Valle IV, 138).
  • Knut f 1973, anl.arb s b m Ann Katrin Jansen, Birkenes, f 1976
  • Gyro, f 1976, lærar, busett Kristiansand, g. 2003 m Tor Magne Trydal, jfr. Furulund gnr. 17, bnr 42

Johanne Såvesdotter er frå Faremo i Hylestad, og dotter åt Såve Såvesson Nomeland og kona, Gyro Olavsdotter, fødd Jore.

Ola dreiv gardsbruket ei tid, men har sidan hatt anna arbeid, m.a. på anlegg. Han var også styrar på Bykle Samyrkelag i åra 1996-1999. Johanne arbeider som assistent på bygdeheimen i Bykle.


0941 Bykle komm.png Lunden (Bykle gnr 13/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Neire Mosdøl • Neste bolk: Berget