Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Kjellaug Bø.
Foto: Henta frå Studentene fra 1922 (1951)

Kjellaug Bø (fødd 30. juni 1900 i Vestre Slidre, død 20. juli 1930 i Nord-Aurdal) var lærar og folkeminnesamlar.

Biografi

Bø blei døypt 16. september 1900 i Vestre Slidre i Valdres.[1] Der budde ho med foreldra Ola E. Bø (1867-1917) og Ingebjørg Olsdatter Bø (1870-1929), begge frå Ulnes i nabokommunen Nord-Aurdal.[2] Faren var lærar, folkehøgskulestyrar og målmann. Han stifta og leia Valdres folkehøgskule, og han var sentral i skipinga og drifta av Valdres Folkemuseum. Bø sat dessutan i styret for Austmannalaget, og var med på å grunnlegga avisa Valdres.[3]

I 1910 har både familien og Valdres folkehøgskule flytta til Leira i Nord-Aurdal, og Bø har fått tre småsysken.[3][4]

Bø tok artium ved Voss landsgymnas i 1922, der ho gjekk engelsklinja med faga norsk, engelsk, tysk og matematikk.[5][6] Bø var skuleflink og fekk M. tf. (meget tilfredstillende) som hovudkarakter.[7] Sidan tok Bø lærareksamen ved Stord lærarskule. Ho arbeida som lærar ved Granlund skule og Rudsbygden skule. Begge skulene låg i Fåberg, nå Lillehammer.[8] I Norsk skoletidende skildra ein ho som "en ualmindelig sympatisk, samvittighetsfull og interessert lærerinne, med et stille og beskjedent vesen - arbeidsvillig og pliktoppfyllende."[9]

Sommaren 1930 var Bø heime i Valdres på sommarferie. Ho blei brått sjuk natt til 20. juli. Legar blei bodsende, og ho blei frakta til sjukehuset. "Men dokterane kunde ingen ting hjelpa, og sundagsmorgonen 20. juli kom den såre bodskapen at ho var død",[10] som ein skreiv i avisa Valdres 29. juli.

Virke som folkeminnesamlar

I januar 1921 leverte Bø inn folkeminner ho hadde samla i Nord-Aurdal til Norsk folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo. Då var ho elev ved Voss landsgymnas. Materialet fyller ei mappe, og inneheld eit notat om lokale juleskikkar og nokre forteljingar "so e hørde tå'n gamal mann i hembygda mi."[11] Forteljingane omfattar anekdotar om folk og stader i bygda, men òg forskjellige varsel og ein song.

Materialet Bø har samla har blitt brukt i publikasjonar som Påske: Tradisjoner omkring en høytid Ørnulf Hodne frå 1988, Åringsmerke av Kjell Bondevik frå 1933 og Vår gamle trolldomsmedisin av I. Reichborn-Kjennerud frå 1947.

Kjelder

  1. Digitalarkivet, "Klokkerbok for Vestre Slidre prestegjeld, Lomen sokn 1881-1915 (0543P): Fødte og døpte: 1900-09-16: Kjellaug" URL: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000027452530
  2. Digitalarkivet, "Folketelling 1900 for 0543 Vestre Slidre herred: Kjellaug Olsd. Bø" URL: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037102000774
  3. 3,0 3,1 Allkunne, s.v. "Ola Eiriksson Bø", av Oddmund L. Hoel, 23. april 2021.https://www.allkunne.no/framside/biografiar/b/ola-eiriksson-bo/85/5518/
  4. Digitalarkivet, "Folketelling 1910 for 0542 Nord-Aurdal herred: Kjellaug Bø" URL: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036453000711
  5. Den 17de Mai, 21. juni 1922.
  6. Framnes, Halvard, Sigurd Eskeland og Per Tylden (red.) Voss offentlege landsgymnas : ei tretti-årsskrift : 1916-1946. Voss: 1946. s. 119.
  7. Det kongelige Frederiks universitets årsberetning for beretningsaaret 1ste juli 1921-30te juni 1922 samt universitetets matrikul for 1922. Kristiania: 1924.
  8. Laagen, 24. juli 1930.
  9. Norsk skoletidende, 1930 62. s. 425.
  10. Valdres, 29. juli 1930.
  11. NFS-Bø, K. (Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo).

Litteratur og kjelder

Braka
Alt. navn: Braker
Sted: Leirskogen
Fylke: Innlandet
Kommune: Sør-Aurdal
Gnr.: 44

Braka er en matrikkelgård (gnr. 44) i bygda Leirskogen i Sør-Aurdal kommune i Valdres. I henhold til sagn overnattet Hellig Olav på gården «Brage». Gården er antatt å være restene av det gamle gårdstunet på Stabburshaugen.

Kilder og litteratur

Videre lesing