Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artikleneHanna Resvoll-Holmsen f. Resvoll (fødd 11. september 1873 i Vågå, død 13. mars 1943 i Oslo) var botanikar, og saman med søstera Thekla Resvoll ein av dei kvinnelege pionerane i dette faget. Ho voks opp i Vågå, med ei mor som hadde ein flott blomsterhage og som gav interessa for planter vidare til døtrene. Do ho var fem flytta familien til Kristiania. Som barn var ho alvorleg sjuk, og etter at ho fylte tolv var ho lite på skulen. Jamvel fekk ho som nittenåring teke middelskuleeksamen, og i nokre år var ho lærar i botanikk. Først i 1902 fekk ho tatt examen artium på latinlinja. Ho byrja så å studere realfag, og hadde nokre gode år på Det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. I 1910 tok ho hovudfag i botanikk, slik søstera hadde gjort i 1899. Det første feltarbeidet ho gjorde var noko tidlegare, i 1907. Då var ho med på ekspedisjonen til oseanografen Albert I av Monaco til Svalbard. Ho var den einaste kvinnelege deltakaren, men ser ut til å vorte teken på alvor, for ho vart rodd i land med telt, privant og botanisérkasse – og eit gevær om det skulle kome isbjørn. Året etter drog ho åleine til Svalbard for å fotografere for bokverket om ekspedisjonen. Ho etterlet seg ein stor plantesamling frå somrane på Svalvard, og tok nokre av de første fargebileta av arktisk flora. Boka Observations botaniques kom i populærutgåva Svalbards flora i 1927, og var den første floraen for øygruppa. Les mer …Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i Berg på Senja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement. Les mer …
Christen Mølbach (fødd 8. november 1766 i Kristiansand, død i Egersund 7. juli 1834) var kjøpmann og skipsreiar i ladestaden Egersund, dansk og nederlandsk visekonsul, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Han var blant dei leiande og mest velståande i det egersundske borgarskapet dei fyrste tiåra av 1800-talet, med base i det staselege herskapshuset Nesgård, ein eigedom som hadde følgt med ekteskapet. Mølbach kom til Egersund som sorenskrivarfullmektig. Kva slag utdanning han hadde, framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder. Det blir påpeikt i Egersund byhistoriske leksikon at Mølbach hadde eit utgangspunkt i danningsborgarskapet. Han hadde reist mykje, og hadde kanskje juridisk utdanning. Danningsbakgrunnen og hans praktiske verksemd som kjøpmann på den internasjonale marknaden gav han god innsikt i europeisk politikk og maktforhold i tida. Les mer …
|
Aktuelt
Om lokalhistoriewiki.nolokalhistoriewiki.no drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI), men artikler skrives og bilder lastes opp av frivillige med interesse og kompetanse innen områdene den dekker, og både faghistorikere og amatører er velkomne som bidragsytere. Wikien har nå 73 428 artikler og 210 431 bilder, og om du vil bidra kreves det kun at du registrerer deg. Via forsideoversikten eller røde lenker i artiklene kan du se om noen allerede har begynt å arbeide innenfor ditt interessefelt, og via sidene om wikien og redigeringshjelp får du starthjelp. |