Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artikleneRegjeringa (formelt Noregs Statsråd) er øvste utøvande myndigheit i Noreg, med ansvar for å setje i verk vedtak frå og foreslå saker for Stortinget. Statsministeren leiar regjeringa, og kvart departement leiast av ein statsråd. Grunnloven omtalar statsminister, men bruker elles nemninga statsråd om minister (eller medlem av statsrådet). Den statsråden som leiar Utanriksdepartementet, blir kalla utanriksminister. Statsråd er den tradisjonelle nemninga på ein regjeringsmedlem som ikkje er statsminister eller utanriksminister. Nemninga nyttast synonymt med minister, og vart innført ved kongelig resolusjon av 19. mai 1814. Nemninga statssekretær vart nytta fram til 1926 om statsrådssekretæren, statsrådets sekretær som møtte i statsrådet, ein stilling som forsvant 1969 då denne funksjonen vart overtatt av Statsministerens kontor. Etter Grunnloven ligg den utøvande makta hos kongen (eller regjerande dronning), og monarken eller tronarving skal derfor ta del i regjeringa sine plenumsmøte – på papiret er det «Kongen i statsråd» som styrer landet, men sidan parlamentarismen blei innført i 1884, har monarken berre ein symbolsk funksjon. Les mer …John Martin Tekseth (født 9. januar 1891 i Beitstad i Nord-Trøndelag, død 27. september 1964) var sønn av Staal Petersen Tekseth (1842-1925) og hustru Cecilie Sofie (1848-1932) og ble bonde på Tekseth (Tekset) i Beitstad, men er kanskje best kjent som takstmann i det som i hans «svenns»-tid ble benevnt Lømsen hestekasse. I tillegg bemerket han seg både som en habil skytter og jeger, samt at han engasjerte seg sterkt i bygdas hesteavlslag. Det er gode grunner til å anta at John arvet sin store interesse for hest fra faren Staal, som allerede i 1898 påtok seg vervet som takstmann i det som fra 1874 var kjent som Kvam sogns hesteforsikringsselskab, og som fra 1902 ble til «Lømsen hestekasse». Les mer … «Sølvskatten 1816» er den vanlege nemninga for tvungne innskot som vart utlikna på landets formuer til eit grunnfond for den nyskipa Norges Bank. Det var trass namnet altså ikkje ein skatt. Innskota skulle gjerast i sølv eller gull, utmynta eller ikkje. Frå fyrst av var håpet at det skulle greie seg med frivillig teikning, men det måtte raskt gjevast opp. Inndrivinga var heimla i lov av 14. juni 1816 (stortingsvedtak 20. mai). På same dag (14. juni, stortingsvedtak 14. mai) kom også ei lov om ein ekstraordinær formues- og næringsskatt med same utlikningsgrunnlaget som bankinnskota. Nemninga «sølvskatt» som festa seg ved det tvungne grunnfondinndrivinga, har truleg bakgrunn i at ein ikkje har skilt klårt mellom dei to nært sambundne pålegga. Båe delar var i alle høve lekkar i det komplekset av tiltak som Stortinget meinte måtte til for å få reetablert eit stabilt finans- og pengevesen etter 1814. Sølvskatten og formuesskatten var forutsette i lova om pengevesenet som kom på same dato (14. juni, stortingsvedtak 9. april), og som mellom anna oppretta Norges Bank. Ordninga av pengevesenet var politisk komplisert og skapte sterke kontroversar. Sølvskatten og formuesskatten var hovudårsaka til bondeaksjonane på Austlandet i 1818 under leiing av Halvor Hoel. Les mer … |
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 430 artikler og 210 425 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. Les mer...
|