Solli (Kvinesdal gnr. 185)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solli
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 185
Ant. bruksnr.: 7 (2018)
Type: Matrikkelgard

Solli er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 185. Han hadde tidlegare gnr. 16 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 187 og gamalt matrikkelnummer 374.

Geografi

Der Solliåna renn ut i ein kil i Kvina ligg husa og innmarka på Solli. Gardsvaldet strekker seg på austsida av Kvina. Solli byter med Moland i vest frå Smisnesbukta over Molandsfjella, Håland i nord og Eikeland i aust og sør.

Det er mest utmark på Solli, og det har stort sett berre vore utkomme for ein familie og eitt bruk på garden. I ein liten periode på 1800-talet var det to bruk her, Dør nord og Dør heima, men garden har utanom det alltid vore einbølt.

Gardsnamnet

Namnet tydar ei li som er særmerkt med mykje sol. Det er samansett av to stavingar; sol- og -li. Vidare er namnet i ubestemt form. Det kan tyda på eit eldre opphav. Gardar i bestemt form, som Sollia eller Sollien, er av nyare dato. Garden blir nemnd som ein øydegard under Eikeland i matrikkelen i 1617 og ein kan då rekna med rimeleg sikkerheit at garden blei rydda seinast rundt 1300. Han blei truleg lagt aude i samband med Svartedauden og nedgangstida i seinmellomalderen, i likskap med dei andre rand- og heiegardane i bygda.

Solli har blitt skrive på mange ulike måtar gjennom historia 1617: Solj, 1639 og 1723: Soelem, 1668: Soelemb, 1801: Solej, 1838: Sørlid.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

Skal ein tru skildringane som blei gitt av garden på ulike tidspunkt, så har dei hatt det dei trong på Solli, men heller ikkje meir. «Fornøden skoug og Qvernebrug» blei det til dømes meldt om i forbindelse med jordavgiftsmatrikkelen av 1802. Då gav jorda fem gonger tilbake for jordepla og seks gonger for kornet.

I 1723 blei garden og jorda skildra som «tungvunnen, skarp og skiemmen», men dei hadde ei flaumkvern, skog til naudsynt brensle og materiale. Skog til brensel blei også nemnd i 1668.

Jordbruk og husdyrhald

1668 1723 1865
Korn 5/4 t 3 1/2 t 4 10/24 t
Jordeple - 9 t
Hestar 1 2
Storfe 4 5 12
Småfe 6 10 55


Dei hadde hest til å hjelpa seg i 1723, 1801 og i 1865. Det er også nemnt hestereiskap i eit skifte frå 1695. Auken i utsåinga av korn var ikkje stor i perioden frå 1723 til 1865, medan jordepledyrkinga skaut fart frå at det blei sett ¾ tønner i 1801 til 9 tønner i 1865. Av kornet som blei dyrka i 1865 var 3 tønner havre og noko bygg og rug, i tillegg til blandkorn.

Både talet på folk og talet på husdyr, i tillegg til at det ei tid var to bruk her, viser at det var størst aktivitet på garden på midten av 1800-talet, før den store migrasjonsbølga til USA og industrialiseringa i byane tok til. Etter det blei det ei rask nedgang i folketalet på garden, noko som kan tyda på at dette også var ein periode då ressursane var pressa. Då hovudvegen på andre sida av dalen kom på slutten av 1920-talet, blei det tyngre å livnæra seg på Solli.

Kulturminne

Eit av dei mest synlege og tidlegare mest brukte kulturminna i Fjotland går rett over tunet på Solli; Den gamle kyrkjevegen. Den var i bruk fram til 1908 og var offentleg rideveg frå Knaben til Fjotland. I 1908 kom det ny køyreveg på vestsida av Kvina.

I 1958 skulle Åmotsbrua frå 1907 skiftast ut med ei nyare og større bru, og den gamle brua blei sett opp ved Solli i 1960. Sollibrua er ei jernfagbru av stål og dekke av tre.  

Elles er det hos Riksantikvaren registrert tre stølar; Indre, Midtre og Heimre Sollistølen.

