Språkskiftet til nynorsk i Skjåk

Språkskiftet til nynorsk i Skjåk gjekk føre seg i to etappar. Den fyrste var innføring av landsmål som skulemål i fire av sju krinsar i 1908. Andre etappen førte til språkskifte også i dei andre skulekrinsane, i kommuneadministrasjonen og i kyrkja i løpet av tidsrommet 1925-1933. Hardaste striden stod under den andre etappen. Det toppa seg med skuleavrøystingane i Marlo, Holmork og Nordberg i 1925. Da ytra kampen seg så vel ved utfall mot landsmåltilhengarar frå preikestolen som med engasjement frå sentralleiinga i Norges kommunistiske parti. Det kan stillast spørsmål om ikkje nynorskvedtaka skjedde i strid med folkeviljen på det tidspunktet. Etter vedtak om nynorsk liturgi i 1932-1933 ebba striden etter kvart ut. Etter den tid har Skjåk vore nynorskkommune all sin dag.

Prest, klokkar og bondemann under ei gravferd ved Skjåk kyrkje i 1920-åra. Sokneprest Harald Bakke og lærar og kyrkjesongar Kolbein Skaare var framståande talsmenn for kvar si side i språkstriden, som dei var det politisk. Presten var bondepartimann, klokkaren Venstre/Radikale folkeparti. Bygdekaren i midten veit visst ikkje riktig kven han skal halde med.
Foto: Kristian Stakston

Landsmål i utkantkrinsane

 
Nordberg (Bokkeodden) skule i Skjåk 1922, der landsmålet vart innført tre år seinare. Småskulelærar Ingrid Kitilstad til venstre, storskulelærar K.G.Wågen til høgre. Han var kommunist og norskdomsmann, og var sentral i arbeidet for innføring av nynorsken i skulane i Skjåk. Han var også klokkar i Nordberg kyrkje, og stod i likskap med klokkar Skaare i hovudsoknet i sterkt motsetnadsforhold til soknepresten, partipolitisk så vel som i språkstriden.
Foto: Kristian Stakston

Det var Skjåk lærarlag som tok det fyrste initiativet til språkskiftet i bygda. Laget var stifta i 1897, og to år etter tilbaud dei skulestyret at lærar Johan K. Thuland kunne halde foredrag om landsmålet «for om muligens at faa det indført i herredets skoler». Det vart ikkje noko av i fyrste omgang, «da flerheden af folket endnu ikke er kommet til forstaaelse af sagens betydning til deres egen fordel», som lærarlagets oppsummering av resultatet vart formulert.

I Øygard-krinsen var gardbrukaren Rolv K. Øygard ein særs ivrig talsmann for nynorsken. Han var formann i skulekrinsen i 30 år (1904-1934). I 1906 fann det stad eit møte av 25 «husfædre» frå Øygard og Gjeilo krinsar. Der vart det gjort samrøystes vedtak om å forlange landsmål som skulemål i krinsane.[1] Dei to krinsane hadde felles lærar, vestlendingen Elling K. Tjønneland. Han var tilsett same året som Øygard vart krinsfomann, og i mange år frametter skulle desse to kome til å stå saman for innføring av nynorsk både i sine eigne krinsar og i bygda for øvrig.

Etter rettskrivingsreformen 1907 fann også lærarlaget det på sin plass å ta eit nytt initiativ for saka. Denne gongen vart det avrøystingar i kvar enkelt skulekrins. På grunnlag av resultata frå desse gjorde skulestyret vedtak om at landsmålet frå 1. mai 1908 skulle brukast til norsk skriftleg i krinsane Øygard, Gjeilo, Åmot og Bråtå, dvs. i dei vestre og austre endane av bygda. Dette skjedde nøyaktig 10 år etter at nabobygda Lom hadde innført landsmål i alle sine skulekrinsar, blant dei fyrste bygdene i landet.

Eit par års tid frå 1916 vart det gjort eit forsøk med skulesentralisering i søre bygda, da borna frå Øygards- og Gjeiloskrinsane vart skyssa til Marlo skule. Da vart det gjort vedtak i skulestyret om landsmål som hovudmål i sentralskulen. Men etter ei krinsavrøysting i Marlo den 26. februar 1916, der ca. 200 røysta for riksmålet, gjekk ein truleg attende på dette.[2] Da sentraliseringsforsøket vart oppgjeve i 1919, vart iallfall språksituasjonen slik den var før 1916, dvs. riksmål i Marlo, landsmål i Gjeilo og Øygard.

