Klåstadskipet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. jul. 2016 kl. 07:34 av PaulVIF (samtale | bidrag) (Museets egen skrivemåte)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Klåstadskipet er ein norrøn knarr som blei funni ganske nært den historiske kaupangen Skiringssal. Skipet hadde forlist, trulig ute i Vikskilen, og drivi innover Klåstadkilen der det gikk ned med lasta si — brynestein-emne frå brynesteinsbrotet i Eidsborg. Sidan skipet forliste ein gong mot slutten av vikingtida har landet stigi to meter i området, så skipet blei funni på eit jorde i 1893. Skipet blei utgravi først i 1970 under leiing av Arne Emil Christensen. Dei bevarte delane inkluderer kjølen på 16,25 meters lengde så vel som store delar av babord side. Stamnane er ikkje bevart, men det blir berekna at totallengda var dryge 20 meter mellom stamnane, og breidda er berekna til 4,5 meter. Fartøyet er klinkbygd, og det er keipar til roing. Treverket er mest eik, men dei øvste bordgangane er av furu og toppbanda av bøk. Klåstadskipet er dendrokronologisk datert til ca. 998. Det er utstilt på Slottsfjellsmuseet i Tønsberg.

Bygging av replika

Frå bygginga av Klåstadskipskopien i Tønsberg.
Foto: Stig Rune Pedersen (9. februar 2016).

I mai 2014 blei det strekt kjøl til ein rekonstruert replika av skipet på Lindahlplan i Tønsberg. Byggestart blei markert ved ein offentlig seremoni der Arne Emil Christensen, som hadde leia utgravinga av skipet i 1970, begynte på barkinga av kjølemnet. Byggeprosjektet er i regi av Stiftelsen Nytt Osebergskip og skipet vil trulig bli sjøsett i 2018.

Kjelder