Peder von Todderud

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. nov. 2012 kl. 19:39 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Gulbrandsen von Todderud (fødd i Stange den 17. juli 1691, død i Vang, nåverande Hamar kommune, den 30. mai 1772) var ein offiser som mellom anna utmerka seg under Den store nordiske krig. Han var fødd i bondestand, men oppnådde generalmajors grad og fekk dermed adelskap. Han kjøpte den adelege setegarden Åker i Vang, og budde der dei siste tjue åra av sitt liv. Han vart kjend for sitt framtidsretta jordbruk i ein tidleg fase av Opplysningstida.

Familie

Foreldra var Guldbrand Alfsson (f. ca. 1645) og Bergitte Johannesdotter. Dei var gardbrukarar på Todderud i Stange.

Peder Todderud gifta seg i 1720 i Moss med Maren Olsdotter (1696-1771). Ho var dotter til Ole Jochumsen, formuande borgar i Moss. Todderud omtalar i livsløpsframstillinga si svigerfaren som «seigneur» Ole Jochumsen, og Maren som min «Hustrue Maren Moss». (Ole Jochumsen var ikkje sorenskrivar slik det har vore hevda.)

Ekteparet fekk sonen Barthold Heinrich Todderud (1724-1805), som også vart offiser. Han er openbert oppkalla etter kommanderande general Barthold Heinrich von Lützow, som hadde hjelpt Peder Todderud fram i hans militære karriere. Andre born er ikkje nemnde i det gjennomgåtte kjeldematerialet, men i Norsk biografisk leksikon er Barthold Heinrich omtala som «eldste sønn».