Sogndal folkehøgskule
Sogndal folkehøgskule (Sogndals folkehøiskole) vart skipa i 1871 av presten Jakob Liv Rosted Sverdrup i Sogndal i Sogn og Fjordane. Dette var ein av dei fyrste folkehøgskulane i Noreg og er, nest etter Sund folkehøgskole (frå 1868), den eldste som framleis er i drift.
Folkehøgskulen vart raskt etter starten etablert som eit danningssentrum og eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn. Skulestyrarane og lærarane hadde gjerne framståande posisjonar i samfunnet, somme òg som stortingsrepresentantar, og ei lang rekkje ungdom frå sognebygdene fekk si viktigaste utdanning og kulturelle fostring her. Skulen, som vart skipa på pietistisk grunnlag, har vore eit sentrum for målreisinga i Sogn og Fjordane.
Pietistisk grunnlag
Dei fleste andre tidlege folkehøgskulane i Noreg var grunnlagde på grundtvigiansk livvsyn og pedagogikk. Det galdt både den fyrste, Sagatun folkehøgskule på Hamar (1864) og den viktige Vonheim folkehøgskule, skipa av Christopher Bruun (1867) (Sel i Gudbrandsdalen, seinare Gausdal).
Jakob Sverdrup høyrde til det tonegjevande kristelege miljøet som var kritisk til grundtvigianismen. Den såkalla Hærem-komiteen, driven av presten Peter Lorentzen Hærem, ein ven av Sverdrup, arbeidde for å skipa folkehøgskular på eit pietistisk, luthersk grunnlag. Sverdrup hadde reisestipend frå kongen i 1869 som han nytta til eit studieopphald på danske folkehøgskular. I 1870 søkte han Hærem-komiteen om tilskot til å skipe ein folkehøgskule, og han var den fyrste som fekk tilskot frå komiteen.
Skipinga
Den 9. oktober 1870 sende Sverdrup søknad til Sogndal kommune om tilskot til høgskulen, og han gjorde det klart at han også hadde hatt kontakt med folk i Nordfjord og Hardanger om å leggje skulen dit. Mellom anna vedtok heradsstyret i Gloppen å løyve 15 spd årleg til skulen i tre år dersom han vart lagt dit. Men valet fal på Sogndal der løyvde 20 spd til skulen. Sogndal sparebank ytte òg støtte.
Den 9. januar 1871 opna skulen med seminaristen Hans Carl Thu som medlærar. Folkehøgskulen hadde 30 elevar fyrste året, og tilskota frå Hærem-komiteen (kring 200 spd årleg) danna eit viktig grunnla for drifta i starten.
I 1874 søkte Sverdrup amtsformannskapet om 100 spd årleg i tilskot til skulen. Han fekk avslag trass i positiv tilråding frå amtmannen, men i 1875 vedtok Stortinget ordninga med amtsskular. Då løyvde amtstinget 100 spd i støtte til Sogndal folkehøgskule (auka til 125 spd i 1876) mot å krevje nokre mindre endringar i undervisningsplanen. Dette utløyste automatisk 300 spd i statsstøtte (auka til 375 spd i 1876). Tilskotet og statusen som amtsskule for Sogn sikra økonomien til skulen og gav han eit langt sterkare økonomisk grunnlag enn andre folkehøgskular. Det lutherske grunnlaget for skulen var viktig for denne støtta.
Skulen heldt fyrste året til i den gamle sorenskrivargarden på Loftesnes og deretter tre år på Bahus i Sogndalsfjøra.
Seinare utvikling
I 1874 vart teologen Henrik Mohn Dahl lærar ved skulen. Han kom frå ein velståande bergensfamilie og hadde nyleg fått ein stor arv. Dette sette han i 1875 i stand til å byggja ei ny skulestove til skulen på Nes ved Loftesnessundet der skulen ligg i dag. Han kalla staden Helgheim, og Helgheimsstova har i dag ein sentral plass på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
I 1875 vedtok Stortinget at det skulle skipast amtsskular og stilte midlar til rådvelde, og Sverdrup søkte då straks om tilskot. Amtstinget i Nordre Bergenhus gav skulen tilskot frå 1876-77 og gjorde såleis Sogndal folkehøgskule til amtsskulen i Sogn. Dette vart òg viktig for å sikre det økonomiske grunnlaget for skulen.
