Lesja kompani
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Lesja kompani kan nyttast som ei samlenemning på den avdelinga av Hæren som i hovudsak bestod av utskrivne soldatar frå Lesja prestegjeld i Gudbrandsdalen.
Etablering og opphør
Ein kan seie kompaniet kom til ved hærordninga av 1718 da Opplandske regiment vart delt i to og avdelingane i Gudbrandsdalen lagt inn under 1. eller Austre Opplandske regiment.
Tidlegare vart soldatar frå Lesja utskrivne til Nordre Gudbrandsdalske kompani. I rullane for det kompaniet ser vi det vart skrive ut 42 mann i 1662 og 1665, 39 mann i 1670, 41 mann i 1693 og det same i 1696.
Så er det ikkje registrert ruller før i 1739, altså 21 år etter delinga av regimentet i 1718, og da er nemninga framleis Nordre Gudbrandsdalske kompani under kaptein Langeland. Men no bestod det av 41 legder og 82 soldatar frå Lesja og Dovre, og ni legder med 18 soldatar frå Sel anneks av Vågå prestegjeld, til saman 100 mann.
Vi kan så seie kompaniet eksisterte som eining med hovuddelen av dei utskrivne soldatane til Hæren vart omorganisert i 1866 og Gudbrandsdalens bataljon fekk 4 kompani der det første bestod av soldatar frå Lesja, Vågå og Lom.
Operasjonar kompaniet deltok i
Sjefar og kompanisjefsgardar
Grad | Namn | Kp-sjef frå | til | Merknder |
---|---|---|---|---|
Kaptein | Carl von Passow | 1718 | 1730 | |
Kaptein | Tosten Langeland | 1731 | 1745 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 3 s. 266 |
Kaptein | Hans Wilhelm Dopp | 1745 | 1746 | |
Kaptein | Johan Wibe Pihl | 1746 | 1748 | Død i stillinga |
Kaptein | Wilhelm Friderich von Hanstein | 1748 | 1752 | |
Kaptein | Ludvig Christian Orning | 1752 | 1765 | Sjå Bygdebok for Lesja bind 3 s. 471 |
Kaptein | Nicolaus Daniel Fischer | 1766 | 1773 | |
Kaptein | Christian Rob. Ruge | 1773 | ||
Døme | Døme | Døme | Døme | Døme |
Døme | Døme | Døme | Døme | Døme |
Ekserserplassar
Kjelder
- Bull, Arne Marensius 2002: Oppland regiment 1657-2002. Elanders Publishing AS.
- Kaptein Lars Kiærlands oversiktsplansjer over hærens organisasjon 1628-1940
- Olai Ovenstads plansjeverk over Hærens organisasjon 1628-1818
- Skanna militære ruller filtrert for Lesja på Digitalarkivet