Holsdagen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. okt. 2019 kl. 11:11 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Holsdagen er eit kulturarrangement som går føre seg på Hol bygdemuseum, Hallingdal, kvar sumar i månadsskiftet juli-august. Det var turistsjef Ulf Kløve (fødd 1931) som hadde ideen til dagen som starta i 1957 og allereie fyrste året samla nær 500 deltakarar. Arrangementet startar med gudsteneste i Hol gamle kyrkje. Derifrå går eit brurefølgje langs Holsfjorden og til museet, der ein feirar bryllaup på gamlemåten med dans, musikk, servering av småmat og lefsekling - og ikkje minst øl frå fat. Publikum kan også oppleve skodespel. I kveldinga går brurefølgjet vidare opp Kvislastigningen og til Geilo.

Holsdagen 1959

Kjelder og litteratur