Hagatun (Fedje gnr 168 bnr 251)
Hagatun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
| Hagatun | |
|---|---|
| Sokn: | Fedje sokn |
| Fylke: | Vestland fylke |
| Kommune: | Fedje kommune |
| Gnr.: | 168 |
| Bnr: | 251 |
| Adresse: | Flundrevågsvegen 27 |
1. Olaf Holm f. 1951 Ålesund d. 2003 g. 1975 m. Wenche Larsen f. 1952 Ålesund, budde først der. Skøyte 1982 på tomt frådelt Stuberg gnr 168 bnr 19 i 1975, då kjøpt av Einar Simonnes, sjå Eide gnr 168 bnr 65-1b. Huset vart òg bygd i 1982. Olaf var disponent i Fedje Fryseri AS frå 1979, seinare i Holmfisk AS (jf Kremmarholmen gnr 169 bnr 6-6). Familien flytta til Ålesund i 1987.
Born: a. Hilde Holm f. 1977, bustad Bergen. b. Anne Holm f. 1980, bustad Ålesund. c. Elisabeth Holm f. 1982, bustad Valderøya i Giske.
2. Morten Gullaksen f. 1966 Kopper (gnr 168 bnr 141-1d) g. 1991 m. Monika Haukeland f. 1970 Masfjorden (jf Masfjordb. I s 387 og 392) fekk skøyte her i 1987. Morten er fiskeoppdrettar, medeigar AS Gullaks 1986-1996. I 1993 selde dei huset, og flytta til Duesund i Masfjorden. Sjå òg Stormark gnr 172 bnr 38-4.
Born: a. Ida Marie Gullaksen f. 1989, lærar, samb.m. Roy Andre Erstad Storheim f. 1986 Radøy (jf Radøyb. IV s 567), busette der, no i Alver kommune. b. Halvard Werner Gullaksen f. 1993, bustad Duesund. c. Ingebrigt Olai Gullaksen f. 1996, bustad Bergen.
3. Åge Storemark f. 1963 Husa (gnr 168 bnr 126-1d), prosessteknikar, g. 1988 m. Monica Nordby f. 1968 Stormark (gnr 172 bnr 117-1d), fiskeindustriarb., barnehageassistent. Skøyte her i 1993.
Born: a. Ine-Beate Storemark f. 1986, bustad Husøyna (gnr 168 bnr 208-4). b. Heidi Storemark f. 1990 samb. 2011 m. Viljar Grøtte Stikholmen f. 1990 Bergen (sjå Tangane gnr 168 bnr 401-2b), begge butikkmedarbeidarar, bustad Bergen. c. Charlotte Storemark f. 1999, bustad Bergen.
| Hagatun (Fedje gnr 168 bnr 251) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Lunheim (Fedje gnr 168 bnr 250) • Neste bolk: Vårheim (Fedje gnr 168 bnr 259) |