Portugisarjødar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Esnogaen i Altona, bygd etter løyve frå danskekongen i 1771.

Portugis(ar)jødar eller portugis(er)jøder Mal:Nb er ei jødisk gruppe som har sitt hovudopphav i dei sefardím som kom frå Spania og Portugal til Italia, Vest-Europa og Amerika frå sist på 1400-talet og fram til sist på 1700-talet.

Portugisarjødane er ei eiga gruppe som med tradisjonar, musikk og språk skil seg ut frå bl.a.:

Ritualet til portugisarjødane er særprega og er basert på ritualet på Den iberiske halvøya føre utvisinga derifrå i 1490-åra, men òg med mange trekk frå dei italiensk-jødiske bené Roma og frå marokkanske sefardím.

Portugisarjødane hadde varierande grad av innreise-, nærings- og busettingsrett i Danmark og Noreg frå 1657 til 1814, og igjen frå 1844.

Omgrep

Det finst mange ulike omgrep i bruk ved sida av portugis(ar)jødar. Blant desse kan nemnast spanjolar, ponentinske jødar, jødar av den portugisiske nasjon og vestlege sefardím.

Spanjolar eller spanske jødar

Denne folkegruppa har til dels har gått under namn av typen spanske jødar (særleg bruka i Italia) eller spanjolar (særleg i Danmark, og da til forskjell frå spaniere, som blir bruka om ikkje-jødar frå Spania). Desse namna heng saman med at gruppa fram til 1492 i all hovudsak heldt til i dei områda vi i dag kjenner som Spania.

Blant italienske jødar blir omgrepet Ebrei Spagnoli (‘spanske jødar’) ofte bruka. Merk at dette omgrepet inkluderer etterkommarane etter dei jødane som vart utviste frå kongedømmet Napoli i tillegg til dei typiske portugisarjødane (altså conversos («nykristne», skjulte jødar) og etterkommarane deira). I Venezia vart ofte portugisarjødane omtala som ponentinske (vestlege) for å skilje dei ut frå levantinske (austlege, osmanske) sefardím.

Spanske og portugisiske jødar

Eit anna omgrep som har vore ein god del bruka, særleg på Dei britiske øyane, i USA og i Canada er spanske og portugisiske jødar. Dette omgrepet har bakgrunn i at mange spanske jødar søkte ly i Portugal etter utvisinga av jødane i det meste av Spania i 1492. Da jødedommen vart forboden i Portugal òg, var tvangskonvertering ein vanlegare undertrykkingsmåte enn utvising. Mange av familiane som levde som skjulte jødar i Portugal greidde seinare å flykte til andre land, og med si blanding av spansk og portugisisk bakgrunn og varierande nasjonal identitet vart dei gjerne kalla spanske og portugisiske jødar.

Portugisarjødar, eller den portugisiske nasjon

Omgrepa portugis(ar)jødar og jødar av den portugisiske nasjon har særleg vore bruka i Nederlanda og i Hamburg/Schleswig-Holstein og Skandinavia i nord, så vel som kring det sørvestlege Frankrike i sør. Det ser ut som dette omgrepet, der det spanske elementet er nedtona, oppstod på grunn av at dei spanske og portugisiske jødane trong å distansere seg frå Spania i tidene med politisk spenning og krig mellom Spania og Nederlanda på 1600-talet. I Bayonne og Bordeaux i det sørvestlege Frankrike var det truleg nærheita til spanskegrensa som gjorde det politisk naturleg å tone ned det spanske elementet. En annan grunn til dette omgrepet kan nok òg vera at relativt mange portugisarjødiske familiar i Vest-Europa og Nord- og Sør-Amerika hadde forlate Den iberiske halvøya nettopp gjennom Portugal. Eit anna element er at medan alle sefardím har eit meir eller mindre sterkt historisk samband med Spania, så er det unike for portugisarjødane nettopp sambandet med Portugal.

Vestlege sefardím

Omgrepet vestlege sefardím blir ofte bruka i moderne faglitteratur. Dette omgrepet er problematisk fordi det kan referere til portugisarjødar, til marokkanske jødar eller til begge desse gruppene. Stundom blir omgrepet vestlege sefardím òg bruka om alle dei europeiske, nordvestafrikanske og osmanske sefardím for å skilje desse frå mizraḥím, eller orientalske jødar.

Forskaren Joseph Dan skil mellom «mellomaldersefardím» (osmanske sefardím) og «renessansesefardím» (portugisarjødar) ut frå kva tid kvart av desse samfunna hadde formativ kontakt med iberisk språk og kultur.

