Vegårshei kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Vegårshei»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vegårshei
0912 Vegarshei komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4212
Fylke Agder
Kommunesenter Myra
Areal 355.65  km²
Areal land 322.37  km²
Areal vann 33.28  km²
Folketall 2 087 (2018)
Målform Nøytral
Nettside Nettside

Vegårshei er ein kommune i Agder fylke (før 1. januar 2020 i Aust-Agder) med eit folketal på litt over 2000 innbyggarar (2018). Kommunen grensar i nord mot Nissedal kommune og Gjerstad kommune, i aust mot Risør kommune (tidlegare Søndeled herad), i sør mot Tvedestrand kommune (tidlegare Holt herad) og i vest mot Åmli. Vegårshei har hatt nært samkvem med Gjerstad, og Vegårshei sokn liggar under Gjerstad prestegjeld.

Folketal

Folketalet i Vegårshei kommune var, som elles i landet, prega av stor aukning på delar av 1800-talet. Ved folketelinga i 1801 hadde Vegårshei kyrkjesokn 1116 innbyggarar, mens i 1865 hadde innbyggartalet aukt med nesten to tredjedelar og låg på 2639 innbyggarar. [1]

Etter dette ser det ut til at folketalet fekk ei meir stabil utvikling, men i motsetning til Gjerstad sank ikkje folketalet fram mot 1900: mens folketalet i Gjerstad sank frå 2639 til 2523 mellom 1865 og 1900, steig folketalet i Vegårshei frå 1842 til 1987 i same periode.[2]

I 1951 var folketalet sunke til 1862, og folketalet i kommunen har aldri vore så lite som i 1973 med 1636 innbyggarar. Etter det auka folketalet, og i 2011 låg folketalet på 1922. [3]

Vegårshei kyrkje og Guds menighet

  • Vegårshei kyrkje - Vegårshei kyrkje (Kjørka på Moland) er bygd i 1808 og er ein krosskyrkje i tre. Kyrkja blei sett opp av "kjørkebyggern på Heia" Knud Sjerkholt frå Holt herad. Kyrkje står på garden Molands grunn.
  • Guds menihet på Heia - på 1860- og 1870 åra var Vegårshei åsted for det såkalte Vegårsheirørsla, som var ein religiøs vekkelse. Kommunen er den dag i dag ein av dei einaste kommunane med flest folk utanfor "Den norske kyrkja", og Guds menighet på Vegårshei har nesten 1000 medlemmar. Guds menighet blei stifta av mange vegårsheiingar frå ulike krinsar i bygda. Det første forstanderen var Knut Aas.

På Vegårshei går det eit sagn om eit troll som skal ha budd i Hovdefjell, som liggar på grensa til Åmli kommune. I fylgje sagnet bur dei i dag i Trollfjell i Drangedal.

Sjå også

Referansar

Kjelder