Pitesamisk grammatikk

Pitesamisk grammatikk
Kapittel
Bolkar på denne sida:


Pitesamisk grammatikk kan, som andre språks grammatikkar, delast inn i fonologi (lydlære), morfologi (bøyingslære) og syntaks (setningslære). Innafor lydlæra liknar pitesamisk på andre samiske språk i det at forskjellen på fonetisk stemtheit mellom «stemte» og «ustemte» konsonantar i seg sjølv kan vera vanskelig å oppfatte for mange. Forskjellen kjem vel så mykje til uttrykk i pre- og post-aspirasjon og i bruk av eventuelle glidevokalar. Den dynamiske trykket ligg generelt på første stavinga i ordet. Vokal- og konsonantlengda har ein tendens til å vera omvendt proporsjonal i ulike grammatiske former av same ordet — såkalla stadieveksling. Tilsvarande vil vokalen (diftongen) i første stavinga ofte variere artikulasjonsstad etter vokalen i neste stavinga, eller såkalla omlyd. I formlæra ber pitesamisk preg av ein rikdom av former, i og med at det finst ni grammatiske kasus i substantiva og pronomena; og verba blir bøygd i tre personar, tre tal, fire tider og fem modi. I setningslæra kan vi legge merke til at setningsstrukturen SOV (subjekt–objekt–verb) framleis er relativt vanlig, og på same måten som elles i samiske språk og i bl.a. trønder og nordnorske dialektar får vi ikkje subjekt–verbal-reversering i samband med spørjeord: Mav biena bårrá? (‘Kva hunden et?’).

Kart over Nordland fylke med det historiske utbreiingsområdet i Norge for pitesamisk (fiolett) og lulesamisk (raudt).

Fonologi (lydlære)

Pitesamisk og umesamisk står i ei midtstilling mellom sør- og nordsamisk, i og med at begge desse har både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd i større eller mindre grad. I forhold til den nærmaste slektningen, lulesamisk, skil pitesamisk seg elles ut bl.a. ved at dei monoftongiske ä og å ofte blir brukt der lulesamisk har (ofte diftongisk) æ og oa.

Vokalar

Vokalgrafem sortert etter plass i taktsystemet:

  1. staving 2. staving 3. staving
  lang homorgan
diftong
kort lang kort kort
fremre e [ɪ:]
ie [e:]~[ɪe]
ä [ɛ:]
ij [ij] i [ɪ]~[e]
ä [ɛ]
e [ɪ:]~[e:]~[ɪe] i [i]~[ɪ]~[e]
{ä [ɛ]}
i [i]~[ɪ]~[e]
ä [ɛ]
låg á [ɑ:]~[a:] a [ɑ]~[a] á [ɑ:]~[a:] a [ɑ]~[a] a [ɑ]~[a]
sentral y [y]
ö [ø]
     
bakre u [u:]
uo [o:]~[uo]
å [ɔ:]
uv [uw] u [u]
å [ɔ]
o [o:]~[uo] u [u]
å [ɔ]
u [u]

(Dei homorgane diftongane ij og uv er med av etymologiske grunnar.)

Y, Ï

I 2019-ortografien er y blant bokstavane som i prinsippet er reservert for framandord, og det finst ikkje noko offisielt symbol for ein høg, sentral, runda eller delvis runda vokal. Blant ord som eintydig inneheld y er:

syhkkil, syhkildit, tryhkkit

Ö

Vokalen ö blir bruka i lånord som söhkkit ('søkje') og tjöhkke ('kjøken').

Stadieveksling

Pitesamisk har til felles med lulesamisk og dei andre nabospråka i nord at konsonantane mellom rotvokalen og stammevokalen varierer mellom sterk og svak artikulasjon etter visse grammatiske reglar:

nom.sg. guolle, ‘fisk’; akk.pl. gulijt, ‘fiskane’

(Det same trekket finn vi att i den sørlige naboen umesamisk også, men der som hovudregel berre etter lang rotvokal. Sørsamisk manglar stadieveksling heilt.)

Omlyd

Det meste av pitesamisk har til felles med nabospråka i sør, umesamisk og sørsamisk, at rotvokalen i relativt mange fall skiftar etter endingsvokalen. Dette fenomenet kallar vi omlyd. Peter Steggo har sett opp ein matrise med i alt ni omlydsrekkjer og seks omlydssteg på pitesamisk.[1] Vi kan oppsummere dette med å seie at:

  • dei korte, høge vokalane i og u er uendra framom alle endingsvokalar.
  • dei fonemisk høge (om enn ofte fonetisk senka) endingane -i/-ij og -u/-uj hevar alle korte vokalar til høge (a, i > i; å, u > u); og alle lange vokalar/diftongar òg, men ikkje nødvendigvis heilt til høge vokalar;
  • ved stadievekslingstrinn III blir diftongane ie og uo forkorta og senka (ie > ä; uo > ua, uä) framom halvlåge og låge endingsvokalar.