Folketal

Kor mange bebuarar  

1665* 1801 1865 1900 1920
1M 7 16 8 5

*Berre vaksne menn

Matriklar og folketal

1639 1661 1723 1803 1838 1886 1950 2019
Nr - - 129 374 187 16 16  185
Skyld 1/2 h 1/2 h 1/2 h 6 eng 6 eng  1 mark 67 øre -
Tal på bruk 1 1 1 1 2 4  7

*tal på oppsitjarar

Solli hadde ei stabil matrikkelskyld heilt i frå første gong den kom med i matrikkelen. Garden var òg i skatteklassa for øydegardar på 1600-talet.

Eigedomsforhold

Solli har vore i bondeeige heilt sidan garden blei nemnd første gong i 1617. Då var garden ein øydegard under Eikeland. Det tyder at garden truleg har vore ein sjølvstendig gard, men har blitt lagd under Eikeland i eller ei tid etter seinmellomalderen. Derfor har garden også truleg kome frå Eikeland første gong den blei rydda.

Delingar og utskiftingar

Per Tostensson overdrog i 1813 garden til sonen Tosten Persson for 50 rdl. og ei føderådskontrakt som sikra at Tostens foreldre kunne bo på garden resten av si tid. I 1845 selde Tosten Persson 3 eng. av bruket vidare til Olav Tostensson for 80 spd., dei resterande 3 eng. blei stilte som sikring og betaling for føderådskontrakten som Olav måtte inngå med foreldra sine Tosten Persson og Asgjerd Olsdotter, og søstera Gunhild Tostensdotter.[1]

To år seinare blei det ei deling av garden i to bruk. 2 eng. fell til Svend Sigbjørnssons nye bruk med løpenummer 682b, medan Olav Tostensson beheldt 4 eng. i den gamle garden (682a). Med matrikuleringa i 1886 fekk bruka tildelt bruksnummer 2 og 1.[2] Svend Sigbjørnsson var bror til Oles kone Ingerid.[3]

Etter at begge foreldra var døde selte Olav Tostensson i 1883 sitt bruk til Sigbørn Torjesson Røynebu. Søster til Olav, Gunhild, som var døvstum, fekk bu på garden til ho døydde ein gong før 1916. Olav Tostensson kjøpte opp att Svend Sigbjørnssons gardpart (bruk 2) kort tid etter, men selde han vidare til Sigbjørn Torjusson Røynebu i 1889. Sidan har begge bruka hatt same eigar.[4]

Torjus Sigbjørnsson Solli overtok garden i 1924 etter eit opphald i Amerika.[5] Torjus døydde i 1930 utan registrerte arvingar.[6] I 1941 overtok Tordis Solli (f. 1931) heimel for garden.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950 Notat
1 Solli Gardseigedom 682a 1 mark 10 øre Sigbjørn Torjesen Tordis Litland Felles eigedomsteig med bruk 2
2 Solli Gardseigedom bruk 1 1848 682b 0 mark 54 øre Ole Torstensen Tordis Litland Felles eigedomsteig med bruk 1

Folket

Dør heima

Bruk 1

Namnet Dør heima kom først i bruk i 1848 då garden blei delt i to. Den var delt i to bruk fram til 1889.

  • Ingeborg Ormsdotter (d. 1669)
  • g1. med Jakob (n. 1644-1651)
    • Lars (n. 1658-1669) Til Skaret i Gyland[7]  
    • Torgrim (1620-d. f. 1669) ein son; Eivind Torgrimsson (n. 1669) Var tenestegut hjå søstera på Førlandsås
    • Helga (n. 1669) g. m. Orm Torgrimsson Seland (1604 – n. 1681) Først i Skaret i Gyland. Sjå Førlandsås
    • Gro (n. 1669)
    • Liva (n. 1669)
    • Kari (d. f. 1669) g. m. Salve Eivindsson (n. 1669) to born i 1669; Jakob og Ingeborg.
  • g2. med Ommund Olsson (n. 1659-1669)

I ei segn fortald av Sigbjørn Solli – og attgjeven i førre gards- og ættesoge for Fjotland – hadde ein mann på Eigeland to døtrer. Den eine fekk Eigeland og den andre fekk Solli.[8] Ingeborg er truleg dotter av Orm Eigeland og segna kan dermed ha ei kjerne av sannheit. Jakob var truleg frå Gyland, der han eigde 3 engelsk i garden Skaret.  