Det vart også gjort forsøk på å få gjeninnført riksmålet i Åmot-krinsen (1912) og i Bråtå (1914), men skulestyret sa nei.[3]I Nordberg vart det halde ny målavrøysting i 1920, men utan at dette førde til endringar. Det vart gjeve 68 røyster for riksmålet og 34 for landsmålet.[4]

Språkskifte mot folkeviljen?

Problematiske lovføresegner

I 1925 tok skulestyret på nytt opp saka. På førespurnad fekk dei tilråding frå skuledirektøren Olav A. Eftestøl om å innføre landsmålet. Så vart det halde krinsavrøystingar både i Marlo, Holmork og Nordberg. Nå oppstod det ein situasjon som sette søkjelyset på røystereglane i skulelova. Eit alminneleg fleirtal av alle røysteføre i krinsen ville kunne påleggje skulestyret å gjere vedtak i samsvar med dette fleirtalet. Eit alminneleg fleirtal av frammøtte ved krinsmøte var også bindande for skulestyret, men til dette var hefta ein føresetnad om at den frammøtte forsamlinga da måtte utgjera 2/3 av det samla talet røysteføre i krinsen. Mange meinte at lovføresegnene gav rom for avgjerder som var tvilsame ut frå eit demokratisk synspunkt. Det som skjedde i Skjåk, tykkjest stadfeste dette.

Marlo

Tydelegast vart det demonstrert i Marlo. Der var det krinsmøte og avrøysting den 23. mars 1925. Det stod 291 røysteføre i det godkjende manntalet. Av desse var det 129 til stades på krinsmøtet. 123 av dei røysta for riksmål, seks for landsmål. Men for at denne overveldande overvekta av riksmålsfolk skulle fått gjennomslag i saka, måtte det etter lova ha møtt fram 195 røysteføre. Heimesitjarane vart i dette tilfellet i praksis tekne til inntekt for landsmålet. Det var lett å rekne ut som riksmålstilhengaren fanejunker E.C.Brandser gjorde det i ein protest til skuledirektøren: «Dersom Landsmaalsfolket havde mødt med 65 Stemmer til (hvis der er saamange i Kredsen) saa havde Skolestyret vært bundet og maatet beslute, at Rigsmaal skulde være Hovedmaal.»

Dette openbert urimelege resultatet kunne ikkje riksmålsfolket utan vidare gå med på. E.C.Brandser og hans forbundsfellar sette dermed i gang ein underskriftaksjon for å behalde riksmålet. Aksjonen kunne skilte med 174 underskrifter. Fråsegna med underskriftene vart behandla i skulestyremøte den 4. mai 1925. Dei fann å ikkje måtte la protesten bestemme utfallet, for «i lovi stod det ikkje noko um at ein skal gjera vedtak um målformi etter slike "henstillinger".» Skuledirektør Eftestøl hadde ved påteikning ingenting å merke til skulestyrets avgjerd.[5]

Underskrivarane kan ha omfatta somme som ikkje hadde røysterett i skulekrinssaker, så lista kunne ikkje utan vidare nyttast som ein overveldande fleirtalsmanifestasjon av krinsens vilje etter skulelova. Det framgår ikkje av gjennomgått kjeldemateriale om det vart gjort noko forsøk på å samanhalde underskriftlistene med det godkjende valmanntalet.

Etter underskriftsaksjonen gjekk skulestyret med på at det skulle haldast nytt krinsmøte og avrøysting. Det skjedde den 26. mai. Riksmålet fekk mobilisert 140 av sine til å møte fram, men det hjelpte lite sidan landsmålstilhengarane openbert boikotta avrøystinga. Dermed kunne skuledirektør Eftestøl i brev til skulestyret 30. august 1925 oppsummere og konkludere slik:

«Etter det manntalet som låg til grunn ved avrøystingi var det 290 med røysterett i krinsen. Det må då minst 146 røyster til for at skulestyret skal vera bunde til å fastsetja det mål for skulen som krinsen har vedteke. Etter dette […] er då landsmålet hovudmål i Marlo.»[6]

Det vanta altså seks røyster på at skulestyret skulle vere forplikta til å ta omsyn til resultatet. Dersom 2/3 av dei røysteføre hadde møtt fram (195 personar), hadde jamvel riksmålet greid seg med 98 røyster.