Jakob Sverdrup kom inn på Stortinget i 1876 og overtok prestekallet i Leikanger i 1878. Frå det året vart Dahl formelt styrar etter å ha fått eit stadig større ansvar for drifta sidan han byrja. Dahl var skulestyrar til 1896. Etterfølgjaren til Dahl, Olav Hauge, kunne i 1905 oppsummera at "for sogningarne stend det so, at Sogndals folkehøgskule, det er H. M. Dahl sin skule". Dahl var ugift og hadde stor hjelp av den ugifte systera si, Metta Dahl, i den daglege drifta.
I 1908 vart medlemsorganisasjonen Sogn Høgskulelag skipa som støtteorganisasjon for skulen. Styrarane hadde til då vore eigarar av folkehøgskulen, men i kring 1920 vart dette økonomiske ansvaret så tyngande at Sogn Høgskulelag finansierte eit kjøp av skulen for 125 000 kr med 38 medlemer som garantistar. Sogn Høgskulelag har sidan vore eigar av skulen.
Sentrum for målreisinga
Folkehøgskulen var etablert i erklært opposisjon til dei grundtvigianske folkehøgskulane, men i praksis var skilnaden mindre enn ordbruken skulle tilseia. Skilnaden vart endå mindre under Dahl og dei seinare styrarane. I august 1882 skipa folkehøgskulen til eit landsmålskurs for lærarar - eit av dei fyrste i landet. Skulen heldt nye lærarkurs i 1885 og 1887, no med statsstøtte.
Skulen etablerte seg på denne tida som eit viktig sentrum for målreisinga i Sogn og er truleg ein viktig del av forklaringa på det tidlege gjennombrotet for nynorsk i regionen. Skulen hadde oftast 50-90 elevar årleg dei tre fyrste tiåra. Frå 1890-91 gjekk jenter og gutar i lag på vinterkursa.
Skulestyrarar
- 1871-1878 Jakob Sverdrup
- 1878-1896 Henrik Mohn Dahl
- 1896-1923 Olav Hauge
- 1923-1954 Olav Bøyum
- 1954-1963 Olav Eivindson Hognestad
- 1964-? Olav Havro
Lærarar
- Martin Luther Storm (1871-1872)
- Hans Christian Thu (1873-1878)
- Sven Borchmann Hersleb Sverdrup (1877-78 og 1881-82)
- Vilhelm Flugeim (1878-1909)
- Eirik Olson Bruhjell (1882-1885)
- Anders Hauge (1885-1887)
- Johan Edvard Sverdrup (1885-1893) (fung. styrar 1889-91)
- Olav Hauge (1893-1896) (styrar frå 1896)
- Tomas Nornes (1909-1951)
- Olav Bøyum (1913-1923) (styrar frå 1923)
- Lars Uglum (1918-1931)
- Inga Mo (1920-1923)
- Brita Huke (1921-1969)
- Pauline Fuglestveit (1923-1953)
Lista har med lærarar tilsette før 1930.
Personar som har gått på skulen
- Per Sivle (1872-74)
- Johannes Lavik
- Knut Magnusson Frøyset (1870-åra)
- Laurits Kronen (ca. 1900)
- Hallvard Hesjevoll (ca. 1920)
Arkiv
Kjelder og litteratur
- Bondevik, Kjell (red.). (1971). Sogndal folkehøgskule i 100 år - 1871-1971. Sogndal: Skulen.
- Hauge, Olav. (1905). Sogndals folkehøgskule i 35 aar. Bergen: Floor.
- Hoel, Oddmund L. (2011). Norsk målreising. Mål og modernisering 1868-1940. (Bd. 2). Oslo: Det Norske Samlaget.
- Seip, Hans. (1958). Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune, s. 527-528.
- Minnestein over Henrik og Mette Dahl, Kulturhistorisk leksikon, Sogn og Fjordane fylkesarkiv
- «Sogndal folkehøgskule», i SFF Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane.
- Sogndals folkehøgskule i 60 år. 1871-1931, Sogns høgskulelag 1935.
- Aaland, Jacob (1943). Gloppen-Breimn kommunesoga. 1838-1937. Sandane, s. 155. (Digital utgåve, NBdigital)