I tabellform får vi da:

Lang rotvokal Kort rotvokal Endingsvokal
á ie uo åå a i u o  
III I–II III I–II            
á ä ie ua uo åå a i u å á a å o
e
ä e u i u i ij u uj

Merk at denne matrisen, som byggjer på Peter Steggo sin matrise, manglar det korte vokalfonemet /e/ som er inkludert i det pitesamiske fonemsystemet som skildra av Lehtiranta.

Omlyd i norsk pitesamisk

Senking ved st. III

I Qvigstads oversiktsverk De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker (Oslo 1938) finn vi blant anna formene Fiewsajaw’rē (Kartverket: Fievsajávrre/Botnvatnet) ved Rognan i Saltdal kommune; og det underliggjande gardsnamnet Fæw’sa (stadium III) ved øverenden av dette vatnet. Tilsvarande har Qvigstad Dælbma (st. III; Kartverket: Dælmma / Tverråfjellet) i Beiarn kommune og den avleidde forma Dielmanjunnē på same staden. I desse namna — både frå Saltdal og frå Beiarn — har Qvigstad registrert veksling mellom æ i sterkt stadium (st. III) og ie i svakt stadium.

Heving føre -i og -u

Qvigstad har:

Qvigstad vokalar sidetal Kartverket: samisk Kartverket: norsk kommune
Suličælbma u-i 223 Sulečielbma Sulitjelma Fauske kommune
Lūnus(a)-jǫhkǫ ū-u 225 Lønselva Saltdal kommune
Luonōs uo-ō 225 Lønsdalen Saltdal kommune
Dippun-vag’gē i-u 225 Dypenådalen Saltdal kommune
Dippunje-jǫhkǫ i-u 225 Dypenåga Saltdal kommune
Dippun-čǫhkkǫ i-u 225 Dypenåfjellet Saltdal kommune
Lu(o)nōs-gai’sē u(o)-ō 225 Lønstinden Saltdal kommune
Stǫl’pu-jǫhkǫ ǫ-u 226 Stolpåga Beiarn kommune
Stǫl’pu-jaw’rē ǫ-u 226 Stolpevatnet Beiarn kommune
Stǫl’pu ǫ-u 226 Stolpen (fjell) Beiarn kommune
Sul’lu-jaw’rē u-u 227 Holmvatn (nord for Storglåmvatnet)
Gud’dum-jaw’rē u-u 227 Langvatnet
Gud’dum-var’dô u-u 227 (fjellet mellom Langvatnet og Storvatnet)

Morfologi (formlære)

Kasus

Pitesamisk har ni kasus: Dei grammatiske kasusa nominativ, genitiv og akkusativ; dei lokale kasusa illativ (tilstadsform), inessiv (påstadsform) og elativ (fråstadsform); og dei adverbiale kasusa komitativ, essiv og abessiv. (Om vi rekna med den adverbiale endinga prolativ, som særlig blir brukt i samband med landskapsord, så kunne vi seie at pitesamisk har 10 kasus.[2])

Substantiv

Substantiv blir bøygd i 9 kasus (el. 10, sjå ovanfor) og 2 tal (eintal og fleirtal) på pitesamisk.

Les meir her.

Pronomen

Dei pitesamiske pronomena blir bøygd i same kasus som substantiv, og i tillegg blir personlige pronomen bøygd i tre personar og i eintal, total og fleirtal.

Som i andre uralske språk har dei personlige pronomena i pitesamisk tydelige fellesdrag med indoeuropeiske personlige pronomen. Tydeligast ser vi det i dei gjennomførte framlydskonsonantane M- for 1. person, D- for 2. person og S- for 3. person.

Les meir ...

Verb

Pitesamiske verb blir bøygd i tre personar og i tre tal (inkl. dualis). Som i alle dei andre ordklassane, så blir ikkje verba bøygde etter kjønn.

Tid

Verba blir bøygde i dei enkle tidene presens (eller, meir presist, «ikkje-fortid») og preteritum og dei samansette tidene perfektum og pluskvamperfektum.

Modus

Det finst fem grammatiske modus i pitesamisk: indikativ, imperativ, kondisjonalis, potensialis og optativ (konjunktiv).

Nekting

I likheit med andre samiske språk så vel som finsk og estisk, har pitesamisk eit nektingsverb. Dette verbet blir bøygd ikkje berre i person (1., 2. og 3.) og tal (eintal, total, fleirtal), men òg i tid (presens, preteritum) og modus (indikativ, imperativ og optativ):[3]

Les meir her.