Holmork og Nordberg

I Holmork krins var hendingsgangen parallell med den i Marlo. Også der vart det halde ny avrøysting etter protesterande underskriftskampanjer. Riksmålet samla her 151 underskrifter i Holmorkkrinsen, men også her fånyttes. Det var 223 røysteføre i krinsen. 96 personar av desse var til stades på det nye krinsmøtet den 27. mai, og alle desse røysta for riksmålet.

I Nordberg (for Bokkodden og Skamsar skular) har vi ikkje funne underskriftslister i kjeldematerialet. Ved det fyrste krinsmøtet 18. april var det gjeve 42 røyster av 276 i godkjent valmanntal. 34 av dei 42 røysta for riksmål, sju for landsmål. På forlangande av lovleg antal røysteføre vart det halde nytt krinsmøte den 13. juni. Da var 281 oppførde i manntalet. 38 frammøtte røysta for riksmålet, ein for landsmålet. Etter talet på frammøtte å dømme, var engasjementet i språksaka påtakeleg mindre enn i Holmork og særleg i Marlo.

Språket i kommuneadministrasjonen

Innføring av landsmål som administrasjonsmål i kommunen skjedde stegvis. I 1923 vedtok heradsstyret med 13 mot 6 røyster at landmål skulle nyttast i offentlege oppslag på posthusa i bygda.[7]

To år seinare, i kjølvatnet av skulemålsstriden, fremja heradsstyremedlem lærar og kyrkjesongar K.G.Wågen følgjande framlegg for heradsstyret (i møte den 29. juli 1925):

No då norsk landsmål er fastsett ved skulane i Skjåk skulde det vera på tide at ein fekk same mål i den kommunale administrasjon, heradsbokhaldet, likningsstellet og i offentlege uppslag og skriv frå lensmannsumbodet. Eg gjer difor hermed framleg um at landsmål vert å nytte som skrivemål i alle dei ovanfor nemnde greiner av den kommunale administrasjon.

Framlegget vart vedteke med 9 mot 5 stemmer. Etter den tid ser det ut til at kommunestyreprotokollen har vore ført nokså konsekvent på nynorsk.

Uvisst av kva grunn vart same vedtaket gjort to år seinare, i heradsstyremøte den 25. januar 1927 [8] Denne gongen skjedde det etter oppmoding frå Skjåk mållag ved formannen Kristen Aanstad. Avgjerdsmarginen var snau. Vedtaket vart gjort med 10 mot ni stemmer. Som for å vere på den sikre sida, gjorde dei opp att vedtaket den 4. april same året. Marginen var like snau, denne gongen ni mot åtte stemmer.[9]

Salmar og liturgi

Samstundes som den fyrste striden pågjekk om målskifte i skulen, i åra før 1908, pågjekk ein tilsvarande strid i kyrkjesokna om Blix’ landsmålstillegg til salmeboka. I Nordberg sokn vart dette vedteke innført den 3. november 1907 etter fleire kyrkjelydsmøte om saka. Avgjerda vart teken med 30 mot tre røyster. I hovudsoknet var det litt større vegring. Der vart vedtak om å ta med Blix-salmane teke i kyrkjelydsmøte den 15. oktober 1911 med 38 mot 11 røyster.[10]

Den nynorske liturgien vart teken i bruk i Nordberg kyrkje den 17. september 1933 etter vedtak den 25. juni med 21 mot 4 røyster. Men her hadde Skjåk kyrkjelyd vore tidlegare ute, med vedtak på soknemøte den 20. november 1932.

Kvar gjekk frontlinene?

Vestlandslærarar i målfronten

«Vestlandslæraren» har gjerne fått skuld eller ære for språkskifte til nynorsk i bygder på Austlandet. Så også i Skjåk. Til dømes skriv «En ikke målmand» i eit inserat i Laagen 15. juli 1925 om «sprogstriden i Skjåk»:

«Vestlændingerne arbeider planmæssig og ihærdig over hele østlandet. Det er dels politikk, dels målsak, dels begge deler […] Især er det vestlandslæreren som er i aktivitet. [I Skjåk som i andre austlandsbygder har ein vore for lite merksame på dette] Man har overset målarbeidet; mens vestlændingerne har lagt sin plan og fulgt den med den største nøiagtighed.»

