Tove Bull

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tove Bull (fødd 31. oktober 1945 i Alta) er språkforskar, og har sidan 1990 vore professor ved Universitetet i Tromsø. Ho er òg kjend som nynorskforkjempar og for sin rolle i norsk universitetspolitikk.

Slekt og familie

Ho er dotter av arbeidar Kaare Bull (1920–1999) og bademester Sonja Margrethe Gullhav (f. 1923).

Den 25. mars 1967 vart ho gift med lekjar Steinar Jæger (f. 1942). Dette ekteskapet vart oppløyst i 1974.

Ho gifta seg for andre gongen den 17. juli 1977 med høgskulelektor Svein Pedersen (f. 1934).

Liv og virke

Bull tok examen artium ved Finnmark offentlige gymnas i 1964. Ho byrja så på filologistudiar var Universitetet i Oslo, og flytta så over til Universitetet i Trondheim der ho vart cand.philol. med hovudfag i nordisk i 1972 med ei avhandling om salmane til Elias Blix. I 1970 tok ho pedagogisk seminar. Bull tok òg eksamen i drama ved Tromsø lærerhøgskole i 1978.

Frå 1973 til 1983 var ho høgskulelektor ved Tromsø lærerhøgskole, og i 1983 vart ho førsteamanuensis der. I august 1984 byrja ho så i ei midlertidig stilling ved Universitetet i Tromsø, og i 1986 fekk ho fast stilling som førsteamanuensis der. Bull vart i 1990 professor ved personleg opprykk. Ho har halde mange gjesteforelesningar var andre universitet, og har vore med i fleire fagnemnder. Ho fekk i 1990 saman med Toril Fiva, Ernst Håkon Jahr og Tarald Taraldsen NAVFs pris for fremragende forskning. I 1998 vart ho utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oulu i Finland.

Frå 1976 til 1981 sat ho i landsstyret i Norsk lærerhøgskolelag. Ho var i sentralstyret i Noregs Mållag fra 1981 til 1987, og i styringsnemnda for Norsk Ordbok frå 1983. Frå 1980 til 1995 var ho medlem av Norsk språkråd. Ho var der i rådet si fagnemnd 1983–1988, og hi var leiar for nynorskseksjonen 1988–1995. I kraft av den posten var ho automatisk leiar og nestleiar for Norsk språkråd annakvart år. Fra 1987 til 1992 var ho sekretær i Norsk Lingvistisk Tidsskrift. Ved Universitetet i Tromsø vart ho medlem av universitetsstyret i 1989, og ho var prorektor 1990–1995 og rektor 1996–2001. Bull vart i 1990 medlem av Det norske universitetsråd, og i 1999 vart ho leiar der. Ho var òg medlem av Universitets- og høgskolelovutvalget 1992–1993, og av Ytringsfrihetskommisjonen 1996–1999.

Som forskar har ho særleg arbeidd med den første lese- og skriveopplæringa, nordnorsk dialektologi, språksosiologi og språkkontakt. Det ho aller mest er opptatt av er dei nordnorske dialektane, og særleg dei som har oppstått på tidlegare samiskspråkleg område.

I 1992 konverterte Tove Bull til Den katolske kyrkja.

I 2006 vart ho utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Litteratur og kjelder