Val til Riksforsamlinga 1814 i Romsdals amt

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. feb. 2016 kl. 15:16 av Cnyborg (samtale | bidrag) (lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk
Amtmann Hilmar Meincke Krohg opna valmøtet, og vart vald til den første ei dei tre representantane frå Romsdals amt.

Valet til Riksforsamlinga 1814 i Romsdals amt fann stad på Nøjsomheden i Molde den 30. mars 1814. Det vart forfatte ei adresse og fullmakt, der det gjerast klart at «Svenske ville vi ikke blive; mod fremmed Vold ville vi vide at forsvare os».

Etter ei innleiande tale ved amtmann Hilmar Meincke Krohg vart dei tre representantane vald:

  1. Amtmann Ridder Krogh
  2. Provst, Ridder Baade, som grunna høg alder ikkje kunne ta på seg oppgåva. Så vart prost Finckenhagen vald i staden, men også han hadde god grunn til ikkje å reise til Eidsvoll. Til slutt vart prost Jens Stub vald som andre representant.
  3. Bonden Elling Olsen Walbøe

Adressa er underteikna av valmennene. Rekkefølgja i tabellen er slik dei står i dokumentet, men dei kan og sorterast på fornamn eller etter andre felt.

Namn Signerte Yrke/tittel Fødeår Valmann frå
Hilmar Meincke Krohg H.M. Krohg, Amtmand Amtmann 1776 Bolsøy prestegjeld
Peter Daniel Baade P.D. Baade, Provst Prost 1737 Borgund prestegjeld
Lars Lund Finckenhagen Finckenhagen, Provst paa Nordm. Prost 1757 Surnadal prestegjeld
Jens Stub J. Stub, Provst i Romsdalen. Prost 1764 Veøy prestegjeld
Peter von Schnitler C. Schnitler, dimit. Capitain. Offiser (pensjonert) 1772 Nesset prestegjeld
Hans Rasmus Astrup H.R. Astrup, Sognepræst til Grytten. Prest 1754 Grytten prestegjeld
Johan Christopher Haar Daae J.C.H. Daae, Sognepræst til Nordalen. Prest 1759 Norddal prestegjeld
Joachim Fredrik Kjelstrup Kielstrup, Sognepræst til Ørskoug. Prest 1764 Ørskog prestegjeld
Peder Thams Buschmann P.T. Buschmann, Sognepræst til Ulfsteen. Prest 1762 Ulstein og Hareid sokn
Georg Burchard Baade Georg Burchard Baade, Sognepræst til Stranden og Stordalen. Prest 1761 Stranda prestegjeld
Andreas Høyem Andreas Høyem, Sognepræst til Agerøe Prestegiæld. Prest 1761 Aukra prestegjeld
Philip Wilhelm Nicoll Philip W. Nicoll, Sognepræst for Haram. Prest 1774 Haram prestegjeld
Hans Holmboe Hans Holmboe, residerende kapellan til Tingvolds Præstegjeld. Prest 1769 Tingvoll prestegjeld
Ole Wigdahl C. Wiigdahl, Borger av Chsund og Handelsmand i Aure. Handelsborger 1772 Aure prestegjeld
Arnt Olsson Semundset Arnt Olsen Semundset Gardbrukar, prestens medhjelper 1770 ca. Aure prestegjeld
Jonas Knutsson Mo Linvåg Jonas Moe Gardbrukar 1759 Edøy prestegjeld
Ole Olsson Grue Ole Olsen Grue Los 1770 ca. Grip prestegjeld
Ole Syversson Øyen Ole Øien Gardbrukar 1761 Edøy prestegjeld
Iver Jonsson Grip Iver Jonsen Grip Los 1768 Grip prestegjeld
Ole Toresson Engvik Ole Engvig Gardbrukar 1752 Kvernes prestegjeld
Elling Endresson Rausand Elling Røsand Gardbrukar 1773 Kvernes prestegjeld
Martinus Larsson Brøske Martinus Larssen Brødch Gardbruker 1784 Stangvik prestegjeld
Anders Larsson Kanestraum Anders Larssen Channestrøm Gardbrukar 1772 Stangvik prestegjeld
Lars Larsson Honnstad Lars Larssen Haandstad Gardbrukar 1758 Surnadal prestegjeld
Erik Pedersson Koksvik Erich Pedersen Koxviig Lensmann 1775 ca. Tingvoll prestegjeld
Peder Olsson Furu Peder Olsen Furrue Skulehaldar 1781 Sunndal prestegjeld
Tore Olsson Opdøl Tore Olufsen Opdøhl Lensmann 1773 Sunndal prestegjeld
Ole Ivarsson Midthaugen Ole Iverss. Mithauen Gardbrukar 1765 ca. Bolsøy prestegjeld
Peder Pedersson Sira P.P. Siira Lensmann 1769 Nesset prestegjeld
Ole Olsson Nesje Ole Olsen Nessje Gardbruker 1773 Veøy prestegjeld
Ole Amundsson Kabbeseter Ole Amundsen Cabsæter Gardbrukar 1778 Grytten prestegjeld
Lars Larsson Langlo Lars Larsen Langeloe Gardbrukar, prestens medhjelper 1761 Stranda prestegjeld
Jakob Peerson Bae Jb Peersen Handelsmann 1777 Bud prestegjeld
Elling Olsson Walbøe Elling Olsen Walbøe Gardbrukar 1763 Ørskog prestegjeld
Lars Trondsson Vestad Lars T: Vestad Gardbrukar, forlikskommisær 1747 ca. Bud prestegjeld
Tore Pedersson Spjelkavik Thor Pedersøn Spilkavigen Gardbrukar 1770 Borgund prestegjeld
Hans Olsson Dale Hans O. Dahle Gardbrukar 1756 ca. Aukra prestegjeld
Torstein Kolbeinsson Standal Tosten Colbensen Standal Gardbrukar 1785 Hjørundfjord prestegjeld
Anders Jakobsson Roald Anders Jacobsen Gardbrukar 1761 Haram prestegjeld
Ole Arnesson Dale Ole A.sen Dahl Gardbrukar, kyrkjeverje 1752 Norddal prestegjeld
Ole Jonsson Standal Ole Jansen Standal Gardbrukar 1778 Hjørundfjord prestegjeld
Ananias Olsson Håbakken Ananias Olsen Haabakken Gardbrukar 1768 Ulstein og Hareid sokn
Sjur Hansson Halkjelsvik Sivert Hansen Halkielsviig Lærar 1787 Volda prestegjeld
Knut Ellingsson Brautaset Knud Ellingsen Brouteseth Gardbrukar 1755 Volda prestegjeld
Elling Rasmusson Rovde Elling Rasmuss. Rodve Lærar, klokkar 1769 Herøy prestegjeld
Jakob Håkonsson Myklebust Jacob Haagens. Myckelbust Gardbrukar, skreddar 1766 Herøy prestegjeld
Nils Christian Ottosson Schreuder Niels Christian Schrøder Handelsmann 1748 Vanylven prestegjeld
Steffen Edvardsson Haugen Stephen Edvardsen Houen Gardbruker 1771 Vanylven prestegjeld