Nissedal kommune
Nissedal kommune er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke (før 1. januar 2020 i Telemark). Kommunen grensar i nord til Kviteseid, i aust til Drangedal og Gjerstad, i sør til Vegårshei og Åmli, og i vest til Fyresdal. Første ledd i namnet kjem frå elvenavnet Nið, 'brusande', samen med sær, 'sjø'. Høgaste punkt er Førheinutane, 1 049 m.o.h.
Nissedal | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 3822 |
Fylke | Vestfold og Telemark |
Kommunesenter | Treungen |
Areal | 905.18 km² |
Areal land | 787.5 km² |
Areal vann | 117.68 km² |
Folketall | 1 489 (2018) |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Fram til 1970 var det nedgang i folketalet, men har deretter vore stabilt eller gått berre svakt ned, i perioden 1995–2005 med 5,4 %. Det meste av busetjinga er langs austsida av innsjøen Nisser, med tettstaden og administrasjonssenteret Tveitsund (Treungen) heilt i sør og Kyrkjebygda og Nordbygda lenger nord.
Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje.
Bygda har 1 750 større og mindre vatn og innsjøar. Næringsvegane i Nissedal er industri, vasskraftproduksjon og jordbruk.
Ved garden Trontveit vest for Nisser finst ein hellemaling, truleg frå bronsealderen i ein stupbratt bergvegg opp frå vatnet. Det er ein hellemaling også ved Kvithamar lenger nord.
Mot slutten av 1800-talet høyrde Nissedal til Øvre Tellemarkens fogderi i Bratsbergs amt.
På verdsveven
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Nissedal kommune» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |
|