Daniel Hagerup

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. nov. 2007 kl. 20:56 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: '''Daniel Hagerup''' (18761955) var ein treskjerar og bildehoggar frå SmølaNordmøre. == Liv == Daniel vart fødd den 24. mars 1876 i [[Grøn...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Daniel Hagerup (18761955) var ein treskjerar og bildehoggar frå SmølaNordmøre.

Liv

Daniel vart fødd den 24. mars 1876 i GrønvikaSmøla som nummer fire av fem born av gardbrukar og smed Eilert Hagerup Eriksen Nastad og Guri Severine Danielsdt. Kulø. Han gifta seg med Anna G. Øvrevik (f. 20. april 1878 (el. 1879?)) frå Innersetra på Tustna. Dei budde på Sjåheim under Gullstein på Tustna i perioden 19181937. Seinare flytta familien til SykkylvenSunnmøre etter invitasjon av møbelfabrikant Bernhard R. Tynes. Anna dødde der i 1955. Daniel Hagerup dødde òg i Sykkylven den 12. februar 1955.

Gravsteinen over Guttorm Hagerup på kyrkjegarden ved Gullstein kyrkje.

Daniel og Anna hadde ni born:

  1. Gudrun Hagerup, f. 4. mars 1904. Ho vart gift med Halvard Halsbog, og dei budde i Halsbogen under Hals på Tustna.
  2. Ågot Hagerup, f. 21. september 1905. Ho vart gift med Arne Sollid (f. 1906) frå Halsa.
  3. Johanne Hagerup, f. 27. februar 1907. Ho vart gift med Ingebrigt E. Megaard (f. 1906) frå Halsa, og dei busette seg på Solstad under Hargaut i Nesset.
  4. Hedvig Hagerup, f. 24. februar 1908. Ho vart gift med Arne Gilde (f. i Trondheim), og dei busette seg i Oslo.
  5. Bergliot Hagerup, f. 21. mai 1911. Ho vart gift med Arne Storvik frå Smøla, og dei busette seg der.
  6. Eva Hagerup, f. 2. oktober 1913. Ho busette seg i Oslo.
  7. Guttorm Hagerup, f. 1. desember 1914. Han dødde knapt 21 år gammal den 17. november 1935 og vart gravlagt ved Gullstein kyrkje. Gravsteinen hans inneheld eit relieff av honom som faren hadde laga.
  8. Rakel Hagerup, f. 16. oktober 1916. Ho busette seg i Oslo.
  9. Dagmar Hagerup, f. 13. desember 1917. Ho gifta seg med Ragnvald Hovland frå Øystese, og dei busette seg der.

Verk

Daniel Hagerup utsmykka den tidlegare kyrkja i Sykkylven med treskjering. Denne kyrkja brann den 2. februar 1983. Han måla òg altartavla i Brattvær kyrkjeSmøla.

Han vart involvert i møbelproduksjon etter at Bernhard R. Tynes inviterte honom til møbelfabrikken sin i Sykkylven.

Kjelder