Talord

Grunntal

0 10 lågev 20 guäkktelågev 30 gålbmålågev 40 nälljelågev 50 vihtalågev 60 guhtalågev 70 tjietjavlågev 80 gákktselågev 90 åktselågev
1 akkta 11 akktalåkakkta
lågenaldneakkta
21 guäkktelåkakkta 31 gålbmålåkakkta 41 nälljelåkakkta 51 vihtalåkakkta 61 guhtalåkakkta 71 tjietjavlåkakkta 81 gákktselåkakkta 91 åktselåkakkta
2 guäkkte 12 akktalåkguäkkte
lågenaldneguäkkte
22 guäkktelåkguäkkte 32 gålbmålåkguäkkte 42 nälljelåkguäkkte 52 vihtalåkguäkkte 62 guhtalåkguäkkte 72 tjietjavlåkguäkkte 82 gákktselåkguäkkte 92 åktselåkguäkkte
3 gålbmå 13 akktalåkgålbmå
lågenaldnegålbmå
23 guäkktelåkgålbmå 33 gålbmålåkgålbmå 43 nälljelåkgålbmå 53 vihtalåkgålbmå 63 guhtalåkgålbmå 73 tjietjavlåkgålbmå 83 gákktselåkgålbmå 93 åktselåkgålbmå
4 nällje 14 akktalåknällje
lågenaldnenällje
24 guäkktelåknällje 34 gålbmålåknällje 44 nälljelåknällje 54 vihtalåknällje 64 guhtalåknällje 74 tjietjavlåknällje 84 gákktselåknällje 94 åktselåknällje
5 vihta 15 akktalåkvihta
lågenaldnevihta
25 guäkktelåkvihta 35 gålbmålåkvihta 45 nälljelåkvihta 55 vihtalåkvihta 65 guhtalåkvihta 75 tjietjavlåkvihta 85 gákktselåkvihta 95 åktselåkvihta
6 guhta 16 akktalåkguhta
lågenaldneguhta
26 guäkktelåkguhta 36 gålbmålåkguhta 46 nälljelåkguhta 56 vihtalåkguhta 66 guhtalåkguhta 76 tjietjavlåkguhta 86 gákktselåkguhta 96 åktselåkguhta
7 tjietjav 17 akktalåktjietjav
lågenaldnetjietjav
27 guäkktelåktjietjav 37 gålbmålåktjietjav 47 nälljelåktjietjav 57 vihtalåktjietjav 67 guhtalåktjietjav 77 tjietjavlåktjietjav 87 gákktselåktjietjav 97 åktselåktjietjav
8 gákktse 18 akktalåkgákktse
lågenaldnegákktse
28 guäkktelåkgákktse 38 gålbmålåkgákktse 48 nälljelåkgákktse 58 vihtalåkgákktse 68 guhtsalåkgákktse 78 tjietjavlåkgákktse 88 gákktselåkgákktse 98 åkktselåkgákktse
9 åkktse 19 akktalåkåkktse
lågenaldneåkktse
29 guäkktelåkåkktse 39 gålbmålåkåkktse 49 nälljelåkåkktse 59 vihtalåkåkktse 69 guhtsalåkåkktse 79 tjietjavlåkåkktse 89 gákktselåkåkktse 99 åkktselåkåkktse

Syntaks (setningslære)

Pitesamisk har til felles med ume- og sørsamisk på den eine sida og med austsamiske språk på den andre at setningsstrukturen SOV (subjekt-objekt-verb) framleis er like brukande som SVO (subjekt-verb-objekt):

Mån biebmov båråv. ~ Mån båråv biebmov. ‘Eg et mat.’ (Ordrett: ‘Eg mat et.’ ~ ‘Eg et mat.’)

Det utbygde endingsverket i pitesamisk gjer at ordrekkjefølgja kan vera friare enn f.eks. i moderne norsk eller svensk:

Mån sidáv biergov bårråt. ~ Mån sidáv bårråt biergov. ~ Mån biergov sidáv bårråt. ‘Eg vil eta kjøtt.’

Ved objektspronomen er SOV sterkt føretrekt:

Biena suv bårrá. ‘Hunden et han/ho/det.’ (Ordrett: ‘Hunden han/ho/det et.’)

Meir komplekse setningar har ein tendens til å følgje SVO-struktur:

Almatj vadda biergov biednagij. ‘Mennesket gjev kjøtt til hunden.’

I motsetning til sørsamisk, men i likheit med lule- og nordsamisk, blir det brukt copula-verb i notid:

Sån lä sábme. ‘Han/Ho er same.’

(Samanlikn sørsamisk Dihte kaarre saemie. ‘Den karen [er] same.’)


Spørsmål

Spørsmål med innleiande spørjepronomen manglar invertering av subjekt og verbal, akkurat som i mange vest-, midt- og nordnorske dialektar:

Mav biena bårrá? ‘Kva et hunden?’ (Ordrett: ‘Kva hunden et?’)
Mav dån vuojná dålån? ‘Kva ser du i elden?’ (Ordrett: ‘Kva du ser i elden?’)[4]

Elles kan spørsmål formast med å sette verbet føre subjektet:

Ná, vuhttujin nágan buhtsu? ‘Nå — var det spor etter nokon reinar?’[4]

Fotnotar

  1. Steggo, Peter: «Omlydstabell» på bloggen Muv árbbe
  2. s. 113 f. av Lehtiranta, Juhani: Arjeploginsaamen äänne- ja taivutusopin pääpiirteet. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura, 1992. (Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia; 212) ISBN 951-9403-55-8 [1]
  3. «Pite Sami»Engelsk Wikipedia
  4. 4,0 4,1 Lagercrantz, Eliel: Sprachlehre des Westlappischen nach der Mundart von Arjeplog. Helsinki, 1926.[2]