| Om Tinn kommune
|
| Tinn kommune ligg i Vestfold og Telemark fylke (før 1. januar 2020 i Telemark). Kommunen grensar i nord og aust mot Viken fylke (kommunane Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg), i vest og sør mot kommunane Vinje, Seljord, Hjartdal og Notodden i Vestfold og Telemark. Dagens kommune vart oppretta i 1964, da det tidlegare Hovin herad vart delt mellom Tinn og Notodden. Det opphavlege Tinn herad frå 1838 fall saman med Tinn prestegjeld, som da bestod av sokna Hovin, Atrå, Mæl og Dal. Hovin sokn vart skilt ut frå Tinn og lagt til Gransherad i 1860. Tinn kommune omfattar Rjukan by, industristad og kommunesentrum. Rjukan har ein eigen plass i historia om motstandsrørsla under andre verdskrigen, spesielt på grunn av Tungtvassaksjonen i 1943, og fordi ei rad av dei fremste motstandsfolka kom frå Rjukan, deriblant Gunnar Sønsteby. Med sine ca. 3300 innbyggjarar (2012) har byen godt og vel halvparten av befolkninga i kommunen. Andre, mindre tettstader eller bygdesentra er Miland, Atrå, Austbygde og Hovin. Kommunen forandra sterkt karakter da Rjukan-fossen vart utbygd og Norsk Hydro etablerte verksemd i Vestfjorddalen tidleg på 1900-talet. Framleis er det ein god del jordbruk og skogbruk i kommunen, og kommunen omfattar store høgfjellsområde, mellom anna med søraustre delen av Hardangervidda. Gaustatoppen (1883 moh) ligg i Tinn, rett opp for Rjukan. Før jordbruket vart mekanisert, var Tinn kjent for sine mange ljåsmedar. Bygda er elles kjend for folkekunst, særleg felespel og rosemåling. Les mer ...
|
|
|
| Smakebitar fra artiklar
|
Snowshoe Thompson fotografert i USA. Foto: Ukjent
Snowshoe Thompson (1827-1876) - fødd som Jon Torsteinson Rue i Tinn Austbygd – er tvillaust den av alle utvandra tinndølar som har blitt mest berømt i USA. Etter nokre år i USA endra han namnet sitt til John A. Thompson og vart etter skibragdene sine seinare mest kjend som Snowshoe Thompson. I statane California og Nevada er det reist ei rekke minnesmerke og teksttavler til ære for «the mailman and Hero of the Sierra» og området rundt olympiastaden Squaw Valley vart vedtatt å skulle kallast Snowshoe Thompson State Park. Han er truleg den einaste tinndøl som har fått minneord i New York Times ved sin død, og som har blitt heidra med helsing frå president Gerald Ford og guvernør Ronald Reagan på hundreårsdagen for sin bortgang. Les mer …
Theodor Damm Møinichen Foto: Agderposten 1957
Theodor Damm Møinichen var født i 1872 og døde i Arendal i 4. juli 1957. Møinichen var politimester på Rjukan og i Arendal.
Disse glimtene fra hans liv speiler dels hans egne holdninger, men også krevende situasjoner og en rolleutførelse i tråd med forventningene fra hans overordnete. Men ofte var han midt i lokalsamfunnets mange spenninger og konflikter. Les mer …
Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen). Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.
Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i Berg på Senja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.
Les mer …
Nils Kvåle i lokalene Biblioteket leigde av Atrå Samfunnshus frå 1961 til 1998 Foto: Ukjend fotograf/Rjukan bibliotek 1970
I 1952 vart det inngått samarbeidavtale mellom folkeboksamlingane i Tinn. Rjukan bibliotek var det naturlege valet som hovudbibliotek, medan biblioteka i bygdene fekk status som filialar.
Dei fyrste “almue”biblioteka i Tinn vart oppretta på Mæl i 1854 og Atrå året etter. Det var presten Sigholt som ivra for dette. Les mer …
Sørensbjørka vart freda 1917. Ho skal ha ruva godt i terrenget, men kunne ikkje stå imot hardvinden ein julidag i 1942. Foto: Ukjent fotograf/Tinn kommune
Sørensbjørka var eit legendarisk høgt tre som sto i nærleiken av Dugningshaugen i Atrå, Tinn kommune, på prestegarden sin grunn. Treet vart freda ved Kongelig resolusjon 19. januar 1917, men sto støtt enno i 25 år, før det fall under hardvinden sommaren 1942. Bjørka skal på sitt største ha vore omkring 30 meter høg og vel 3 meter i omkrins. Sørensbjørka er også kjent i lokal munnleg tradisjon under namn som Prestebjørka og Rarebjørka. Så vel namnet Sørensbjørka som Prestebjørka peiker attende til treet sitt opphav. Les mer …
Artikkel fra årsskrift for Øvre Annex 2008.
Tomy Johanne Brun ble født på Rjukan 17. februar 1915, død i Trondheim 2007. Hennes foreldre var Aslak Olavsson Svingjom, Åmotsdal (1877-1948) og Signe Jørgensdatter Åren, Flatdal (1876-1966). Hun vokste opp på Rjukan og ble i 1941 gift med den kjente tungtvannseksperten, kjemiingeniør og sjef på den norske tungtvannsfabrikk på Vemork, Jomar Brun (18.06.1904 i Trondheim - 26.08.1993 i Flatdal, Seljord), som var sønn av distriktstollinspektør Lorents Brun og Ingrid. Paret flyttet senere til Trondheim.
Tomy og Jomar Brun sine urner er satt ned på kirkegården ved Flatdal kirke i Seljord kommune. Under krigen var Tomy tilknyttet motstandsbevegelsen gjennom Special Operations Executive, Norwegian Section. Les mer …
|
|
|
| Sjå òg
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Tinn kommune
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|
|
|