Nordmøring

Denne artikkelen handlar om språkforma nordmøring. For folk frå Nordmøre, sjå «Nordmøringar».


Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av norsk som blir tala på Nordmøre, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i Hemne og deler av Snillfjord kommunar i Trøndelag. Nordmørsdialekten, som saman med fosning og ytternamdaling blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trøndske målføre, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, ulik bøying av sterke og svake hokjønnsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, berre i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dei som er fødde etter 1970). Helge Sandøy klassifiserer nordmøring (utan sunndaling, rindaling og kristiansunder) saman med ytternamdaling i type D — jamvektsmål med apokope og delt femininum. Sunndaling, rindaling og kristiansunder karakteriserer han derimot, saman med fosenmål, inntrøndske mål (med unntak av Røros, Ålen og Tydalen) og deler av innernamdaling, som type C — jamvektsmål med apokope og utan delt femininum.[1]

Trekk som varierer mykje mellom dei ulike underdialektane på Nordmøre er tjukk l av historisk (berre ytre Nordmøre), monoftongisering i innlyd (ikkje sunndalsdialekt, sunndalsøramål, kristiansundsdialekt og hemnværing), handsaming av korte trykksterke stavingar (delvis haldne som kortstavingar i eldre mål frå Eidsøra til innersida av Tustna og i Rindalen; stort sett lenging av konsonanten dei fleste stadene; og mest lenging av vokalen i sunndalsdialekten).

Viktige underdialektar

  • Kristiansundsdialekt — eit typisk midtnorsk bymål med sterke trekk frå fosenmålet. Dativ manglar, diftongane ei/øy/au er i all hovudsak bevarte; både sterke og svake hokjønnsord har i bunden form eintal.
  • Sunndalsøramål (øramål) —
  • Sunndaling (sunndalsdialekt, sunndalsmål) —
  • Rindaling (rindalsdialekt, rindalsmål) — dannar ein overgang til inntrøndsk. Svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
  • Aurgjelding (auredialekt, auremål)
  • Hemnværing (hemnedialekt, hemnemål)

Fonologi (lydlære)

Konsonantar

Vokalar

Prosodi (lengd, trykk og tone)

Lengd

Trykk

Mange samansette ord med historisk lang førstestaing oppfører seg som jamvektsord med forkorta og svekka førstestaving:

Hevíkjä (Høvika, stadnamn på Ertvågsøya) < *Heyvíkin
Kjørau ~ Kýrau (Kyrhaug, stadnamn på Edøya) < Kýrhǫfuð
Edöyä ~ Ēdöyä (Edøya) < Æðey
hämół (høymol)

Tone

Nordmørsdialekten ligg i overgangen mellom austnorsk og vestnorsk intonasjon. Knut Fintoft m.fl. gjennomførte ei kartlegging av tonemrealisasjonar i Norge der dei tek utgangspunkt i fire tonale kategoriar: C (lågtone i første staving), D (høg første- og andrestaving, lågtone i stavingsgrensa), A (høgtone i første staving) og B (høgtone ved stavingsgrensa). Heile Nordmøre med unntak av Sunndalen og Rindalen, og i tillegg Hemne, Hitra, Frøya og ytre Snillfjord i nordaust og dei indre romsdalsbygdene nordom Romsdalsfjorden, fell inn under type AA. Det vil seie at både tonem 1 og tonem 2 i fleirstavingsord blir realisert med høgtone i første stavinga med fall mot stavingsgrensa.[2]

Morfologi (formlære)

Verb

Sterke verb

infinitiv presens preteritum perfektum kommentar
å drýp drýp dröp ha drop(p)ė
å brýt brýt bröt ha brot(t)ė
å nýs nýs nös ha nos(s)ė
å frýs frýs frös ha fros(s)ė
å snýt snýt snöt ha snot(t)ė
å väv(v)a väv vóv ha vov(v)ė
å gräv(v)a gräv gróv ha grov(v)ė
å läs(s)a läs las ha lės(s)ė
å dräp(p)a dräp drap ha drep(p)ė
å bära bär bar ha borė
å skjära skjär skar ha skorė
å dätta dätt datt ha dottė
å skvätt skvätt skvatt ha skvottė
å smätt smätt smatt ha smottė
å sprätt sprätt spratt ha sprottė
å sitta sitt satt ha sittė (sottė) (sitt- varierer mellom open i og trong e)

Syntaks (setningslære)

Fotnotar

  1. Sandøy, Helge: Norsk dialektkunnskap. Oslo : Novus, 1987. ISBN 8270991228
  2. Fintoft, Knut, Mjaavatn, Per Egil, Møllergård, Einar and Ulseth, Brit: «Toneme patterns in Norwegian dialects», i Nordic prosody : papers from a symposium. Lund : Department of Linguistics, Lund University, 1978.

Litteratur

  • Almberg, Jørn: Cirkumfleks på Ålvundeid : ei studie over tre generasjonar. Rapport i emnet FON6: feltarbeid ved Lingvistisk institutt, Univ. i Trondheim, h. 1991.
  • Grip, Olav: Målet i Aure. Hovedoppgave, Universitetet i Oslo, 1945?. [1]
  • Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : bygde- og sentrumsmål : med hovedvekt på lyd- og formverk. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Trondheim, 1982 II. (314 bl. : kart.) [2]
  • Jenstad, Tor Erik: Eit nytt sentrumsmål veks fram : drag frå talemålet til ungdom på Sunndalsøra. (Skrifter / Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim ; 5.) Trondheim (Tapir), 1983. (112 s.; bibliografi) ISBN 82-519-0588-5 [3]
  • Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : eit grensemål på indre Nordmøre. (Norske studiar ; 4) Oslo (Novus), 1985. (308 s.) ISBN 82-7099-110-4 [4]
  • Magerøy, Nils M.H.: Olvundeid-målet : ein amatørstudie. (Skrifter frå Norsk Målførearkiv; XVI) [Oslo] (Universitetsforlaget), 1960.
  • Moe, Eilert: Ei lita utgreiding um stavingsdeling i Rindalsmaale : serleg um deling paa vokal. (Kristiania Videnskapselskaps Forhandlinger ; 1914:2.) Kristiania (Dybwad), 1915. (43 s.) [5]
  • Moe, Eilert: Tonelagstilhøve i rindalsk : med umtale av nokre eksperimentale freistnader på Det fonetiske institutt. (Kristiania Videnskapsselskaps Forhandlinger ; 1922:1 Opuscula phonetica Instituti phonetici Universitatis Regiae Fredericianae ; 1.) Kristiania (Dybwad), 1923. (67 s. : ill.) [6]
  • Moe, Eilert: Todalsmålet (Nordmøre) / ved Eilert Mo. (Norske målføre ; 6.) Oslo (Studentmållaget), 1922. (35 s.) [7]
  • Tranøy, Betuel Sofus: Fra syntaksen i Smølamålet [manuskript]. Hovedoppgave - Det Kongelige Frederiks universitet, 1925. [8]