Flyfoto Moldøyna 1963. Våningshusa frå venstre: bnr 12, bnr 2, bnr 20 og bnr 3. Foto: Widerøes Flyveselskap
Moldøyna er ei øy som ligg nord for hovudøya Fedje. Den vart knytt til Fedje ved ei vegfylling i 1960/1961. Namnet kjem av mold, jord (O. Rygh). Uttalen er «målløynæ» eller «mådløynæ». Første gongen me finn namnet i dei skriftlege kjeldene i 1603, vart det skrive Moldøen. Dette var lenge den vanlege skrivemåten, og vert framleis nytta som slektsnamn av mange.
Den gamle landskylda til Moldøyna var 1 våg 18 merker fisk, eller i smørskyld 1 pund 21 merker. Matrikkelen 1665 syner at ein på heile Moldøyna kunne fø sju naut, utsåd er ikkje nemnt. Les mer …
Båtbyggeriet i Lunde produserte lystfartøy på 1920- og 1930-talet, inntil marknaden for slike båtar svikta. Truleg eit postkort frå 1930-talet.
Lunde Båtbyggeri på Tysnes i Sunnhordland vart etablert i 1912 og var i drift til 1967. Johannes M. Lunde både eigde og dreiv verksemda. Han bygde først båtar ute i Skutevikjo, på den andre sida av Lundavågen. I heilt unge år var Johannes M. Lunde nokre få turar på Nordland, før han byrja reisa utanriks i 1900. Året etter mønstra han av i New York. Her gjekk han på bygnings- og skipsverftsarbeid, i tillegg til teknisk kveldskule. Så kom han heim i 1910, gifta seg og byrja med båtbyggeriet i Skutevikjo.
Tidene var ofte dårlege for verven. Han måtte fleire gongar ta seg hyre til sjøs for å få endane til å møtast, forutan fleire nye opphald i USA. Først i 1935 kom det fart på båtbyggeriet i Lunde att, som han dreiv fram til han døydde i 1954, då sonen Olav overtok. Les mer …
|