Stuguflottbrue

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Stuguflåttbrue»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Stuguflottbrue i 1922.

Stuguflottbrue (bunde form av sterkt hokjønnsord bru på lesjadialekt) eller Kleivstugubrue er dei lokale namna på Stueflotten jernbanebru på Raumabanen, nokre hundre meter ovafor fylkesgrensa mot Møre og Romsdal. Brua har namn etter den næraste garden i Lesja, Stuguflotten. Kleivstugu var eit bruk frådelt Stuguflotten, men som var fråflytt da folket utvandra til Amerika i 1866. Husa skal likevel ha stått fram til jernbana kom. Det kan vere stugu på det bruket vi kan skimte i høgre hjørnet på bildet frå 1922.

Brua er ei 54,1 meter lang steinkvelvbru over Rauma. Ho har to kvelv; det største har 30 meter spennvidde det andre er på 10,6 meter. Brua stod ferdig ved årskiftet 1923. Samla byggekostnad kom på 407 997,57 kr.

Arbeidet med brua starta i 1919, og hovudkvelven begynte hausten 1920. Vederlaga vart mura våren 1921, da var arbeidsstyrken på 12 mann. Den første kvelvringen vart ferdig 16. september 1921. Senkninga av bærebogen vart gjennomført den 22. august 1922, og like etter vart byggstillaset reve. Tremateriala frå stillaset vart m.a. nytta til snøforbygging langs lina.

Under prosjekteringa vurderte anleggsleiinga å leggje elva i tunnel under lina ved søre enden av brufestet, men frykt for at den kunne bli sperra ved isgang førte til at løysinga vart bru.

I januar 1945 vart brua skada ved sprenging utført av ei gruppe sabotørar frå Kompani Linge under leiing av Joachim Rønneberg (Fieldfare-operasjonen). Ein kan tydeleg sjå kvar brua er reparert etter denne sabotasjen.

Eksterne lenker

Litteratur

Koordinater: 62.28459° N 8.13790° Ø