Kyrkjelii 3 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjelii 3
Byklum 135b.jpg
Huset til Konrad og Sladjana Byklum pr 30.4.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 2000
Utskilt: 2000
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 65
Type: Bustadeigedom
Adresse: Kyrkjelii 3

Kyrkjelii 3 ligg på den delen av byggjefeltet Kyrkjelii som gjekk ut ifrå Nystog, gnr 13, bnr 10, i 1994, men har likevel fått bruksnummer under Byklum, truleg avdi grannetomtene høyrde under denne garden.

Konrad Johan Byklum frå Nystog kaupte denne tomta attende av kommunen i 2000, og flutte inn i nytt hus her året etter. Konrad er son åt Olav K. Byklum og kona, Gunnhild, fødd Hanssen. Han han har tenestegjort mykje i militære styrkar i FN og NATO. Det var under FN-teneste i Bosnia han fann seg kone frå Kroatia.

  • Konrad Johan Byklum, f 1969
g 1995 m Sladjana Duranoviç, f 1974. Born:
  • Tatjana, f 1996
  • Elisabeth, f 1999

Sladjana er dotter åt Mitar og Ruzica Duranoviç. Ho er fødd i Zagreb i Kroatia, men vaks opp i Tuzla i Bosnia, der mor hennes, som er enke, framleis bur (2006).

I yrkeslivet er Konrad driftsarbeidar ved Hovden Skisenter, medan Sladjana er resepsjonssjef.

Konrad Johan og Sladjana Byklum med døtrene. Bilete frå Gunnhild Byklum.


0941 Bykle komm.png Kyrkjelii 3 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Listog • Neste bolk: Myri 1