Språk

Eit karakteristisk trekk ved portugisarjødar er bruken av både kastiljansk og portugisisk — og ofte ei blanding av desse to — i deler av gudstenesta, som elles tradisjonelt blir lesen på hebraisk. Annan bruk av kastiljansk og portugisisk gjekk tilbake etter 1600-talet, og frå midten av 1800-talet av var både kastiljansk og portugisisk erstatta med lokale språk i kvardagstalen. Lokale språk som tradisjonelt har vorte bruka av portugisarjødar inkluderer nederlandsk i Nederland og Belgia, nedertysk i Hamborg/Altona-området og engelsk i Storbritannia, Irland, USA, Jamaica og andre stader.

Hebraisk

Den hebraiske uttalen til portugisarjødane som vi kjenner han frå 1800- og 1900-talet blir først og fremst kjenneteikna ved uttalen av בֿ (bet rafé) som ein plosiv (hard) b (f.eks. Abrahám (ikkje «Avrahám»), tebá (ikkje «tevá»), habdalá (ikkje havdalá)) og uttalen av ע (ngajin) som ein stemt velar nasal (Sjemáng (ikkje «Sjemá‘» eller «Sjemá»), Ngalénu (ikkje «‘alénu»)).

Sibilantane ס, שׂ, שׁ og צ blir alle transkriberte som s eller ss i tidlege kjelder. Dette, saman med dei tradisjonelle skrivemåtane Sabá (sjabbát), Menasseh (Menasjé), Ros(as)anáh (rosj hasjaná), Sedacáh (ṣedaka), massoth (maṣṣót)), tyder på eit tradisjonelt uttalesystem som ikkje skilte mellom dei ulike sibilantane — eit trekk som er felles med visse kystdialektar av marokkansk hebraisk. Sidan 1800-talet har uttalen [ʃ] for שׁ og [ts] for צ vorte vanleg — truleg på grunn av innflytnad frå osmanske sefardím og mizraḥím, frå asjkenazisk hebraisk og, særleg frå midten av 1900-talet av, frå israelsk hebraisk.

Trykksystemet i portugisarjødisk hebraisk uttale følgjer strengt reglane i bibelsk hebraisk, inkludert sekundærtrykk på stavingar med lang vokal føre ein konsonant med etterfølgjande sjevá. Sjevá nang (klingande sjevá) blir normalt uttala i slike fall (ngomedím, barekhú). Likeleis blir sjevá nang først i ordet normalt uttala som ein kort, men tydeleg e-lyd (Sjemáng, berít, berakhá).

Sjevá nang (klingande sjevá), segól (kort e) og ṣeré (lang e) blir alle oftast uttala som lukka e; det er normalt ikkje nokon annan forskjell enn i vokallengda. I nokre andre sefardiske dialektar er segól ein open [ɛ], medan ṣeré er lukka (trong) [e] som i norsk te. I både asjkenazisk og israelsk hebraisk er sjevá nang ein slapp ə-lyd som i fransk le og engelsk the, og der det er fonetisk muleg forsvinn vokalen ofte heilt.)

Skiljet mellom kaméṣ gadól og kaméṣ katán blir gjennomført etter fonetiske reglar, inkludert i fall der det etymologiske opphavet er ein tidlegare u-lyd. Dette fører stundom til avvik frå nokre andre former av hebraisk. For eksempel blir ordet כָּל (‘alle’) uttala som kal heller enn kol når det ikkje er makáf (bindestrek) føre neste ord (kal ngaṣmotái, Kal nidré), og צָֽהֳרַיִם (‘midt på dagen’) blir uttala ṣahorájim heller enn ṣohorájim. Dette trekket gjeld andre sefardiske grupper òg, men gjeld ikkje israelsk hebraisk. Det finst òg i transkripsjonen av personnamn i den engelske King James Version of the Bible, slik som Naomi, Aholah og Aholibah.

Kastiljansk

Kastiljansk (spansk) vart bruka som daglegspråk blant dei som kom rett frå Spania i dei første få generasjonane. Dei som kom frå Portugal rekna kastiljansk som litteraturspråket sitt, på same vis som portugisarana generelt gjorde på den tida. I løpet av relativt kort tid kom kastiljansk ladino til å innta ei rolle som liturgisk språk, og teologiske verk så vel som rezabøker (siddurím) vart ofte skrivne på kastiljansk heller enn på portugisisk. Medlemmer av Amsterdam-samfunnet fortsette å bruke kastiljansk som litteraturspråk, og dei etablerte klubbar og bibliotek for studiet av moderne spansk litteratur. I dag blir kastiljansk svært lite bruka i dei fleste portugisarjødiske meinigheitene anna enn i songen «Bendigamos», den kastiljanske omsettinga av Tenákh-avsnitta i bøneboka for tisjngá beáb (9. ab, sørgjedagen over Tempelets fall) og i visse tradisjonelle helsingar.

