Folkemusikk på Nordmøre

Sideversjon per 9. jul. 2015 kl. 19:53 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>{{thumb|Ou1996 samling paa hotellet paa Skei i Surnadal.jpg|Samling kring bordet på hotellet på Skei (Surnadal): Vi ser bl.a. felespelmannen John Røen (med svart...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Folkemusikken på Nordmøre heng naturleg nok i hop med folkemusikken i nabodistrikta. På Nordre Nordmøre så vel som Tingvoll og i Surnadalen og Rindalen var nok sambandet sterkast mot Trøndelag. Sunndalen står i ei mellomstilling mellom Oppdal, Nord-Gudbrandsdalen og Romsdal. Søndre Nordmøre har ein del drag i retning Romsdal. I tillegg til vokalmusikken har det tradisjonelt vore mykje bruk av tyskfɛ'l (flatfele), kḷanét (klarinett) og trommo (trommer), og frå 1800-talet av, zither, trekkspel, gitar og andre instrument det var greitt å få tak i.

Samling kring bordet på hotellet på Skei: Vi ser bl.a. felespelmannen John Røen (med svart vest; Stangvik), polsdansarane Ragna og Anders Ansnes (med nordmørsbunad; Todalen) og visesongaren Kolbjørn Botten (i blågrønn blazer; Valsøyfjord).
Foto: Olve Utne (1996).