Jordbruksvatninga på Østre Toten tok så smått til i mellomkrigsåra, då grønsaksdyrkarane i Totenvika la ned vassledningar og pumpa opp vatn frå Mjøsa. På slutten av 1960-talet kom dei fyrste felles vatningsanlegga, og i 2010-åra kan om lag 40.000 dekar jordbruksareal vatnast. Dette utgjer over 1/3 av det samla jordbruksarealet i kommunen og heile 9 % av det samla vatna arealet i Norge. Åkervatninga på Toten kom med elektromotoren og vasspumper med stor kapasitet. Men behovet for vatning har vori her støtt, avhengig av jordsmonn, kva ein dyrkar og varierande nedbør frå år til år. Graset treng vatn etter fyrsteslåtten, for å få i gang att veksten så det blir god avling av håa. Potetene lyt ha vatn utpå seinsommaren, når knollane tek til å vekse. Og skal du vera sikra ei god grønsakavling, lyt det vatn til. Forsommartørken, tørkeperioden vi ofte har føre jonsok, har frå gammalt ofte vori skjebnesvanger for avlinga både av korn og av andre vekster. Les mer …
Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune. (2017)
Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune er den eine av tre gravplassar som vart oppretta etter koleraepidemien i 1849. Dei andre gravplassane er på Jensvoll i Uggdal og Hamarhaug ved Lukksundet, som i dag høyrer til Kvinnherad kommune. I begge høve vart gravplassane, og då særleg gravplassen på Dukaneset, lagt så langt vekk frå folk og vanleg ferdsel som råd, fordi ein var redd for smittefåra og at det ein såg på som pest kunne spreia seg vidare og utvikla seg til ein omfattande epidemi. Gravplassen vart til liks med dei andre kyrkjegardane gjort ferdig og vigsla på vårparten 1849. Året etter vart gravplassen inngjerda med ein steinmur, og i 1874 vart det laga ein smijarnsport. Martinius Tysnes nemner i sin artikkel i Sunnhordland Årbok at slik inngjerding var meir i bruk på Vestlandet enn andre stader. Kolerakyrkjegarden på Dukaneset er i dag overgrodd av gras og buskar og lite vedlikehalde. Det finst ingen synlege spor etter dei ti gravene der. Les mer …
|