I Skjåk var ikkje slike tankar heilt utan rot i røynda. Lærar og klokkar Johan K. Thuland frå Fjaler i Sunnfjord hadde arbeidd for landsmålet sidan han kom til Skjåk på slutten av 1890-talet. Han var ei tid skulestyreformann og var drivande kraft i målvedtaket for utkantkrinsane i 1908. Som klokkarkollega i annekssoknet hadde han i byrjinga Hans B. Osnes frå UlsteinSunnmøre. Osnes var den fyrste typiske vestlandslæraren som hadde kome til bygda. Han var aktiv norskdomsmann og fråhaldsaktivist. Osnes vart i 1898 avløyst av ein ny vestlandslærar, Kolbein Skaare frå Stryn i Nordfjord. Fram til han vart sjuk i 1930, hadde Skaare ein heilt sentral posisjon i bygda, som lærar og kyrkjesongar fyrst i Nordberg, så i hovudsoknet frå 1918 etter Thuland, og han var ordførar. I avisa Den 17de Mai den 7. mars 1929 heiter det om Skaare: «Det er mykje han å takka at Skjåk no er ei heilnorsk bygd.»[11] Elling K. Tjønneland frå Gaular i Sunnfjord kom til Skjåk i 1904, og var medverkande i målvedtaket blant anna i hans eigne krinsar Øygard og Gjeilo i 1908. I 1925 stod han aller fremst i striden som skulestyreformann.

Etter Kolbein Skaare vart i 1919 nordmøringen Kristian Gerhard Wågen lærar og kyrkjesongar i Nordberg. Han var vel den som saman med Tjønneland stod fremst i målfronten da striden rasa som hardast på 1920-talet. Thorstein Eggum frå Sogn kom til Holmork i 1923, og arbeidde også for landsmålet. Han skal ha gjort sitt til at diktaren Jan-Magnus Bruheim og syskena hans vart målfolk medan dei gjekk i skulen. Nettopp i det avgjerande året 1925 kom nok ein vestlandslærar til bygda som gjorde seg gjeldande i målfronten. Det var Torkjell Naterstad frå Kvinnherad, som var lærar og seinare styrar i Lom og Skjåk framhaldskule. Vi ser mellom anna at han var blant talsmennene for landsmålet på eit folkemøte den 22. mars 1925, kvelden før krinsavrøystinga i Marlo krins.

Oppsummert kan vi slå fast at alt frå 1890-åra til byrjinga av 1930-talet var klokkarstillingane i båe sokna kontinuerleg fylte av målaktivistar. Hovudyrka til desse kyrkjesongarane var å vere lærarar i storskulen (4.-7. trinn i folkeskulen). Dei hadde følgje av fleire vestlandslærarar enn som her er nemnde, som var i Skjåk i kortare eller lengre tid.

Innfødde målfolk og riksmålstilhengarar

Men vestlandsklokkarane utgjorde berre ein del av fortroppane i målrørsla. Det let seg neppe gjere å bestemme objektivt kva som var genuin folkevilje i saka på bestemte tidspunkt. Men mellom anna røystetala i målsaka blant dei folkevalde i heradsstyret syner jo at det må ha vore ei viss folkeleg oppslutning om språkskiftet i 1920-åra. Og vestlandslærarane hadde solide allierte blant dei innfødde. Syskenparet Gregor og Tea Kummen, som båe var lærarar, var blant desse. Gregor Kummen overtok forresten lærar- og kyrkjesongarstillinga etter Skaare da sistnemnde fekk slag i 1930.

Ein generasjon tidlegare finn vi venstrebonden Ola O. Skjaak i Brekk som ein pioner for landsmålet bygda. Far og son Ola og Kristen Aanstad, båe gardbrukarar, postopnarar og for Kristens vedkomande også handelsmann, var blant dei ivrige i Skjåk mållag. Ola Aanstad var dessutan ordførar (Venstre) da det fyrste språkskiftet foregjekk i 1908. Særs ivrig i mållaget var også bonde og heradskasserar Rolv K. Øygard (Skrindøygarden) frå grenda synna Brua i hovudsoknet. Han var ein pådrivar både i 1908 og 1925. Skreddar og jordbrukar Syver Bøje var blant dei som tala for landsmålet på folkemøtet før avrøystinga i Marlo 1925. I likskap med lærar Eggum skal han ha påverka Jan-Magnus Bruheim til å velje nynorsken i sitt forfattarskap.[12] «Norda berget» bør særskilt nemnast Olav Øygard (Grimstadøygarden), som var ordførar (Venstre/Radikale folkeparti) da striden rasa som verst.

