Triset Turistheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Triset Hotel i 1894.

Triset Hotell låg på den gamle klokkkargarden ved brygga i Lårdal i Tokke kommune. Frå byrjinga blei verksemda kalla Trisæt Sanatorium, før det skifta namn til Bent Bakkes Hotel kring 1890. Hotellet skifta namn til Triset Hotell på byrjinga av 1900-talet, og til Triset Turistheimen kring 1940.

Historikk

Hotellbygningen blei bygd av Bent Helenius Bakke, truleg ei gong i 1870-åra.[1] Bygningen var opprinneleg i to høgder med fleire gjesterom, kjøkken og matsal. Saman med kona, Karen Sofie Kristiane, dreiv Bent hotellet i mange år. Snart overtok sønene Hans og Sverre hotellet, og dreiv det fram til 1910 då det vart nedlagt.

I 1940 blei hotellbygningen kjøpt av Anne Sandåker, kona til Olav Sandåker som dreiv Lårdal Fabrikker. Ho ominnreidde og moderniserte hotellet, og bygningen fekk innlagt bad og wc. Kvart rom fekk lagt inn både kaldt og varmt vatn. Hotellet vart døypt om til Triset Turistheim.

Gjestene til hotellet var både norske og utanlandske turistar. Telemarkskanalen frakta dei til brygga i Lårdal, og mange overnatta på turistheimen før dei dro vidare. Frå tidleg av gjekk det hesteskyss frå brygga i Lårdal over Haukeli og Røldal til Odda.[2] Frå 1920 hadde Lårdal-Høydalsmo-Øyfjell Billag brygga i Lårdal som endestasjon.

Galleri

Kjelde

Delar av arkivet etter Triset Turistheim vert oppbevart ved Vest-Telemark Museum. Sjå lenke til oppføring på Arkivportalen.

Referansar

  1. Bakken, 1978, s. 52.
  2. Sætherskar, 1949, s. 826.

Kjelder

  • Bakken, Olav T., Lårdalsoga, Skien, 1978.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.