Aure kommune

Aure er ein av dei elleve kommunane på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg nordaust på Nordmøre og grensar til Smøla over Edøyfjorden i nord, til Hitra over Trondheimsleia i nordaust, til Hemne over land i aust, til Halsa og Tingvoll over Vinjefjorden i sør, og til Kristiansund over Talgsjøen i vest. Saman med Smøla utgjer kommunen distriktet Nordre Nordmøre. Regionsmessig sett ligg kommunen i brytningsområdet mellom Nordmøre, Fosen og Orkdalen. Lokalavisene er Nordvestnytt (Smøla/Aure) og Søvesten (Aure/Hemne). Dei mest lesne regionalavisene er Tidens Krav (Kristiansund) og Adresseavisen (Trondheim).

Aure
1576 Aure komm 2006-.png
Basisdata
Kommunenummer 1576
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Aure
Areal 641.37  km²
Areal land 622.24  km²
Areal vann 19.13  km²
Folketall 3 593 (2018)
Grunnlagt 1837
Sammenslåing(er) 1965: Del av Valsøyfjord innlemma
Fradeling(er) 1894: Valsøyfjord eigen kommune
Målform Nøytral
Nettside Nettside
Imarsundbrua.
Foto: Olve Utne

Det har vore fleire justeringar av kommunegrensene. Fram til 1964 var kjerneområdet av det som i dag utgjer Aure tre kommunar — Tustna, Aure og Stemshaug. Stemshaug vart ihopslegen med Aure i 1965, og samtidig vart vestsida av Ertvågsøya overført frå Tustna til Aure. Samtidig vart innersida av Ertvågsøya, som hittil hadde hørt til Valsøyfjord kommune, lagt til Aure. Engdal og Rodal sørom Vinjefjorden, som låg under Aure fram til 1974, vart overført til Halsa i 1975. Tustna vart ihopslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.

Tjeldbergodden industrianlegg vart bygd av Statoil i 1990-åra. Før utbygginga vart det utført arkeologiske utgravingar, der ein gjorde funn frå Fosnakulturen frå yngre steinalder.

Nyhavn gassterminal tek imot gass frå Ormen Langefeltet.

Litteratur


Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!