Eirik Olson Bruhjell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eirik Bruhjell

Eirik Olson Bruhjell (fødd 2. desember 1853 i Balestrand, død 12. september 1941 i Fjære) var prest, målmann og ein av dei fyrste bondestudentane i Sogn.

Oppvekst og utdanning

Bruhjell kom frå husmannsplassen Bruhjellshagen under garden Bruhjell i Balestrand i Sogn og Fjordane. Foreldra var husmann og bygningsarbeidar Ola Hermundson Langeteig (1804-1873) og Sigrid Antonusdotter Dale (1804-1895). Eirik var den yngste av fem born, og to av syskena utvandra til Amerika.

Etter å ha gått allmugeskulen i Balestrand vart Eirik i 13-årsalderen teken inn i prestegarden til sokneprest Harald Ulrik Sverdrup. Der var han tenestegut og fekk privatundervisning av prestedottera Elisa til 15-årsalderen. Frå august 1870 til desember 1871 gjekk han Balestrand lærerskole som H.U. Sverdrup hadde skipa nokre år før.

Deretter arbeidde han nokre år som lærar, i 1872 på Stord, i 1873 i Brekke i Sogn og frå hausten 1873 til våren 1875 i Lindås.

Han tok examen artium i 1877 etter å ha gått på privatskulen til teologen Erik Olsen i Kvinnherad. Her gjekk han i lag med seinare kjende nynorskbrukande teologar som bondestudentane Bernt Støylen og Anders Hovden. Mange av elevane, m.a. Bruhjell, skal ha vorte rivne med av den pietistiske vekkingsbølgja som gjekk over Hardanger på denne tida.

Den 16. desember 1881 tok han teologisk embetseksamen, og etter praktikum var han frå nyttår 1882 vikarierande styrar av amtsskulen i Ås.

Sogndal folkehøgskule og målsaka

Den 1. april 1882 vart så 29-åringen Bruhjell lærar ved Sogndal folkehøgskule under styraren Henrik Mohn Dahl. Her vart han til sommaren 1885. I Sogndal kom Bruhjell inn i det aktive målmiljøet ved skulen, og der er innsatsen for målreisinga i desse åra han seinare er mest kjend for.

Sommaren 1884 var Bruhjell truleg ein av initiativtakarane til ein resolusjon som vart vedteken på eit amtslærarmøte i Vadheim i september. Vadheimresolusjonen vart mønster for eit femtitals resolusjonar frå møte landet over som kravde auka rom for landsmålet i skule og offentleg styre. Denne kampanjen resulterte i det såkalla jamstellingsvedtaket i mai 1885 der landsmålet vart offisielt språk på line med det rådande dansk-norske bokspråket.

Hausten 1884 søkte den leiande nynorskorganisasjonen Det norske Samlaget om eit stipend på 3000 kr slik at Bruhjell kunne reise omkring og informere om målsaka. Sverdrup-regjeringa og kyrkjestatsråd Elias Blix innstilte på å løyve 2500 kr til tiltaket, men stortingsfleirtalet sa nei våren 1885 etter ein lengre diskusjon. Saka var ei av fleire målsaker i Stortinget på same tida som jamstillingsvedtaket.

Seinare yrke

Bruhjell slutta på folkehøgskulen i 1885 og var ledig til sommaren 1886. Hausten 1885 skal han ha reist rundt og selt bøker for Det norske Samlaget før han drog på ei utanlandsferd til Danmark, Tyskland og Sverige. Mellom anna var han på Askov folkehøgskule i Danmark frå nyttår til påske 1886.

Sommaren 1886 var han vikarierande redaktør i Fedraheimen for Ivar Mortensson, og 28. august 1886 fekk han sitt fyrste geistlege embete då han vart stiftskapellan i Tromsø stift. Tre år etter kom han attende til heimfylket då han 21. august 1889 vart utnemnd til residerande kapellan i Kinn i Sunnfjord. Den 15. oktober 1898 vart han sokneprest i Stod i Nord-Trøndelag, og her var han til han 5. november 1912 vart sokneprest i Fjære i Aust-Agder. I 1917 vart han utnemnd til prost i Vestre Nedenes. Bruhjell fekk avskil då han nådde pensjonsalderen i 1923.

Bruhjell omsette Nikolai Wergelands bok Danmarks politiske forbrydelser mot Norge og fekk ho utgjeve i 1887 med tittelen Ei syndetavle. Han har òg omsett Moodys Barnesogur frå engelsk (1891).

Familie

Familien til presten H.U. Sverdrup hadde teke seg av Bruhjell i oppveksten og hjelpt han fram, og Bruhjell gifte seg med Sverdrups dotter Karoline Metella (1857-1922). Dei gifte seg i Balestrand 27. august 1889, ei veke etter at han hadde fått kapellaniet i Kinn. Bruhjell vart dermed svoger med den mektige Moderate Venstre-politikaren Jakob Liv Rosted Sverdrup, som i 1871 hadde skipa Sogndal folkehøgskule.

Eirik og Karoline fekk borna:

  • Olaf Bruhjell (1890-1980)
  • Gunhild Bruhjell (f. 1891)
  • Sigrid Bruhjell (1893-1893)
  • Sigrid Karoline Bruhjell (f. 1894)
  • Harald Ulrik Bruhjell (1897-1917)
  • Alv Bruhjell (1901-1924)

Artikler omkring Fjære historielag:
Foreningshistorien: Fjære historielags første år | Mellomkrigsår og første reetablering | 1940: Boka om Fjære kirke | Fjære historielag 1940-1977 | Reetableringen av Fjære historielag | Juletrær til Orknøyene | Fjære historielag i et nytt årtusen | Fjære bygdebok | Fjærefolk | Fjære historienemnd
Historiefortellere: Torgeir Berulvson | Eirik Olson Bruhjell | Klemmet Lofthus | Peder K. Grevstad | Karl Ugland | Ole S. Fiære | Olav Uldal | Bjarne Moy | Kjetil Torbjørn Frogner | Anne Tone Aanby | Per Fuhr Assev | Johan Anton Wikander | Reidar Marmøy



Kjelder og litteratur

Eksterne lenker