Forside:Innherred

Sideversjon per 1. sep. 2008 kl. 21:52 av Olve Utne (samtale | bidrag) (s)
Kart over Midt-Noreg med Innheradskommunane markert i raudt.
Innherad nynorsk eller Innherred (bokmål) (preposisjon: « Innh.») er eit landskap og ein region i Trøndelag fylke. Området har ikkje nokon eigen administrasjon, men interkommunalt samarbeid finst og er under utvikling. Kommunesamanslåingar blir stadig diskutert. Uttaleforma i dag er litterær; namnet tyder opprinneleg ‘dei indre herada’. Innherad har til saman 68 294 innbyggjarar (1. juli 2007) og 4 895 km², fordelt på dei sju kommunane Frosta, Levanger, Verdal, Inderøy, Steinkjer, Verran og Leksvik. Innherad grensar til Stjørdalen, Fosen, Namdalen og Jämtland. Dei 3 byane i distriktet er Steinkjer, Levanger og Verdalsøra.