Myri 1 (Bykle)

Myri 1 i Bykle vart utskilt frå Holti, bnr 12, i 1999. Seljar var Bykle kommune, kauparane var Ingemar Jegteberg og May Britt Trydal. Dei sette seg opp hus her, og flutte inn sumaren 2000.

  • Ingemar Jegteberg, f 1975
Myri 1
Byklum 137.jpg
Myri 1 i slutten av april 2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1999
Utskilt: 1999
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 66
Type: Bustadeigedom
Adresse: Myri 1
g m May Britt Trydal, f 1976. Born:
  • Håvard, f 1996

Ingemar Jegteberg kjem frå Kvinnherad. Foreldra hans er Kjell og Ragnhild Jegteberg. Det høyrer med her å nemne at Robert, bror åt Ingemar, også er busett i Bykle (sjå Glidbjørg). May Britt Trydal er frå Åsdokk Trydal, gnr 17, bnr 21, og dotter åt Hallvard Olavsson Trydal og kona, Randi, fødd Arntsen.

Ingemar er snikkar, May Britt er barnehageassistent. I 2005 skilde dei lag, og selde huset. Ingemar flutte til Jernvegen 5-7Hovden. May Britt bur i eit kommunalt husvere i Bjårlii.

Den nye eigaren heiter Lars Atle Hamran.


0941 Bykle komm.png Myri 1 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Kyrkjelii 3 • Neste bolk: Myri 10