Lokalhistoriewiki:Hovedside

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. aug. 2018 kl. 12:39 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (omformulering)
Hopp til navigering Hopp til søk

Månedens dugnad

Mal:Månedens dugnad 2024-05

Sjekk ut på Lokalhistoriewiki

Fastelavnsris som lages på dugnad av en sanitetsforening på Strømmen, Skedsmo.
Foto: Per Klevan, 2004.


Smakebiter fra artiklene

Hermann Fischer.
Herman(n) Fischer (født 1. januar 1893 i Litauen, død 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein forretningsmann, cellist, målmann og sjakkspelar i Kristiansund. Han tok over forretninga Beklædningsmagasinet Fix etter faren i 1914 og dreiv ho med eit kortare avbrott fram til tidleg i 1940-åra. Han var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og leiar av orkesteret. Hermann Fischer vart fødd den 1. januar 1893 i Leckava (jiddisch Latskeve) i Litauen som den eldste av åtte born av foreldra Dina f. Bekker (f. 1872 i Leckava; d. 1943 i Auschwitz) og Abraham Fischer (1867–1942). Han vaks opp hovudsakleg i Trondheim, der familien hadde busett seg midt i 1890-åra — den første tida i Nedre Møllenberg gade 36B (Folket. 1900), og seinare i Krambodgate 15 (Folket. 1910) og Innherredsvn. 27. Hermann gikk på 7-årig folkeskule ved Bispehaugens folkeskole i Trondheim, og deretter utdanna han seg ved K. Solbergs handelsskole. Han må nok òg ha fått god opplæring i cello som vi ser av rolla hans i Kristiansund Symfoniorkester, men vi veit ikkje enno kven læraren hans var. Han gifta seg med Gusta Berman i Trondheim den 19. september 1915.   Les mer …

Forretningsgården i 2001.
Hus no. 12 i Vestfossen er en eiendom og forretningsgård i sentrum av Vestfossen i Øvre Eiker. Den kalles også Halvorsethgården etter landhandler Christen Halvorseth, som var eier fra 1900, eller Røgeberggården etter Peder G. Røgeberg, som var eier fra 1929. Eierne er kjent tilbake til slutten av 1700-tallet, da eiendommen var et småbruk i utkanten av tettbebyggelsen i Vestfossen. I dag ligger eiendommen på hjørnet av Storgata og Støabakken, og den nåværende adressen er Storgata 27-33 og Støabakken 7. Bygningen som står der i dag, er en forretningsgård i mur, med leilighet i 2. etasje og forretningslokaler i 1. etasje. Her har det opp gjennom årene blant annet vært kolonialforretning, bakeri, klesforretning, byggevarehandel, farvehandel, blomsterforretning, frisør og fotpleie.   Les mer …

Minnestøtte over Håvard reist ved RV 9 på Helle.
Foto: Siri Johannessen (2016)

Håvard Hedde (Håvard Folkesson Helle, fødd 1758Helle, død 1802 i Bygland) var ein omstreifar frå Setesdal og er kjend frå songen «Eg heiter Håvard Hedde». Han opplevde mangt i livet, og det er mange myter om han. I songen om Håvard Hedde vert det sagt at han «reiste ifrå Lanjei, og då var jenta fest». Han var med andre ord ulukkeleg forelska. I Bygland gard og ætt vert det sagt at det må ha vore Birgit Halvorsdotter han var ute etter. Ho budde på Sordal då Håvard døydde, og då songen seier at han drukna på veg til gamlekjærasten verker det rett. Langeid er også nemnt i songen, og Birgits far budde på den garden då ho vart født utanfor ekteskap i 1771. Men kjeldene viser at ho nok ikkje har budd der. Faren hennar døydde i 1776, og det er ingen fleire kjelder som plasserer henne på Langeid. Ho vaks nok opp på Tveit, der mora Liv Osmundsdotter budde. Birgit budde der i 1800, då ho gifta seg. Mykje tyder på at det ikkje kan ha vore Birgit han fridde til.

Meir sannsynleg er det – om songen har rett i at han fridde og vart avvist – at det var Anne Knutsdotter Langeid, som i januar 1786 vart trulova med Aslak Olsson Frøysnes   Les mer …

Ukas artikkel

Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2024-18

Ukas bilde

Mal:Utvalgt bilde 2024-18

Om lokalhistoriewiki.no

Lokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 430 artikler og 210 425 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI.

Les mer...