Meldal kommune

Meldal kommune er ein tidlegare kommune i Trøndelag fylke som grensa til Orkdal i nord, Melhus og Midtre Gauldal i aust, Rennebu i sør og Rindal i vest. Kommunen har namn etter administrasjonssenteret Meldal. Andre tettstader i kommunen er Løkken Verk, Storås og Å. Kommunen vart i januar 2020 ihopslegen med Orkdal, Agdenes og Krokstadøra i den tidlegare Snillfjord kommune til nye Orkland kommune.

Meldal kommune
1636 Meldal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1636
Fylke Trøndelag
Kommunesenter Meldal
Areal 0  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 0  km²
Folketall (2018)
Grunnlagt 1838
Målform Nøytral
Nettside Nettside

Meldal er ei jordbruksbygd med særleg vekt på mjølkeproduksjon, men òg med ein del korndyrking på dalbotnen. Løkken Verk var eit gruvesamfunn, der dei rike kisforekomstane vart henta ut frå 1654 til 1987. Thamshavnbanen, som no er museumsbane, vart oppretta og opna i 1908 for å frakte kis frå Løkken til Thamshavn ved Orkanger. Løkken Verk, Storås og Å har nå ein del industriverksemder.

Eksterne lenker

  • Adresseavisen på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek (tilgang i norske bibliotek)
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!