Begna
Begna | |
---|---|
Begna gjennom Nord-Aurdal. Foto: Nasjonalbiblioteket (1948/1949).
| |
Basisopplysninger | |
Alt. navn: | Ådalselva |
Lengde: | 213 km |
Samlet fall: | 908 m |
Middelvannføring: | 88 m³/s |
Nedslagsfelt: | 4851 km² |
Kilde: | Otrøvatnet |
Høyde ved kilde | 971 moh. |
Utløp: | Samløp med Randselva ved Hønefoss |
Høyde ved utløp: | 63 moh. |
Renner gjennom: | Vangsmjøsi, Slidrefjorden, Strondafjorden og Sperillen |
Begna er ei elv i Valdres. Vassdraget den tilhøyrer renn frå Steinurdalstjern i Vang kommune, på 1429 moh., men namnet Begna får vassdraget fyrst der Ylja renn saman med Otrøelva. Elva munnar ut i Sperillen, og er ei av dei største tilløpselvene i Drammensvassdraget, og sør før Sperillen kallas elva og Åcdelaelva.
Steinurdalstjern har avløp til Tenlefjorden. Derifrå renn Tenla til Otrøvatnet, og frå dette renn Otrøelva vidare til ho møter Ylva og danner Begna. Langs vegen nedover Valdres dannar elva innsjøane Vangsmjøsi, Slidrefjorden og Strondafjorden. I sistnemnde renn også Dalsåni ut, men også lenger ned kallast elva Begna. Nedanfor Strondafjorden, som ligg ved Fagernes, kallast dalen Begnadalen, og i enden av denne renn elva ut i Sperillen. I Begnadalen er elva også kjend som «Storelva» frå Mikkjel Fønhus sin dikting. Distansen er på om lag 213 km, med ein høgdeskilnad på om lag 908 meter.
Frå Sperillen renn Ådalselva vidare til Hønefoss der ho etter Hønefossen møter Randselva og renner videre som Storelva før ho munnar ut i Tyrifjorden.
Frå 1886 gjekk jarnbanens dampskip DS «Bægna» i gods- og persontrafikk frå Hen med Hen stasjon i Ådalselva, vidare gjenom Sperillen og opp Begna til Sørum i Sør-Aurdal. Då Sperillbanen kom i 1926, vart endestoppen flytta til ny dampskipsbryggje ved endestasjonen Sperillen stasjon på Finsand. Frå 1929 gjekk båttrafikken med ein motorbåt fram til båttrafikken og persontrafikken på Sperillbanen vart lagt ned i 1933.
Kraftutbygginga i Begna har ei maksimal yting på om lag 326 MW (2003). Det største kraftverket er Åbjøra kraftstasjon i Nord-Aurdal kommune. Tidlegare var Begna også ei viktig fløytingselv.
Namnet kjem frå bygdenamnet Bagn, og er ikkje forklara.
Galleri
- Dampskipsbrygga med DS «Bægna» og godsvogner.Foto: Norsk Jernbanemuseum (1925).
- Vangsmjøsa.Foto: Jørgen Aune (1904).
- Strondafjorden.Foto: Marthinius Skøien (omkr. 1880–1898).
Kjelder
- Faktaark fra Kartverket finnes.
- Begna i Store norske leksikon