Evje (Evje og Hornnes)

Evje er ein tettstad og administrasjonssenter i Evje og Hornnes kommune i Aust-Agder. Staden ligg ved Otra. Fylkesveg 42 mellom Arendal og Egersund kryssar riksveg 9 frå Kristiansand til Haukeli. Evje er eit viktig handelssenter for Setesdal. Det bur noko under 2300 innbyggjarar i tettstaden (2012), nær 2/3 av folketalet i kommunen.

Frå 1877 til 1960 var Evje administrasjonssenter for Evje kommune, som fyrst vart utskilt frå Evje og Vegusdal kommune, og så samanslegen med Hornnes kommune til dagens Evje og Hornnes.

Evje har ein del industri, som treforedling og båtproduksjon. Det er også feltspatbrot der, og tidlegare var det gruvedrift ved Evje.

Sør for sentrum finn ein Evjemoen, ein militærleir som vart nedlagt i 2002. I dag ligg Evjemoen museum der.

Kjelder

Eksterne lenker

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!

Koordinater: 58.5857° N 7.80362° Ø