Smakebiter fra artiklene
Ole Sivertsen og kona Anne. Biletet må vere teke i 1884 eller litt tidlegare. Fotograf ukjend.
Ole Sivertsen Hyrve (fødd i
Skjåk 16. mai 1814, død same stad 26. desember 1884) var gardbrukar og politikar i Skjåk og ei kortare periode i
Grytten i
Romsdalen. Han var ein svært sentral person i Skjåks historie på 1800-talet. Han var leiande innan den liberale fløya i bygda i 1870- og -80-åra, og rakk så vidt å bli leiar i det første
venstrelaget i Skjåk det siste året han levde.Ole Sivertsen var fødd og oppvaksen på garden
Hyrve i Nordberg sokn i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet
Anne Olsdotter og
Syver Sylfestsen. Båe foreldra var kjende
haugianarar i bygda. Han hadde fem sysken. Eldst var broren
Sylvester Sivertson.
I motsetnad til broren Sylvester fekk Ole lite og ingenting av skolegang ut over allmugeskolen. Som nittenåring i 1833 var han nokre månader hjå broren i Christiania for å få litt undervisning. Undervisning vart det mindre av, men dess meir politiske og ideologiske impulsar frå det miljøet av bondetingemenn og liberal intelligentsia som Sylvester Sivertson stod midt oppe i.
Les mer …
Fjørmannsfar (jf.
islandsk fjögramannafar og
færøysk fýramannafar), òg kalla
firmannsfar,
fjørnfar,
fjørefar,
fjøfar m.m., var ein båttype som var vanlig i alle fall frå 1600-talet og fram til 1800-talet. I ulike kjelder blir dei omtala som båtar med fire, fem eller seks rorsrom. Fjørmannsfar var vanlige i alle fall på både
Sunnmøre og
Nordmøre. I skifteprotokollane frå Nordmøre på andre halvdelen av
1600-talet ser fjørmannsfara ut til å ha vore ein slags
fyringar.
Hans Strøm skriv i
Søndmørs Beskrivelse (
1762): «Fjøringfar eller Fjæringfar, som af andre kaldes Fjærmandsfar, er et Navn, som uden Tvivl vil sige det samme som Firerøings-Far, efterdi det tillægges en Baad med 4 Par Aarer, som dog altid bemandes med 6 Karle og er det almindeligste Slags Havbaad, hvormed man i Vaar-Fiskeriets Tid reiser 2 til 4 Mile ud i Havet for at fange Torsk.» I eit notat frå Ole Ekkilsøyvåg frå
Averøya sitert i
Nordmøre fiskerisoge er
fjøfar omtala som eit anna namn på
femroring.
Les mer …
Søndre Haugen i Lurdalen.
Lurdalen er en sidedal til
Numedal, som ligger i kommunene
Øvre Eiker og
Flesberg på østsiden av hoveddalføret. Dalføret går fra
Kjennerudvannet i sør, på grensen mellom Øvre Eiker og
Kongsberg, omtrent rett nordover i sju kilometer før det krysser kommunegrensen til Flesberg ved gården
Ulland. Deretter bøyer dalen av mot nordvest og faller forholdsvis bratt ned i
Svene i Numedal. Lurdalen består for en stor del av skog, med spredt bebyggelse, vesentlig i form av småbruk.
Fylkesvei 96 går gjennom dalføret.
Les mer …