Blant spissane i motstanden mot landsmålet er det naturleg å nemne tre namn: E.C.Brandser, tidlegare gardbrukar og pensjonert underoffiser, Erik R. Kvale, gardbrukar og kjøpmann, og dertil Harald Bakke, soknepresten i bygda. Brandser var hovudmann bak underskriftsaksjonen i 1925. Sokneprest Bakke skapte sterk røre da han frå preikestolen kom med eit utfall mot tre landsmålstilhengarar i skulestyret. Han meinte at dei hadde vanvyrda hyrdeembetet, og alle visste at det hadde med målstriden å gjere. Agronom, gardbrukar og underoffiser Rasmus Forberg stod i front for riksmålet i Holmork-krinsen.

Partipolitiske skiljelinjer?

Når det gjeld dei partipolitiske skiljelinjene i språkpolitikken, er biletet samansett. Venstrepartiet i bygda var rett nok nokså eintydig for landsmålet, og dei tre ordførarane frå dette partiet i den aktuelle perioden (O. Aanstad, K.Skaare og O.Øygard) stod alle på landsmålslinja. I leiinga for riksmålssaka var det derimot nokså eintydig bondeparti- og høgredominans. Men ein skal da ha i minne til dømes det faktum at bondepartiagitatoren framfor nokon i 1920-åra, Gudbrand Skjaak, var landsmålskrivande og entusiastisk norskdomsforkjempar, kanskje særleg under «fyrste etappen» i den lokale målstriden. I 1909 skriv han til dømes eit begeistra referat frå eit foredrag for målsaka som lærar Hans B. Osnes hadde halde i Skjåk. Skjaak skriv mellom anna: «Siste luten av talen var noko so godt, so gripande, at eg snaudt har høyrt maken […] Eg har høyrt sjølve Bjørnson desmeir, men neimen um han kunde faa det so hjartevarmt paa sin stive riks, lel.»[13] På nasjonal basis gjekk partiet til Gudbrand Skjaak, Bondepartiet, i 1920-åra inn for ei langsiktig samanføring av dei to skriftmåla.

I spissen for målsaka i Skjåk fann du jamsides venstrefolka kommunisten Kristian G. Wågen, som ved sida av å vere lærar og kyrkjesongar var ein frontfigur for den nystarta sosialistiske rørsla i bygda. (Arbeidarpartiet i Skjåk følgde i nokre år NKP etter partisplittinga i 1923.) Også Th. Eggum var sosialist og skulle bli varaordførar i det fyrste arbeidarstyret i bygda frå 1935. Men på den andre sida fann du Ola O. Kjørren og mange andre namn frå den sosialistiske leiren jamsides bondepartifolk på underskriftslistene for riksmålet.

Målsaka - klassekamp og folkereising?

Jamvel sentralleiinga i NKP kan seiast å ha gripe inn i denne striden som tydeleg splitta lokallaga i Skjåk og Nordberg. I april 1925 skriv Olav Scheflo i Arbeideren, kommunistavisa på Hamar, eit innlegg under overskrifta «Vaart parti og maalstriden». Han refererer til ein ikkje nærare namngjeven partifelle i Gudbrandsdalen som hadde vendt seg til han og fortalt korleis «en del kamerater» hadde engasjert seg for riksmålet mot landsmålet i skulestriden.[14] Om vi ikkje kan vite det sikkert, er det nærliggjande å tru at han som hadde vendt seg til Scheflo var K.G.Wågen, og at striden var den som nett da gjekk føre seg i Skjåk. I alle høve var Wågen var ein ivrig bidragsytar til og abonnentsankar for Arbeideren, og han kjende Scheflo personleg.[15] Hausten før hadde Scheflo halde foredrag i Skjåk, i forsamlingshuset Nordheim.[16] I innlegget i Arbeideren gjer Scheflo greie for at partiet ikkje har rokke å utarbeide noko språkpolitisk program. Men i praksis har partiet alltid stilt seg på landsmålets side, skriv Scheflo. Dei kan ikkje som sosialdemokratane (DNA) stille seg nøytrale i «en kamp, som vitterlig er en politisk kamp altsaa et stykke klassekamp.» Partiet kan ikkje stille seg saman med storborgarskapet «som i maalstriden er representert av Riksmaalsforbundet». Landsmåltilhengarar kunne rett nok vere litt av kvart, men «vi kan ikke ta hensyn til at mange maalfolk er chauvinister og kommunistætere. Vi maa holde oss det faktum for øie, at maalreisningen er en folkereisning.»

