Spanskesjuka i Skjåk
Spanskesjuka i Skjåk og Ottadalen braut ut den fyrste veka i oktober 1918. Distriktslegen var overtydd om at det hadde med Ottamartnan å gjere. Den gjekk føre seg den 1. og 2. oktober. Mange der var blitt sjuke, og så spreidde smitta seg til bygdene og grendene som martnasfolket kom frå.
I medisinalinnberetninga for Lom legedistrikt (Lom og Skjåk) blir det opplyst at det døydde 43 personar av influensa hausten 1918. Det er mogleg at Vågå er rekna med i dette talet. Innberetninga er førd av distriktslege Lars Gude Müller i Vågå, som vikarierte også i Lom på dette tidspunktet, og det er ikkje nokon eigen dødsfallstatistikk for Vågå det året.
I kyrkjebøkene for dei to sokna i Skjåk prestegjeld, Skjåk og Nordberg, er "spanskesyke" eller "lungebetennelse efter spanskesyken" oppgjeve som dødsårsak for ni personar i 1918. I tillegg kjem tilfelle der dødsårska berre er oppgjeve som "lungebetennelse", "lungebrann" eller "bronkitt", i alt 12 tilfelle. Det er uvisst kor mykje av dette som faktisk skuldast influensaen. Det eine tilfellet av lungebetennelse var i alle høve frå før 1. oktober. Men det kan altså ha vore så mange som 20 personar som strauk med av epidemien, derav to fyrst på året 1919. Og mange familiar opplevde skrekken med å bli smitta av spanska, men utan å miste nokon.
I dagboka si omtalar kjøpmann Svend Aaboen fleire gravferder i november og desember, deriblant fleire born. Men elles var det karakteristisk for denne epidemien at han råka hardast blant vaksne folk mellom 20 og 40 år, born og gamle slapp lettare unna statistisk sett. Av medisinalinnberetninga framgår det at av dei 43 døde i Lom legedistrikt, var 8 i aldersgruppa 0-15 år, 26 i gruppa 15-50 og 9 i gruppa 50-80 (ingen av dei døde var eldre). Vi har ikkje gode nok tal til å relatere dette til aldersfordelinga av totalbefolkninga. Men i 1910 utgjorde born under 15 år 33,8% av folketalet i Skjåk, medan 18% av dødsfalla i spanskesjuka i legedistriktet galdt den aldersgruppa. Det stadfestar for så vidt det generelle biletet av at småborna vart sparte.
Det vart sett i gang preventive tiltak for å hindre smittespreiing. Stortingspresident Johan Castberg skulle tala på eit folkemøte den 15. oktober. Hans lokale partifelle i Arbeiderdemokratene, den nemnde kjøpmannen Svend Aaboen, kan fortelja at dei måtte halde møtet utandørs, på Ånstadøya, på grunn av smittefaren. Helseråda i Ottadals-kommunane fastsette så at offentlege forsamlingar og samkomer skulle forbydast, og skulane stengjast i fem vekers tid.
Kjelder og litteratur
- Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok 4. Historia 1914-1945. Skjåk kommune 2016. (Side 108, 161-163.)