Forside:Kystkultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om portalen
Mina Testmann Christiansund 1815.jpg
Forside:Kystkultur/Om portalen


Smakebiter fra artikler
Karstein Oddmund Vik med studentlue.
Foto: Ukjent
Karstein Oddmund Vik (fødd 24. oktober 1919, død 26. desember 2003) var ein arkitekt og oppdrettspioner frå Sykkylven. Etter framhaldsskule og middelskule på Sjøholt og i Volda byrja han på toårig gymnas på Nordfjordeid. Han bestemte seg tidleg for at han ville bli arkitekt, sjølv om det var få som den gongen visste kva ein arkitekt var. Det var smått med midlar i heimen, men foreldra, Klaus og Anna Vik, hjelpte til som best dei kunne. Med lån og eige inntektsbringande arbeid gjennomførte han arkitektstudiet ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim. I 1942 tok han eit opphald i studiet og reiste tilbake til Sykkylven. Her kom han i gang med ein armaturfabrikk, INO, saman med slektningen Haldor Vik. I 1943 vart han gift med Borgny Liv Digernes frå Ørsta. Med dottera Anita, som vart fødd i 1945, reiste dei til Trondheim i 1947 så han kunne fullføre arkitektutdanninga. Møbelprodusenten Jens E. Ekornes i Sykkylven gav han i oppdrag å teikne fabrikk på Ikornnes, og med dette arbeidet og nokre andre mindre jobbar finansierte han siste del av studiet.   Les mer…

Mal:Portal sisteteaser B