Ommund kan ha kome frå Førlandsås, namnet hans tyder på det, og i tillegg er det fleire familieband til Førlandsås.

I skiftet etter Ingeborg i 1669 er det nemnt to born, Gro og Liva, som ein ikkje veit kva skjedde med vidare (sjå over).

-

  • Torgrim Ormsson Førlandsås (1648-1716)
  • g1. med Siri Atlaksdotter Håland (-1695)
    • Orm (1678-1755) Sjå nedanfor
    • Atlak (n. 1695)
    • Asgerd (n. 1695) g. m. Olav Ommundsson Førlandsås (1661-) Sjå Førlandsås
    • Ingeborg (n. 1695-n. 1712) g1. f. 1695 m. Tosten Olsson Lindhommen (1668-1708) g2. 1712 m. Salve Kolbensson Knaben (1686-) Sjå Lindhommen
    • Helga (n. 1695-1723) g1. m. Per Guttormsson Eftestøl (n. 1695-d. 1712) g2. 1719 m. Lars Tollaksson Nedland i Gyland (1690-1756) Til Gyland  
  • g2. med Torborg Larsdotter Lindeland  
    • Lars (1700-1750) g. 1718 m. Asgerd Toresdotter Håland. Sjå Moland
    • Mari g. 1725 m. Atlak Toresson Håland (-1758) Sjå Håland
    • Torgrim (-1758) g. 1726 m. Siri Toresdotter Håland (-1758) Til Gyland

I skiftet etter Siri i 1695 var det mange dyr og fleire verdifulle gjenstandar. Familien hadde også eigedom i Moland, Lindefjell og Skaret i Gyland i tillegg til Solli.[9] Orm fekk Solli, Lars fekk Moland og Torgrim overtok i Gyland. Atlak døydde ugift, medan jentene gifta seg til andre gardar.

-

  • Orm Torgrimsson (1678-d. f. 1755)
  • Anna Guttormsdotter Eftestøl (1689-1769)
    • Tosten (ca. 1710-1785)*
    • Guri g. 1727 m. Mass Torjesson Lindefjell (1698-1763) Sjå Lindefjell
    • Torgrim (1713-) g. 1744 m. Gunhild Larsdotter Nedland  (-1777) Sjå Raustad på Feda
    • Torborg (1717-1763) g1. 1733 m. Sven Nilsson Mydland i Gyland (-1737), g2. m. Tollak Torkelsson Seland (1707-1783) Til Gyland  
    • Anna d. e. (1719-1808) g. 1738 m. Atlak Tolleisson Håland (1716-1786) Sjå Håland
    • Guttorm (1722-)
    • Anna (1725-) g. 1753 m. Kidel Tostensson Risnes (1719-) Sjå Risnes
    • Siri (-1772) g. 1744 m. Lars Johannesson d. y. Røynebu (1722-1791) Sjå Røynebu

*I kyrkjeboka står det at Tosten var 85 år då han døydde i 1785. Truleg var han nokre år yngre og fødd omkring 1710. Mora var fødd 1689.

Dei fire første borna er fødde på Moland og de budde der til omkring 1718, då dei kom til Seland. I 1722 var familien komen til Solli.

-

  • Tosten Ormsson (ca. 1710-1785)
  • g1. 1747 med Ingeborg Persdotter Lindeland (1724-1780)
    • Anna (1748-)
    • Anna d. e. (1750-1834) g1. 1771* m. Guttorm Ommundsson Harbakk (1742-1785) g2. 1793 m. Ivar Ivarsson Harbakk (1753-1822) Sjå Øvre Harbakk
    • Gunhild (1752-)
    • Orm (Vorm) (1754-)
    • Anna d. y. (1756-1839) g. 1780 m. Osu Osusson Lindefjell (1756-1834) Sjå Lindefjell
    • Per (1760-1826) Sjå nedanfor

* I kyrkjeboka finner ein berre trulovinga, men dei har truleg vore gift.

Sonen Per tok over garden.

