Møre og Romsdal politidistrikt
Møre og Romsdal politidistrikt vart oppretta 1. januar 2016, då Nordmøre og Romsdal politidistrikt vart slått saman med Sunnmøre politidistrikt. Hovudsetet er i Ålesund.
Distriktet dekker alle dei 26 kommunane i Møre og Romsdal, og har òg ansvaret for kontinentalsokkelen og den økonomiske sona mellom 62. breddegrad og 65. breddegrad 30 minutt.
Stasjonane og lensmannskontora i distriktet er per 2020:
- Aure lensmannskontor, Aure.
- Haram lensmannskontor, Brattvåg.
- Herøy og Sande lensmannskontor, Ulsteinvik (mellombels samlokalisert med Ulstein og Hareid lensmannskontor).
- Hustadvika lensmannskontor, Elnesvågen.
- Kristiansund politistasjon, Kristiansund.
- Molde politistasjon, Molde.
- Rauma lensmannskontor, Åndalsnes.
- Smøla lensmannskontor, Smøla.
- Stranda lensmannskontor, Stranda.
- Sunndal lensmannskontor, Sunndalsøra.
- Surnadal lensmannskontor, Surnadal.
- Sykkylven lensmannskontor, Sykkylven.
- Tingvoll lensmannskontor, Tingvoll.
- Ulstein og Hareid lensmannskontor, Ulsteinvik.
- Vanylven lensmannskontor, Fiskå.
- Vestnes lensmannskontor, Vestnes.
- Volda og Ørsta lensmannskontor, Hovdebygda.
- Ålesund politistasjon, Ålesund.