Portugisisk

Ettersom relativt mange av emigrantane frå Den iberiske halvøya kom via Portugal, snakka fleirtalet av portugisarjødane på 1500- og 1600-talet portugisisk som førstespråk. Portugisisk vart først og fremst bruka i dagleg kommunikasjon i dei første generasjonane, og det var det brukelege språket i offisielle dokument som synagoge-ordensreglar. Derfor har tillitsverv i portugisarjødiske meinigheiter framleis ofte portugisiske titlar, slik som Parnas dos Cautivos og Thesoreiro do Heshaim.

Som akademisk grunnspråk vart portugisisk bruka i verk som den halakhiske manualen Thesouro dos Dinim av Menasseh Ben Israel. Portugisisk blir òg bruka — nokre gonger i rein form, andre gonger blanda med kastiljansk og hebraisk — i samband med kunngjeringa av miṣvót (utføring av gudsteneste-element) i esnogaen, i samband med Mi sjebberákh-bøna, og så vidare. Den jødeportugisiske dialekten blir framleis bruka i visse dokumenttypar, men som daglegspråk er jødeportugisisk utdødd. Språket har til ein viss grad påverka dialekten bagitto, den jødeitalienske dialekten i Livorno i Italia.

Portugisarjødar i Skandinavia

I Danmark-Noreg vart det generelt skilt mellom «portugis(ar)jødar» på den eine sida og «(høg)tyske jødar» på den andre. Dei aller første jøden som fekk «beskyttelsesbrev» av kongen i København var portugisarjøden Albert Dionis kring 1619. Nye beskyttelsesbrev vart gjevne til åtte jødar av uspesifisert opphav kring 1620, og til fire portugisiske kjøpmenn kring 1621. I denne tida galdt alle beskyttelsesbrev for busetting i Glückstadt, og med privilegia av 19. juni 1630 vart det gjeve fritt leide til alle portugisarjødar som ville busette seg der.

Trøndelag

Gruvene ved Innset bergverk og Løkken verk var i Henrik Müller sitt eige frå 1657 av, og han hadde den portugisarjødiske Manuel Teixeira som hovudhandelspartner mot den europeiske marknaden. Manuel Teixeira overlét stort sett koparhandelen med Henrik Müller til sonen Samuel Teixeira. Da Müller fekk økonomiske problem i 1680-åra, fekk Manuel Teixeira part i Løkken og Innset bergverk, og i 1691 vart heile Müller sin part pantsett til Texeira. Teixeira tilsette først Humfred Bryghmann som forretningsførar, og deretter Magnus Gabriel. Gabriel viste seg å vera svært prosessglad og gjekk konkurs sjølv. Teixeira overlét så forretningsførselen til Jens Hansen Kollin fram til familien trekte seg ut av den norske marknaden i 1703.[1]

Bergen

Henrik Wergeland skriv: “(...) af en Politianordning fra 1710[2] sees det, at der var Jøder, som dengang havde Lov til at ‘opholde sig, bo og bygge’ i Bergen, saa Ordet ‘fremdeles’ i Gl. § 2 sidste Passus er uden Hjemmel og denne det første positive Lovbud, som udelukker Jøderne fra Norge.”[3]

Fotnotar

  1. Katz, Per: Jøderne i Danmark i det 17. århundrede, København (Selskabet for dansk jødisk historie), 1981, ISBN 87-7421-303-2 , s. 33 ff.
  2. Anordning om Politiens Administration i Bergen. København, 1710.
  3. Henrik Wergeland: Samlede Skrifter IV. Avhandlinger, Opplysningsskrifter. 3. bind: 1839–1842. Tydske Sofismer, Del 3 (d.IV,b.3,s.287)

Lenkjer


Creative Commons License This article is based entirely or in part on the article «Spanish and Portuguese Jews» from the English Wikipedia and can be copied, distributed and/or edited as described in GNU Free Documentation License. For a list of contributors to the original article, see revision history of the original article. For a list of contributors to this version, see revision history of the present page.
Denne artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.