Nystog (Bykle gnr 13/10)
Nystog er eit småbruk under Mosdøl i Bykle kommune. I 1916 sette Knut Hallvardsson Byklum i gang med å byggje seg eit bureisingsbruk på denne parsellen av Torsbu. Storleiken på bruket nå vert oppgjeve til omlag 31 mål, av dette 7 mål med jorde.
Nystog | |
---|---|
Gamlestoga i Nystog 9.4.2003. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 1916 |
Utskilt: | 1921 |
Stad: | Bykle (Kyrkjebygdi) |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 13 |
Bnr: | 10 |
Type: | Småbruk |
Knut kom frå Haugebakk, og foreldra hans var Hallvard Torleivsson Byklum og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Byklum. Gunhild, syster åt Knut, var gift med Pål Mikkelsson Byklum i Torsbu, og det var vel ein grunn til at Knut hamna her.
- Knut Hallvardsson Byklum, f 1890, d 1976
- g 1914 m Torbjørg Olavsdtr. Byklum, f 1894, d 1938. Born:
- Hallvard, f 1914, d 1915
- Birgit, f 1918, skreddar, husmor, g 1944 m Alv Knutsson Breive, f 1924, d 1989. sjå Vang, gnr 15, bnr 14. Born:
- Torbjørg Marie, f.1945, g m Reidar Johansson, Kristiansand, busett Sola ved Stavanger
- Tore, f 1920, d 1995, sydame, husmor, g m Knut Koland, Bjelland, f 1918. Born:
- Synnøve, f 1945, g hv m Harald Ubostad, Kristiansand, busett Vennesla
- Kåre, f 1949, g m Mia Skjeggestad, Bjelland, busett Hægeland
- Torbjørn, f 1951, g m Anne Sofie Honnemyr, Vennesla, busett Mosby
- Laila, f 1956, g m Gunnar Bjerland, Øvrebø, busett Øvrebø
- Monica, f 1960, g m Tore Bårdsen, busett Greipstad
- Margit, f 1922, d 1992, husmor, g m Ernst With Sørensen, Oslo, busett Oslo, born:
- Gunhild, f 1926, d 1999, husmor, g m Arthur Olsen, Kristiansand, busett Kristiansand, born:
- Brit, f 1951, g m Erik Hansen, Kristiansand, busett Kristiansand
- Vidar, f 1956, ug, busett Kristiansand
- Jorunn, f 1931, rosemålar, husmor, g m Dominicus Nagell Bjordal, Vikebygd, Ølen, f 1933, busett Bodø, dernest Vikebygd, Ølen, born:
- Hilda, f 1934, d 1986, g hv m Kåre Øyna, Åmlid, busett Kristiansand, born:
- Linda, f 1962, g m Rolf Sannes, busett Kristiansand
- Torill f 1964, ug, busett Kristiansand
- Olav, f 1935, d 1970, røyrleggjar, g m Gunnhild Gjertine Hanssen, sjå nedanfor
- Hallvard, f 1938, byggmeister, g 1962 m Ingebjørg Ånundsdtr. Rike, busett Byglandsfjord, born:
- Gerd, f 1962, g m Ånund Faremo, busett Byglandsfjord
- Tom , f 1966, g m Anita Berg , busett Byglandsfjord
- Torgny, f 1968, g m Mette Hansen, Evje, busett Byglandsfjord
- Torbjørg, f 1976, g m Tore Dagfinn Malja , busett Mandal
Etter at han fyrst hadde fått jordvegen i stand, sette Knut seg opp stoge i 1918. I 1920 kom fjos og løe på plass, og året etter fekk han tinglyst skøyte på at han hadde kaupt bruket av verbroren. I 1926 bygde han på stoga si, så ho vart på i alt 65 m² i to fulle høgder. I 1941 sette han dertil opp eit eldhus.
Det dyrka arealet på bruket var ikkje meir enn 7 mål, så det gjekk ikkje an å liva berre av jorda. Knut var vegarbeidar og sidan oppsynsmann på vegen.
Eldste sonen overtok bruket i 1970.
- Olav K. Byklum, f 1935, d 1970, røyrleggjar
- g m Gunnhild Gjertine Hanssen, f 1947, d 2006. Born:
- Knut, f 1967, maskinkøyrar
- Konrad Johan, f 1969, driftsarb. Hovden Skisenter, g 1995 m Sladjana Duranovic, Kroatia, sjå gnr Kyrkjelii, 14, bnr 65.
Gunnhild var frå Saltdal, Nordland, dotter åt Johan Hanssen og kona, Ingebjørg, fødd Brokke. Mor åt Gunnhild vart fødd i Brotteli som dotter åt Gunnar H. Brokke. Elles høyrer det med å nemne at Gunnar Walter Hanssen i Saltdal, som er gift med Solveig Ånundsdotter Mosdøl frå Solbakken, bnr 13, er bror åt Gunnhild, og at Ulla Ryningen, som er gift med Torgeir A. Ryningen, (sjå Ryningen gnr 15, bnr 37) er syster hennes.
Olav hadde nett overteke bruket, og var i ferd med ferdigstille nytt hus for seg og familien, då han miste livet i ei båtulukke under ein fisketur på Bykil. Gunnhild døydde i 2006. Ho budde i huset frå 1970 saman med sonen Knut, og arbeidde som sekretær i Bykle kommune.
I 1986 vart 15,5 mål av eigedomen, som utgjorde omlag halvparten av det samla arealet på bruket, oreigna av Bykle kommune. Dette området var byrjinga på byggjefeltet Kyrkjelii, der det sidan vart lagt innåt areal frå Torsbu og Holti. Ved oreigninga heldt Gunnhild att 15 års rett til å kaupe attende ei byggjetomt, for det tilfellet at einkvan av sønene hennes ville byggje seg hus på feltet. Konrad Johan kom sidan til å nytte seg av denne retten (sjå Kyrkjelii, nr 14, bnr 65).
Eksterne lenkjer
- Olav K Byklum i Historisk befolkningsregister
- Gunhild Gjertine Byklum i Historisk befolkningsregister
Nystog (Bykle gnr 13/10) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |