Telemark Husflidslag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Telemark Husflidslag blei stifta 28. september 1924. Fylkeslaget er eit bindeledd mellom lokallaga i Telemark og Norges Husflidslag. I Telemark har Husflidslaget 740 medlemmer (tal frå februar 2017), fordelt på ti lokallag. Husflidslaget arbeider heile tida med å etablere fleire lokallag.
Fylkeslaget arrangerer to husflidssamlingar i året på Granlien i Kviteseid. Her blir det haldt kurs i forskjellige teknikkar med fokus på ull og rødlistearbeid. I tillegg deltek laget på Dyrsku'n i Seljord. Her demonstrerer dei handverksteknikkar og held aktivitetar for born i samarbeid med Norges Husflidslag.
Liste over lokallaga i Telemark Husflidslag
| Lokallag | Etableringsår | Kommune |
|---|---|---|
| Gransherad Husflidslag | Notodden | |
| Grenland Husflidslag | Skien, Porsgrunn, Bamble og Siljan. | |
| Hovin Husflidslag | 1980 | Tinn |
| Kragerø Husflidslag | Kragerø | |
| Kviteseid Husflidslag | 1981 | Kviteseid |
| Notodden Husflidslag | 2011 | Notodden |
| Rauland Husflidslag | 2009 | Vinje |
| Seljord Husflidslag | Seljord | |
| Tokke Husflidslag | 1965 | Tokke |
| Tuddal Husflidslag | Hjartdal |
Kjelder
- Lenke til Norges Husflidslag si heimeside.