-

  • Per Tostensson (1760-1826)  
  • g1. 1781 med Asgerd Pålsdotter Nedre Kvinlog (1753-1786)
    • Tosten (1782-1857) Sjå nedanfor
    • Pål (1784-n. 1801)
  • g2. 1788 med Torborg Torgrimsdotter Eikeland (1763-1809)
    • Torgrim (1788-1789)
    • Torgrim (1790-1806)
    • Asgerd (1793-1842) g. 1815 m. Osu Osusson Lindefjell (1794-1871) Sjå Lindefjell
    • Torborg (1795-)
    • Orm (1799-1849) g. 1828 m. Ragnhild Torgrimsdotter Eikeland (1801-1845) Sjå Røynebu
    • Per (1802-1861) g. 1834 m. Gunhild Olsdotter Eikeland (1807-1880) Sjå Eikeland
    • Jo (1805-1805)
    • Torgrim (1807-1867) g. 1835 m. Anna Salvesdotter Bakke (1799-1874) Til Hidra
  • g3. 1812 med Ingrid Jakobsdotter Førlandsås (1785-1857)
    • Torborg (1812-1852) g1. 1831 m. Jo Olsson Eikeland (1797-1835) g2. 1837 m. Per Sigmundsson Engedal  (1808-1881)
    • Jakob (1814-1878) Var steinarbeidar og målar. Døydde «af drukkenskab». Blei funnen død ved garden Lilletvedt i Birkeland i Fana ved Bergen.
    • Ingeborg (1817-1817)
    • Ingeborg (1819-1881) g. 1841 m. Olav Toresson Risøy (1810-1881) Sjå Risøya
    • Anna (1822-1822)
    • Anna (1823-1823)
    • Pål (1825-1826)

Per overdrog garden til sonen Tosten i 1813. Året innan hadde han sjølv gifta seg for tredje gong. Per fekk til saman 17 born og 10 vaks opp. Enka hans, Ingrid, gifta seg opp att med Ånen Osusson Fjotland i 1832 og flytta dit, men kom tilbake til Solli då ho blei enke att i 1847. Dei hadde ingen tenestefolk buande hos seg under folketeljinga i 1801, men dei hadde etter kvart to store familiar til å hjelpa seg her i perioden etter at Tosten og kona Asgerd flytta til garden i 1813.

-

  • Tosten Persson (1782-1857)
  • g. 1805 med Asgerd Olsdotter Ryggesås (1788-1869)
    • Per (1813-1815)
    • Asgerd (1815-) g. 1839 m. Sven Sigbjørnsson Øksendal (1810-1889) Sjå Dør nord*
    • Per (1818-1828)
    • Siri (1821-1828)  
    • Olav (1825-1911) Sjå nedanfor
    • Siri (1829-) g. 1852 m. Jo Salvesson Lindefjell (1819-1900) Sjå Knaben
    • Gunhild (1834-1916) Budde på Solli heile livet ugift. Skal ha vore døvstum.

*I Fjotland 1 er det nemnd ei Asgerd som er fødd i 1823, men det er truleg ei dobbelføring.

Tosten delte garden i to bruk i 1845. Brorparten – brørne skulle ha det doble av søstrene sine–gjekk til Olav som fekk hovudbølet på 4 engelsk, medan Asgerd fekk Dør nord på 2 engelsk. Olav fekk garden mot folgekontrakt for Tosten, Asgerd og søstera Gunhild.

-

  • Olav Tostensson (1825-1911)
  • g. 1845 med Ingrid Torgrimsdotter Eikeland (1819-1884)
    • Tosten (1846-) Sjå nedanfor
    • Torgrim (1849-1916) g. 1870 m. Tea Jakobsdotter Hamar Austre i Gyland (1847-1914) Til Gyland
    • Lise Tobine (1853-1932) g. 1887 m. Steinar Torussen Eikeland (1845-1929) Sjå Eikeland
    • Anne Bertine (1856-1946) g. 1896 m. Johan Gabriel Jakobsen Kjøyda (1840-1917) Til Hidra
    • Per Andreas (1860-) g. 1886 m. Inger Sofie Torusdotter Eikeland (1859-) Til USA
    • Ida Regine (1864-1912) g1. 1886 m. Per Kristian Eiriksson Nordre Klungland i Gyland (1855-1891) g2. 1896 m. Johan Kristian Jonasson Kjøde (1835-) Syerske. Til Hidra[10]

Sonen Tosten Olsson (1846-) g. 1875 m. Hanne Sofia Josdotter Åmland (1856-) overtok i 1875, men selde garden vidare i 1882. Les meir om familien under Engedal. Olav og Ingrid kjøpte bruket til Olavs søster Asgerd Dør nord. Dei budde der ut tida si.