Så Scheflo, Komintern-representant og redaktør for NKPs hovudorgan, konkluderte med følgjande rettleiing: «Se til aa bli enig om en maalvenlig politikk, avpasset efter forholdene i distriktet. Og kan dere ikke bli enig paa annen maate, saa ta saken op til drøftelse sammen med centralstyret.»

Apropos klassekampperspektivet: Ikkje berre partipolitisk, men også sosialt gjekk skiljelinjene i språkstriden i Skjåk på kryss og tvers. Beste kjeldene til å vurdere dette er dei omtala underskriftslistene. På desse listene var det mange av alle klasser frå solide bønder over småbrukarar til reine arbeidarar. Det er tenkjeleg at landsmålssida sosialt sett var meir einsarta. Den tanken byggjer på at det lokale Venstre (Radikale folkeparti), der ein altså fann dei ivrigaste og fleste agitatorane for landsmålet, nokså eintydig hadde tilslutning frå småbrukarar og mindre gardbrukarar. Det er eit ope spørsmål kor mange frå det reinare proletariatet kommunistleiaren og landsmålagitatoren K.G.Wågen faktisk hadde med seg i dette spørsmålet.

Galleri: nynorsktilhengarar

Galleri: riksmålstilhengarar

Referansar

  1. Opplysningar frå krinsprotokollen for Øygard, i notat frå Stein Grjotheim «Skulehistorie Øygard skule», august 2011.
  2. Svend Aaboens dagbok 26.2.1916. Opplysningane om skulemålet i sentralskuleperioden 1916-1919 er noko uvisse.
  3. Norsk målreising.
  4. Svend Aaboens dagbok 14.4.1920. Kopi i bygdebokarkivet.
  5. Skjåk kommunearkiv, skulestyrets saksdokument 1925: Brev frå skulestyret til skuledirektøren19.5.1925
  6. Skjåk kommunearkiv, skulestyrets saksdokument 1925: Brev frå skuledirektøren til Skjåk skulestyre 30. august 1925.
  7. KAS: Heradstyreprotokollen sak 245/1923.
  8. KAS: Heradstyreprotokollen sak 45/1927.
  9. KAS: Heradstyreprotokollen sak 72/1927.
  10. Skjåk kyrkje... side 171, Nordberg kyrkje... side 67
  11. Her referert etter Norsk målreising.
  12. Ivar Øygard i samtale med Hans P. Hosar 1990.
  13. Avisklipp, datert 23.3.1909, i G. Skjaaks privatarkiv. Det framgår ikkje kva avis det er henta frå.
  14. Arbeideren og Gudbrandsdalens Arbeiderblad, 14. april 1925.
  15. Hosar, H.P. 1991 side 89. Munnleg opplysning til H.P.Hosar 1990 frå tilsett ved Arbeiderbevegelsens arkiv i Oslo, Kåre Auale, som refererte til Inge Scheflo om venskapen mellom faren Olav Scheflo og lærar Wågen.
  16. Dagboka til Svend Aaboen, tysdag 16.9.1924. Kopi i bygdebokarkievet.

Kjelder og litteratur

  • Arbeideren og Gudbrandsdalens Arbeiderblad, Hamar.
  • Gudbrandsdølen, Lillehammer.
  • Hosar, Hans P.: «Klasse, grend, kjønn? Danning av delkulturar blant bygdefolket i Skjåk 1800-1940» i Bygdesamfunnet - en sammensatt helhet. Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo 1991.
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok band 3. Historia 1798-1914. Skjåk kommune 1998.
  • KAS: Kommunearkivet i Skjåk. Møteprotokollar for kommunestyret, saks- og korrespondansearkiv for skulestyret.
  • Laagen, Lillehammer.
  • Nordberg kyrkje 100 år. Red.: Mathias Bruheim. Utgjevar: Nordberg sokneråd 1964.
  • Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195.. Handskriven protokoll av Peder Hovdan, nå i Arkiv for norsk målreising, Ivar Aasen-tunet i Ørsta.
  • Skjåk kyrkje 200 år. Red.: Mathias Bruheim. Utgjevar: Skjåk sokneråd 1952.


  Språkskiftet til nynorsk i Skjåk er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.