Foto av Ola Bergfall, truleg frå 1920-talet Foto: Ukjend
Ola Ingvald Larsson Bergfall (Bergfald) (1896-1928) var ein gardbrukar og fråhaldsmann frå Bergfall på Ertvågsøya i Aure kommune. Han studerte ved Nordmøre fylkesskule på Bremsnes i Averøy.
Bergfall var ein sentral person i Aure fråhaldslag, som var eit lokallag av Det Norske Totalavholdsselskap. Elles var han leiar av Bergfall songkor (på folkemunne kalla "Skrekkje" eller "Bergfallskrekkje").
Aure fråhaldslag æra Ola L. Bergfall med ein minnestein, etter at han døydde av lungebetennelse berre 32 år gamal. Ola L. Bergfall engasjerte seg sterkt i arbeidet som Aure fråhaldslag dreiv. Innsatsen hans vart sett stor pris på, han vart mellom anna omtala som ein av fleire "kjende og dugande menn i avhaldsarbeidet på Nordmøre". Og i 1929, året etter at Bergfall gjekk bort, vart det halde fylkesstemne for Nordmøre fylke av DNT på Aure. Her vart minnet etter Bergfall og fleire andre personar heidra. Blant anna deltok Ole E. Flovik, sokneprest i Aure frå 1922 til 1936, med ein minnetale om Bergfall. Les mer …
Kjerkjesteinen ved Solskjel. Foto: Olve Utne
Kjerkjesteinen (uttale /"çerʰçestɛ:’n/ ( nominativ/ akkusativ), /"çerʰçestɛ:na/ ( dativ)) er ein stor stein som ligg 90 meter nordom tunet på Solskjel, ved sørenden av ei opa slette, på Solskjelsøya i Aure kommune på Nordmøre. Tradisjonen seier at det var brukeleg å kvile der og skifte om til kyrkjeklede på veg ut mot Hamna (620 meter nordafor), der dei gikk ombord i båtane og tok seg over Edøyfjorden, ei fjordkryssing på 2,68 nautiske mil (4,96 km), til Edøykyrkja i eldre tid. I nyare tid har vestenden av steinen vorte bortsprengt for å gje meir plass til vegen, men størsteparten står enda på plass. Les mer …
|