Uppistog Tykkholt (Bykle gnr 17/16)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Uppistog Tykkholt
Trydal 52.jpg
Uppistog Tykkholt i snødriv 24.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1865/75
Utskilt: 1919
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 16
Type: Småbruk

Uppistog Tykkholt er det eldste av dei to Tykkholt-bruka i Bykle kommune. Då eigedomen vart dela i 1910, vart Tone Åsmundsdotter buande her, medan systerdottera Gunhild og mannen hennes, Eivind M. Hisdal, sette seg opp ein ny heim noko lenger nede. Då Tone døydde i 1917, overtok Eivind og Gunhild også dette bruket, og dreiv Uppistog og Nistog som ein einskap til sønene deira dela på nytt 20 år seinare.

Då Tykkholt i 1937 vart dela i to bruk på nytt, overtok Mikkel det øvre av dei.

  • Mikkel Eivindsson Trydal, f 1911, d 1995
g 1935 m Torbjørg Hallvardsdotter Bjørnarå, f 1911, d 1986. Born:
  • Gunhild, f 1935, sjå nedanfor
  • Eivind, f 1937, våpeninspektør, g 1967 m Gunhild Ånundsdtr. Rygnestad, busett Byglandsfjord, sidan Kristiansand (jfr. Valle VI, 181) born:
  • Steinar, f 1970
  • Solveig, f 1973
  • Hallvard, f 1939, lastebilsjåfør, g 1966 m Gyro Torsdtr. Uppstad, busett Bykle, sjå Furulund, gnr 17 bnr 42
  • Åsmund, f 1944, ind arb., busett Bryne, Rogaland, g m Anne Grethe Skjeggedal, born:
  • Trond Morgan, f 1971, sjå Hestevelt, gnr 17, bnr 1, fnr 1
  • Heidi, f 1975
  • Jorunn f 1950, g m Gunnar Larsson Liestøl, Rysstad, d ca 1987, busett Rysstad, born:
  • Tove f 1974
  • Gro Anett, f 1981

Foreldra av Torbjørg Hallvardsdotter var Hallvard Knutsson Skarberg og Jorunn Olavsdtr. fødd Bjørnarå.

Kort etter giftemålet overtok Mikkel bruket her, og bygde på stoga. Huset sto ferdig i 1938, med ei grunnflate på 75 kvadrat i 1 1/2 høgd. I 1953 fornya han uthusbygningen. På denne tid vert buskapen på bruket oppgjeven til hest, 3 kyr og 3 kalvar, 11 sauer og nokre høns.

I 1960 byrja Mikkel på anlegg. Torbjørg ville ikkje gjeva opp kreturhaldet med det same, så endå nokre år hadde ho 3 kyr og nokre sauer i fjoset.

Gunnhild Mikkelsdotter fekk i 1964 sonen Birger. Faren heitte Oddmar Norlien og var frå Lillehammer. Gunhild overtok eigedomen etter foreldra i 1995, og bur framleis her. Birger vaks opp her. I 1985 fekk han tomta Solhaug ovanfor tunet i Uppistog hjå bestefaren, og sette seg opp nytt bustadhus (sjå Solhaug, bnr 57.)

Huslyden i Uppistog Tykkholt, fotografert ca 1954. Frå v.: Hallvard (f 1939), mor Torbjørg Hallvardsdotter, fødd Bjørnarå (1911-1986), Åsmund (f 1944), Jorunn (f 1950), far Mikkel Eivindsson (1911-1995), Eivind (f 1937) og Gunhild (f 1935) Bilete frå Birger N. Trydal.
Gunhild M. Trydal 17. mai 1973 med Tor Magne og Sigrunn, borna til Hallvard. Ho har på seg Aust-Agderbunad, ser me. Bilete frå Hallvard M. Trydal.
Jorunn og Åsmund M. Trydal ca 1955. Bilete frå Birger N. Trydal.


0941 Bykle komm.png Uppistog Tykkholt (Bykle gnr 17/16) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Tykkholt • Neste bolk: Støylo