Johannes Aarflot (1867–1930)

Johannes Aarflot (fødd 20. januar 1867 i Ålesund, død 17. mai 1930 same stad) var ordførar og bokhandlar i Ålesund.

Slekt og familie

Han var det eldste bornet til stortingsrepresentant Johannes Amundsson Aarflot (1824–1891) og Anna Gulandine Drabløs (f. 1846). Faren tilhøyrde slekta Aarflot - han var son av salmediktaren Berte Kanutte Aarflot og datterson av Sivert Aarflot.

Han vart i 1895 gift i Moss med Joachime Johanna Brinchmann (f. 1874), dotter av tollkasserar Harald Christophersen Brinchmann og Anna Margrethe Atlesen Brinchmann. På farssida tilhøyrde ho slekta Brinchmann. Paret fekk minst tre born.

Liv og virke

I 1884 tok han examen artium frå Ålesund Latinskule. Han byrja så studere jus i Kristiania, og tok juridisk embetseksamen i 1891. Etter ein kort tid som fullmektig ved Nordre Sunnmøre sorenskrivarembete, samstundes med at han var redaktør i Aalesunds Handels- og Sjøfartstidende, tok han over faren sin bokhandel, J. Aarflot Bok & Papirhandel. Butikken hadde óg trykkeri og bokbinderi.

I 1896 kom han inn i bystyret i Ålesund, der han sat til 1916. Frå 1899 til 1908 var han i formannskapet, og frå 1905 til 1907 var han ordførar. Han var óg leiar i Ålesund Høgre i ei årrekke, og han var redaktør i høgreavisa Søndmøre Folketidende. Tida som ordførar var sterkt prega av bybrannen i 1904. På grunn av sviktande helse måtte han trappe ned sin politiske aktivitet.

Han var i 1899 med på å skipe Aalesunds Mekaniske Verksted, og vart fyrste formann i direksjonen der. Aarflot engasjerte seg sterkt i saka om bygging om Raumabanen.

I 1906 vart han dekorert med kroningsmedaljen i samband med kroninga av Haakon VII.

Riksantikvaren har i samlinga nokre postkort frå Ålesund merka med «Eneret J. Aarflot».[1] Desse vart utgjevne av bokhandelen, men det er grunn til å tru at det var Johannes Aarflot sjølv som hadde tatt dei. Han dreiv nemleg óg med fotografi i bokhandelen, og hadde annonser for både sal av fotoapparat og fotografiske reproduksjonar av kunst.[2]

Referansar

  1. Sjå Kategori:Bilder av Johannes Aarflot.
  2. Jf. fleire annonsar i Søndmøre Folkeblad. 1911-12-13. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur og kilder

  Johannes Aarflot (1867–1930) er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.