Malmvegen 19 (Bykle)
Malmvegen 19 | |
---|---|
Utskilt: | 1978 |
Stad: | Hovden |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 2 |
Bnr: | 360 |
Type: | Bustadseigedom |
Malmvegen 19 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av Terje Ekroll og den dåverande kona, Anne Britt Arnestad (sjå Jernvegen 2-4-6-8, bnr 648) i 1979. Dei overdrog det sidan til Sparebanken Sør, som i 1989 selde det til Petter og Solveig Ross.
Petter Ross, f 1950
- Solveig Marie Ross, f 1953. Born:
Petter og Solveig er båe frå Grimstad, og flutte til Hovden frå den byen i 1989, då Petter vart banksjef i Sparebanken Sør på Hovden. Solveig arbeidde i Fjellgardane barnehage. I 2002 flutte dei til Herefoss, og selde då huset her til Tone Øverland, som året etter flutte til Rauland, og selde vidare til ho som bur her nå:
Elin Zernichow Monsen, f 1962
Elin er oppvakse i Kristiansand som dotter åt Arvid Reidar Monsen og kona Inga, fødd Zernichow. Foreldra har budd på Hovden sidan 1992 (sjå Belglii 57, bnr 534). Elin flutte til Hovden frå Stavanger i 2002. Ho vart direktør ved Hovden Høyfjellshotell i 2005.
Malmvegen 19 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder Førre bolk: Malmvegen 18 • Neste bolk: Malmvegen 20 |