Trollstua (Aure)

Trollstua er ei sjølvbetjent turisthytte på Tustna i Aure kommune. Kristiansund og Nordmøre Turistforening er eigar av hytta, som er den fyrste på fjordruta som startar i Kristiansund. Ho ligg om lag ein og ein halv times gange frå Tømmervåg og fem timar frå Gullsteinvollen.

Trollstua.
Foto: Olve Utne (2009).

Det er ni vanlege sengeplassar, to soveplassar i stua og plass til fleire på hemsen om det er naudsynt. Hytta er låst med Den Norske Turistforening sin standardnøkkel.

Til hytta høyrar eit naust ved Bjørnavatnet, der det er robåt og to kanoar.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 63.15944° N 8.02046° Ø