-

  • Sigbjørn Torjeson Røynebu (1856-1949)
  • g. 1883 med Anne Sofie Salvesdotter Lindefjell (1855-1936)
    • Torje (1884-1930) Sjå nedanfor
    • Salve Elias (1887-) g. m. Astrid Kamilla Albertsdotter frå Tysnes, Søgne (1890-)[11] Sjå Fjotland
    • Olav Andreas (1889-) Til USA
    • Syvert (1892-) Til Stavanger
    • Ellen Sofia (1896-1980) g. 1930 m. Ole Martinsen Harbakk (1891-1957) Sjå Øvre Harbakk

-

  • Torje Sigbjørnsson (1884-1930) hadde born med
  • Anna Serine Haddeland (1910-1982)
    • Tordis (1931-2012) Sjå nedanfor

-

  • Tordis Solli (1931-2012) g. 1953
  • Georg Litland (1930-2014)

Dei hadde garden nokre år før dei flytta til Lyngdal.

-

Dør nord

Bruk 2

Bruket blei matrikulert i 1848 og det budde folk her fram til 1916.  

  • Asgerd Tostensdotter (1815-)
  • g. 1839 med Sven Sigbjørnsson Øksendal (1810-1889)
    • Sigbjørn (1840-1851)
    • Inger Sofie (1843-1922) g. 1870 m. Nils Andreas Olsson Jødestøl i Sirdal (1843-1924) Til Sirdal
    • Asgerd (1846-) g. 1872 m. Sigbjørn Anstensson Øksendal (1850-) Til USA
    • Tobine (1849-) g. 1875 m. Lars Tobias Larsson Virak (1855-) Til USA
    • Sigbjørn (1853-1853)
    • Serina (1855-)
    • Sigbjørn (1858-1860)

Dei kom til Solli omkring 1846 etter å ha budd nokre år på heimegarden til Sven i Sirdal. Etter dei tre døtrene flytta heimefrå – den siste i 1875 – selde dei til Olav Tostensson på Dør heima. Dei leigde nokre år i Knaben, der Sven døydde i 1889. Siste livsteikn frå Asgerd var i 1891, då ho budde som innerst på Josdal i Sirdal. Der livnærte ho seg med strikking og spinning.

Olav Tostensson selde bruket til Sigbjørn Torjesson i 1889. Olavs søster Gunhild fekk bu i huset fram til 1916.

-

Ikkje plasserte

  • Anne Øyusdotter (1799-) budde på garden som legdslem i 1865.

-

1037 Kvinesdal komm.png Solli (Kvinesdal gnr. 185) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 


Litteratur og kjelder

  1. SAK, Flekkefjord sorenskriveri, G/Ga/L0004: Panteregister nr. 4, 1810-1950, s. 252
  2. SAK, Flekkefjord sorenskriveri, G/Ga/L0004: Panteregister nr. 4, 1810-1950, s. 252
  3. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 542
  4. SAK, Flekkefjord sorenskriveri, G/Ga/L0004: Panteregister nr. 4, 1810-1950, s. 252
  5. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 545
  6. SAK, Fjotland lensmannskontor, F/Fe/L0002: Dødsfallsprotokoll nr 73, 1911-1950, s. upaginert
  7. Gyland 2008, s. 544
  8. Jerstad, Johan & Veggeland, Tor: Gards- og ættesoge : Fjotland, Hegland trykkeri, Flekkefjord, 1979, Digital versjonNettbiblioteket, side 541
  9. Les meir om skiftet i: Seland, Per: Kvenåsen krets i Fjotland. Utg. [Forfatteren]. Oslo. 1980. Digital versjonNettbiblioteket, s. 313
  10. Hidra 2, s. 209
  11. Søgne 2, s. 96