Ingvar Hestnes

Ingvar Hestnes (19041990) var ein spelemann frå Valsøyfjord i Halsa kommuneNordmøre.

Gravsteinen over Ingvar Hestnes på kyrkjegarden ved Valsøyfjord kyrkje.
Foto: Olve Utne (2015).

Ingvar Hestnes vart fødd den 30. mars 1904 av foreldra Nils Johansen Hestnes (f. 1860, bonde og stortingsmann) og Anne Jørgensdt. Skogset (f. 1867).[1] Han vart interessert i felespel som 8-åring, men den første tida spela han berre på ei fjølfele som ein eldre bror hadde laga åt honom, og seinare i barndommen vart det mest spel på tyskfele (flatfele, vanleg fele). Da Ingvar var 19 år gammal, kjøpte faren ei hardingfele åt honom gjennom kristiansundsspelemannen Nils Bakke, og det var hardingfela som kom til å stå hjarta hans nærmast.

Han spela folkemusikk frå Nordmøre med hovudvekt på tradisjonen etter Holger Aresvik, Hallvard Ørsal og Erik Almhjell, men sette eit sterkt personleg preg på slåttane gjennom spelestilen sin. Ein av dei slåttane han sette mest preg på var den som var kjent som «Bruramarsj frå Valsøyfjord», men han hadde òg ein svært ekspressiv vri på sunndalsslåtten «Grølislåtten». I tillegg spela han ein del gammaldans og laga ein del eigne melodiar — slik som valsane «Drømmaren» og «Fjellvandraren».

I kappleikssamanheng har han vunne 1. premie i hardingfele (Fylkeskappleiken i Møre og Romsdal), 2. premie i hardingfele (Fylkeskappleiken 1967 og 1969) og 2. premie i vanleg fele (Distriktskappleiken 1968, Fylkeskappleiken 1971). Ingvar Hestnes dødde den 27. februar 1990.

Fotnotar

Kjelder

  • Bratteng, Per-Kr.: «83-åringen Ingvar Hestnes: En folkemusiker spiller ikke etter noter», i Nordmørsposten, 14.08.1987.
  • Halse, Leif: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim (Nordmøre Spelemannslag / Rune Forlag), 1973. ISBN 8252300227

Eksterne lenkjer