Steinar Aslakson Turtedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ambolt laga av Grytestøylsmeden. Frå Nigard Bratterud, Tokke.
Foto: Vest-Telemark Museum.

Steinar Aslakson Turtedalen (1842-1922), au kalla «Grytestøylsmeden», var ein meistar i smedfaget og kanskje den mest dugande av dei beste smedane frå Vest-Telemark. Han stempla smedarbeidet sitt «SAT» og i dag er alt med denne stempelen ein skikkeleg verdifull ting.

Han var fødd på garden Roe i Øyfjell den 29. april 1842. I 1899 reiste han til Amerika og vart verande der til han døydde den 2. oktober 1922 i Dell Rapids i Sør-Dakota.

Smeden i det gamle bondesamfunnet var ikkje nokon kven som helst. Han kunne lage nye reiskapar og reparere reiskapar som var slitne eller hadde gått sund. Skikkeleg reiskap var viktig, då som no.

Det var heller ikkje uvanleg i dei dagar at folk flytte ein del rundt om kring, like så med Steinar. Her er ein oversikt over vandringane gjennom livet – bustadane hans:

  • 1842-1846 Roe i Øyfjell.
  • 1846-1870 Turtedalen i Eidsborg.
  • 1870-1873 Rollag og Krosskei i Tinn.
  • 1873-1877/78 Turtedalen.
  • 1877/78-1888/89 Grytestøylen.
  • 1888/89-1895 Bøye i Seljord
  • 1895-1899 Dalen i Eidsborg.
  • 1899-1905/06 Lyle i Minnesota.
  • 1905/06-1922 Dell Rapids i Sør-Dakota.

Steinar var av såkalla smedætt og det var mykje slik at sonen lærte av faren, og såleis vart det naturleg for han å bli smed. Alt i 20-årsalderen skulle han ha vore fullgod smed.Han var ein meistarsmed og særleg kjend for store krevjande smedarbeid som å lage ste og skrustikke. Elles var det å lage bile(skanteøks), som han hadde eit særleg lag på. Desse var både fint laga og var so makelause gode å skante med. «Ho fylgjer stokken», blei det sagt. Elles var au alt finsmedarbeid framifrå gjort. Her må nemnast ein tømmerklave han laga, og den er veldig spesiell. På den eine sida har den engelske tommar og på hi danske tommar. Den er stempla «1874 SAT». Den finnast framleis på ein gard i Mo i Tokke.

For å seia det slik, i dag ville me kalla Steinar ein perfeksjonist. Han var glad i arbeidet sitt og det var ei æressak alltid å gjera sitt beste. Det låg i han at reiskapen skulle vera kvass og god å bruke, men den skulle au vera velforma og fin å sjå på, nett som eit kjerringemne. Slik var han i hug og lynne.

Grunna Steinar var ein vidkjend storsmed, kom fleire unggutar i lære hjå han. Her nemnast særleg Kjetil N. Lio og Olav K. Vindlaus, båe frå Eidsborg. Desse vart au framifrå smedar.

Det hadde seg slik at Steinar var både velvaksen og retteleg ein staut kar. Det gjekk som det måtte, og i 1870 blei det giftarmål med den smellvakre ungjenta Gunhild Kjetilsdotter Rollag frå Tinn.

Det var likt til det at Steinar var ikkje den som sparte seg i utrengsmål. Så det kunne høve det trongst ein dram å styrkje seg på, for å stande rykken, når han dreiv på som hardast i smia. Meir om dette vert ikkje sagt her.

Rett som det var, kunne Steinar vera ein skøyar og gjorde løglege påfunn. Ein gong var Steinar og ein kraftkar i skogen og skulle hente heim ved på ein kjelke. På heimturen, med fullt lass på sleden, skulle kraftkaren gå føre og dra og Steinar gå etter og skuve. Då dei kom til ein bakke, ville Steinar prøve kreftene til denne karen. Så i staden for å hjelpe til med å skuve, heldt han att i kjelken. Men karen var dugeleg sterk, så han drog kjelken opp bakken likevel. Dette syntest Steinar var eit imponerande karstykke.

Seinare i livet, i trui på ei betre og spanande framtid, reiste Steinar med familien sin til Amerika. Gode smedar var etterspurd arbeidskraft der borte på den tida. Og der enda «Grytestøylsmeden» sine dagar, 80 år og 5 månader gamal.

Kjelde

Aabø, Arne T.(2006): Grytestøylsmeden. Vest-Telemark Museum.