Bernhard Rutledal
Bernhard Rutledal (fødd 22. august 1902 i Rutledal i Gulen kommune, død 11. september 1998 i Balestrand) var lærar. Fleire av syskna arbeidde òg i skulen; Konrad Rutledal var lærar nokre år før han vart bonde, Gunnhild Rutledal var lærar i Rutledal og Sygnefest og Olav Rutledal var lærar på Voss.
Han var son av ordførar og bonde Hans Kolbeinsson Rutledal (1865-1959) og Sygni Olsdotter Slengesol. Faren var ordførar i Gulen 1911-31. Bernhard Rutledal tok eksamen ved Hamar lærerskole i 1924 og arbeidde fyrst som vikar i Hyllestad og Gulen. I 1926 vart han tilsett ved Sudøyane skule i Gulen. I åra 1949-1969 arbeidde han ved Seljedalen skule og Flatbygdi skule i Vik kommune. Rutledal var og organist i Vik kyrkje og songkorleiar i mange år. Heime i huset sitt i Balestrand hadde han eige kyrkjeorgel.
Rutledal vart gift med Anna Høyvik frå Balestrand, dotter av treskjerar Ivar Høyvik frå Gulen og Eli Sætre frå Voss.
Kjelder og litteratur
- Berenhard Hansen i folketeljinga 1910 for Gulen herred frå Digitalarkivet
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Sæbø, Arne Inge: Skulesoge for Vik. Utg. Vik lokalhistoriske arkiv og Skald. 2005. ISBN 82-7959-071-4.